Skape orden av kaos

Kvifor er dag og natt delt i 12 timar, og kvar time i 60 minutt? Kven har eigentleg bestemt kor lang ein meter er? Kvifor er det så viktig å kunne vege ting nøyaktig – og kvifor seier vi at det er nøkkelen til økonomisk suksess? Kvifor er tid pengar?

Måling er eit menneskeleg behov. Det moderne livet vårt blir drive av nøyaktigheit. Måla har teke oss til månen og delt atomet. Vi måler verda fordi det er ein måte å forstå verda på. Det er å skape orden av kaos.

Til saman er det sju “gylne” einingar vi brukar: masse/vekt, avstand/lengd, tid, temperatur, lysstyrke, elektrisk straum og stoffmengde. Fleire av dei heng tett saman med kvarandre. Vekt og avstand har mykje til felles. Det same har elektrisk straum og lysstyrke.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av en snekker som bruker målebånd og blyant for å måle en planke.
Nærbilde av en snekker som bruker målebånd og blyant for å måle en planke.

Å vege ting nøyaktig er ofte heilt avgjerande

Dei første menneska skaffa seg det dei sjølve trong, gjennom jakt, fisking og sanking. Dei var nomadar som flytta rundt. Då befolkninga auka, og folk vart meir bufaste, vart det behov for eit system der ein kunne byte varer med kvarandre.

Då måtte ein få eit rettferdig system som gjorde at ein kunne samanlikne ulike varer med kvarandre. Dette behovet førte til utviklinga av vektstandardar.

På slutten av 1200-talet var det mange vekter rundt om i verda. Alle var baserte på vekta av korn. Utfordringa var å standardisere vektmåla.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!