Skogar i fare

Kvart minutt forsvinn fleire fotballbanar med regnskog for at vi skal få billige møblar og palmeolje og eta billig oksekjøt.

Avskoging

Avskoging har alvorlege konsekvensar for jorda, og både lokalt og globalt klima endrar seg veldig. Overfløymingar vert stadig meir vanleg, og tusenvis av dyre- og planteartar døyr ut. Det er mange årsaker til desse øydeleggingane, men tømmerhogst og kvegdrift er dei viktigaste.

Tømmerhogst er den systematiske hogginga av tre som ein brukar for å skaffa mahogni, teak, sedertre, merbau og andre verdifulle tresortar. Desse brukar vi for å laga møblar, båtar og fine golv til terrassen. Miljøvernarar har rekna ut at 75 prosent av regnskogane i verda er utrydda eller øydelagde av tømmerhogst.

Kvegdrifta et seg også innover i regnskogane, og områda som er utsette for flaum vert stadig større. Årsaka til dette er at når bøndene høgg ned tre for å skaffa beiteområde til dyra sine, fjernar dei samtidig den svampeeffekten som regnskogen sørgjer for. I staden for å trekkja til seg den store mengda regn og ganske enkelt fordela ho, vert dei nyhogde områda fløymde over, før vatnet renn ned i nærliggjande elver, som følgeleg går ut over sine bredder.

Det stadig minkande talet på tre har innverknad på både det lokale og det globale klimaet. Kvar gong ein del av regnskogen går tapt, vil produksjonen av oksygen gjennom fotosyntese verta mindre på området. Fotosyntese tyder at plantane produserer si eiga næring ved hjelp av sollys, vatn og karbondioksid. Opptaket av drivhusgassar hos plantane vert mindre, akkurat som overskotslageret av karbon, som vert produsert under regnskogen. Karbon er ei viktig energikjelde som bidreg til den framtidige velferda til jorda.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Visste du at …

… cirka 17 prosent av regnskogen i Amazonas har vorte borte dei siste 50 åra? Det meste av området som er rydda, vert brukt til kvegdrift.

… regnskogen i Amazonas produserer 20 prosent av oksygenet i verda?

… ei gong var det 15 millionar kvadratkilometer tropisk regnskog i verda? På grunn av avskoging er det no berre 6 millionar kvadratkilometer igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS
  • Hjermann, Dag Øysteintemperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog