Skogar i fare

Kvart minutt forsvinn fleire fotballbanar med regnskog for at vi skal få billige møblar og palmeolje og eta billig oksekjøt.

Avskoging

Avskoging har alvorlege konsekvensar for jorda, og klimaet på heile kloden endrar seg veldig. Overfløymingar vert stadig meir vanleg, og tusenvis av dyre- og planteartar døyr ut. Det er mange årsaker til desse øydeleggingane, men tømmerhogst og kvegdrift er dei viktigaste.

Tømmerhogst er hogginga av tre som ein brukar for å skaffa mahogni, teak, sedertre, merbau og andre verdifulle tresortar. Desse brukar vi for å laga møblar, båtar og fine golv til terrassen. Miljøvernarar har rekna ut at 75 prosent av regnskogane i verda er utrydda eller øydelagt av tømmerhogst.

Kvegdrifta et seg også innover i regnskogane, og områda som er utsette for flaum, vert stadig større. Årsaka til dette er at når bøndene høgg ned tre for å skaffa beiteområde til dyra sine, fjernar dei samtidig den svampeeffekten regnskogen sørgjer for. I staden for å trekkja til seg den store mengda regn og ganske enkelt fordela ho, vert dei nyhogde områda fløymde over. Vatnet renn ned i nærliggjande elver, som så ofte går ut over sine bredder.

Når det vert færre tre i regnskogen, verkar det inn på både klimaet i regnskogen og overalt elles på jorda. Vi treng noko som heiter fotosyntese for å laga oksygen, og fotosyntesen skjer blant anna i regnskogen. Plantane «pustar» på ein måte inn karbondioksid og skapar samstundes oksygen som vi menneske kan pusta inn. Utan oksygen kan vi ikkje pusta – og difor treng vi fotosyntese.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Visste du at …

… cirka 17 prosent av regnskogen i Amazonas har vorte borte dei siste 50 åra? Det meste av området som er rydda, vert brukt til kvegdrift.

… regnskogen i Amazonas produserer 20 prosent av oksygenet i verda?

… ei gong var det 15 millionar kvadratkilometer tropisk regnskog i verda? På grunn av avskoging er det no berre 6 millionar kvadratkilometer att.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS
  • Hjermann, Dag Øysteintemperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog