Skrive med eigne ord

Kanskje har du opplevd å få oppgåver der du skal skrive "med eigne ord"? Men kva betyr det eigentleg, og kvifor skal du det? Kva er poenget, liksom?

Accessibility icon Skrive med eigne ord

Skrive med eigne ord

Har du fått ei skuleoppgåve der du skal skrive “med eigne ord”? Kva betyr eigentleg det? Kva er poenget med å gjere det, liksom

Ung jente sitter på senga med en notatblokk i fanget og tenker med en blyant i munnen.
Ung jente sitter på senga med en notatblokk i fanget og tenker med en blyant i munnen.

Du skal vise at du forstår fagstoffet

Å skrive med eigne ord betyr å forklare korleis du forstår det du har lese eller høyrt. Ikkje berre gjengi det ordrett. Det er ikkje nok å berre endre rekkefølgje på ord eller byte om litt på setningane.

Å skrive med eigne ord betyr at du skriv om andre sine tekstar. Du tolkar innhaldet på din måte, og brukar kanskje andre ord og måtar å byggje opp setningar på. Når du «skriv med eigne ord», viser du forståinga di og ferdigheitene dine.

Når du viser kunnskapen slik, kan læraren lettare gi deg vurdering og hjelpe deg med vidare utvikling. Det støttar deg til å sjå eigen progresjon, og korleis du har utvikla kunnskap og ferdigheiter over tid. Du gjer fagstoffet til “ditt eige” når du skriv med eigne ord. Då kan det vere lettare å førebu seg til prøver og eksamen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt sitter på en stabel med bøker og tegner på en vegg samtidig som han ser på sin laptop.
Ung gutt sitter på en stabel med bøker og tegner på en vegg samtidig som han ser på sin laptop.

Di eiga forståing er viktig!

På skulen skal du vurderast for det DU kan og veit, og ikkje for andres kunnskap. Derfor skal alle som les teksten din, enkelt forstå forskjellen på dine eigne og andres tankar og idear. Du skal kunne vise kva og kor mykje du har lært, og korleis du klarer å bruke det.

Viss du i teksten berre gjengir kva andre kan og veit – utan å oppgi kjelder – kan det bety at:

  • du kan fagstoffet, men er usikker på formuleringa.
  • du ikkje synest det er nokon vits i å skrive på din eigen måte, for nokon andre har jo skrive det så godt likevel.
  • du tar ein snarveg, for du trur at ingen oppdagar det uansett.

Det gjer det vanskeleg for den som skal vurdere teksten, å vite kva som gjeld for deg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En elev får tilbakemelding på en skriftlig oppgave av en lærer.
En elev får tilbakemelding på en skriftlig oppgave av en lærer.

Kva er plagiering?

Plagiering er når ein brukar, eller tar æra for, andre sitt arbeid og utgir det for å vere sitt eige. Nokre plagiat er nokså opplagte, medan andre kan vere vanskelegare å sjå. Dei neste sidene vil vise døme på plagiering.

Plagiering er Å…

kopiere setningar og avsnitt funne i andre sitt arbeid utan å oppgi kjelde.

kopiere ord for ord.

omformulere ei setning eller eit avsnitt, slik at teksten er nokså lik.

kopiere tekst direkte frå internett utan å oppgi kjelde.

Plagiering er Å…

skrive av ein medelev sine notat.

kopiere bilde, diagram, grafar og liknande utan å fortelje kva kjelda er.

låne data/statistikk og fakta som andre har samla inn, utan å fortelje kva som er kjelda.

bruke sitat frå tekstar, videoar eller frå undervisninga utan å oppgi kjelde – det gjeld òg sjølv om det er eigne notat frå undervisninga, og læraren kjem med eit godt sitat.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann som kopierer noe i en kopimaskin.
Mann som kopierer noe i en kopimaskin.

Kvifor plagierer ein?

Det kan vere mange grunnar til å plagiere innhald. Ofte kan det vere at ein er lite flink til å vise til kjelder, og at det ikkje er eit bevisst forsøk på juks. Samtidig kan plagiering få alvorlige konsekvensar for ein student eller forskar. Det er dermed kjempeviktig å lære seg korleis ein skal jobbe med kjelder!

Studentar som blir tatt i plagiering, får ikkje godkjent oppgåvene sine, og må kanskje bruke lengre tid på å bli ferdig med studiet. I verste fall kan dei bli utestengde frå studiestaden i kortare eller lengre periodar.

Plagiering finst ofte når:
  • ein har fått for dårleg tid på ei oppgåve og “låner” frå andre.
  • ein er redd for å ikkje skrive godt nok, og “låner” frå andre.
  • internett gir riktig svar, og ein brukar dette ordrett.
  • ein kanskje vil stå fram som klokare enn ein er.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Timeglass med turkis sand som står på et tastatur til en laptop.
Timeglass med turkis sand som står på et tastatur til en laptop.

Samarbeid er lov

Samarbeid er viktig. Det kan hjelpe den enkelte når vi lærer saman. Måten ein samarbeider på er viktig:

  • Ein bør ikkje gi kvarandre riktig svar, men hjelpe til med å forstå omgrep og konsept.
  • Ein må finne gode strategiar for å løyse problemet. Det må ikkje bli slik at ein elev gir frå seg heile prosessen til dei andre.
  • Kvar enkelt elev skal svare på oppgåva, sjølv om ein hjelper kvarandre. 
Luftfoto av fem studenter som sitter rundt et bord og samarbeider.
Luftfoto av fem studenter som sitter rundt et bord og samarbeider.

Når skal ein oppgi kjelder?

Du treng ikkje oppgi kjelder viss noko er allment kjent. Men kva betyr det? Det er allment kjent at hovudstaden i Noreg er Oslo, og at summen av vinklane i ein trekant er 180 grader. Du treng ikkje å oppgi kjelde viss du skriv akkurat det.

📷   Rådhuset i Oslo, Noregs hovudstad.

Allmenn kunnskap er noko som er kjent av dei fleste og som er enkelt å sjekke. Men er du i tvil om noko er allment kjent, så bør du setje inn ei kjelde.

Det finst informasjon som kanskje ikkje treng ei kjelde, men ei forklaring. Viss du bruker eit omgrep som “overvekt”, kan det vere mange oppfatningar av kva det er. Då bør du forklare kva du meiner med omgrepet – eller du kan vise til den  definisjonen du ønskjer å formidle.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Oslo rådhus i solnedgang.
Oslo rådhus i solnedgang.

Sitere og referere til kjelder

Vi skal alltid oppgi kjeldene vi har brukt. Det viktigaste her er at det tydeleg blir vist forskjellen på ditt og andre sitt arbeid – og at ein kan finne kjeldene du har brukt.

Du kan sitere direkte – ord for ord – eller referere til kjelda. Referering er når du brukar informasjonen i kjelden(e), men ikkje siterer ordrett. Kjeldeliste er ei oversikt over alt materiell du brukte i oppgåva.

Dei som les teksten din, kan sjekke kjeldelista undervegs viss dei lurer på noko. Har du gode nok kjelder som er til å stole på? Har du referert til kjeldene med eigne ord, eller berre kopiert teksten?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stor gammel bokhylle med mange gamle bøker.
Stor gammel bokhylle med mange gamle bøker.

Direkte sitat

Dersom sitatet er ei setning, kan du bruke henne direkte i teksten. Då set du hermeteikn på begge sider av setninga. Eit døme: Under 2. verdskrig uttalte Churchill at «Storbritannia var sterke».

Brukar du fleire setningar eller heile avsnitt, viser du dette i eige avsnitt, gjerne med innrykk inn i forhold til resten av teksten. Det er valfritt å bruke hermeteikn. Men det er viktig å vise at det er eit sitat og ikkje sjølvskrive.

Ønskjer du å utelate delar av eit sitat, kan du markere med […] for å vise staden som er utelaten i sitatet.

Viser du til nokon andre sitt arbeid, og det ikkje er direkte sitat, set du namnet til forfattaren og årstalet i teksten. Eit døme: Forskar NN (2012) hevdar at…

Du kan òg  bruke fotnote. Eit tal blir sett inn i teksten som fotnote 1 eller i parentes (1). Du viser til forfattar og årstal nederst på sida med dette talet.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.
Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.

Kjeldeliste

I kjeldelista må du vise til forfattar, årstal og publikasjon (bok, blad, nettsted, samtale, TV-program osv.) Du må òg vise til utgivar (eventuelt kva utgåve av bok/blad det gjeld).

Ved internettkjelder blir oppgitt nettadresse og dato for når du såg eller lasta ned informasjonen. Dette er fordi digitale kjelder ofte blir endra.

Åpen laptop med halv åpen bok bak skjermen som et symbol for digitalisering.
Åpen laptop med halv åpen bok bak skjermen som et symbol for digitalisering.

Ulike referansestilar

Når du skriv oppgåver, vil oppsettet for kjeldeinformasjonen variere etter kva for referansestil du brukar. Den mest kjende er kanskje APA.

Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.
Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.

Ei kjelde til eit betre resultat

Legg litt ekstra innsats i arbeidet med kjeldene når du skriv neste gong, det vil du tene på! Den som les teksten din, vil mest sannsynleg gi deg betre vurdering og karakter. Det er eigentleg ikkje så vanskeleg. Det er verdt tida det tar. Og hugs: Kopiere og lime rett inn, det lærer du veldig lite av!

Bena til tenåring går opp en trapp med fargerike trinn.
Bena til tenåring går opp en trapp med fargerike trinn.

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images
  8. Getty Images
  9. Getty Images
  10. Getty Images
  11. Getty Images
  12. Getty Images