
Digital revolusjon
Nokre skular bevegar seg i ei anna retning. Teknologien har fleire stader i verda forandra skuledagen og klasserommet. Ein nærare kikk på dette klasserommet viser at teknologien har endra på noko. Dei handskrivne lappane blir utførte på eit nettbrett med ein stylus-penn, der handskrifta blir konvertert til redigerbar tekst. Tavla er interaktiv, og ho kan mellom anna vise nettsider og videoar som læraren kan styre med sin eigen berbare PC.

Dame ligger med mac i fanget

Læring ved hjelp av Smart brett
Oppdatert kunnskap
Internett er ein verdifull læringsressurs og blir ofte brukt i klasseromma. Det er lenge sidan lærarane måtte setje seg på venteliste for å låne den einaste TV-en og videospelaren på skulen for å sjå ein film om presidentar i Amerika. No kan læraren lettare finne og ta i bruk dagsaktuelle tema for elevane. Slik blir det lettare å inspirere til diskusjonar om oppdatert kunnskap.
Meir interaksjon
Teknologien forandrar ikkje berre arbeidsmetodane til lærarane. Elevane blir oppmoda til meir gruppearbeid og interaksjon (samhandling) med hjelp av teknologiske hjelpemiddel. Læraren blir ein som skal leggje til rette for at læring og utvikling kan skje hos eleven. Då er det ikkje lenger slik at lærarar berre formidlar kunnskap. Dei hjelper også elevane til å finne kunnskapen.

Elever i klasserommet
Virtuelle læringsrom
Snart vil det ikkje vere nødvendig å forlate klasserommet for å dra på museum. VR-briller gir elevane moglegheit til å reise verda rundt, dykke i havet og sveve gjennom rommet. Når denne teknologien blir billigare å kjøpe, kan undervisninga bli meir engasjerande og oppslukande enn nokon gong. Elevane kan besøkje arkeologiske utgravingar i Egypt, og dei kan gjere ei reise gjennom menneskekroppen for å lære om anatomi.

Jente med VR briller
Kjelder:
- Ny vitenskap (2017-1)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
ThinkstockPhotos
-