Skya er ein miljøversting
Er du oppteken av å bruke minst mogleg straum? Det er superbra, men visste du at sosiale medium sluker straum? Alt vi lagrar i skya av bilde, reels og videoar, krev masse straum. Kvifor er det sånn, og kan du gjere noko med det?
Hvite skyer og blå himmel
Ronaldo treng masse straum
Ei av dei største fotballstjernene i verda, Cristiano Ronaldo, har over 200 millionar følgjarar på Instagram. For kvart bilde han legg ut, blir det brukt enormt mykje straum. Faktisk like mykje straum som til å varme opp eit gjennomsnittleg bustadhus i eit heilt år. Korleis er dette mogleg?
Seks blide gutter med gul vest tar selfie i grått vær på en fotballbane.
Kva er
eigentleg skya?
Datasenter med mange store maskiner på rad og rekke.
Glad jente sitter lent inntil et tre og jobber på en laptop.
114 liter i sekundet
I 2019 begynte Google å planleggje bygginga av det største datasenteret i verda i den norske byen Skien. For å kjøle ned senteret vil dei bruke vatn frå Norsjø i Telemark. Dette varme spillvatnet går tilbake til innsjøen – 114 liter i sekundet. Dette vatnet kunne heller vorte brukt til å varme opp 350 000 leilegheiter!
Innsjø med veldig blått vann, grantrær og blå himmel.
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.
En grønn plante vokser opp fra et nettverkskort fra en datamaskin.
Må vi slutte med å
ha det gøy på nettet?
Naturen rundt oss er sårbar for det moderne levesettet vårt. Alt vi gjer, kostar noko for miljøet. Ikkje minst avhengnaden vår av Internett og straum. Vi treng ikkje slutte med å sjå på Netflix eller avinstallere Instagram. Mykje handlar om å avgrense meir enn å overforbruke. Klarer vi det, samtidig som vi slettar alt vi faktisk ikkje treng frå skya, vil vi setje eit noko mindre miljøavtrykk. Det burde jo ikkje vere så vanskeleg, eller?
Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
Getty Images
-
Foto: Chris Deahr
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images