Skya er ein miljøversting

Er du oppteken av å bruke minst mogleg straum? Det er superbra, men visste du at sosiale medium sluker straum? Alt vi lagrar i skya av bilde, reels og videoar, krev masse straum. Kvifor er det sånn, og kan du gjere noko med det?

Hvite skyer og blå himmel
Hvite skyer og blå himmel

Ronaldo treng masse straum

Cristiano Ronaldo er ei av dei største fotballstjernene i verda. Han har over 200 millionar følgjarar på Instagram. Kvar gong han legg ut eit bilde på Instagram, blir det brukt masse straum! Faktisk like mykje straum som til å varme opp eit heilt bustadhus. Korleis er det mogleg?

Christiano Ronaldo i hvit drakt løper på grønn fotballbane.

Lagring av bilde sluker straum

Kvar gong vi knipsar eit bilde, bruker vi  straum og lagringsplass. Og endå meir straum bruker vi når vi lagar ein video. Kvifor det? Ligg ikkje alt berre i skya? Treng vi den straumen?

Det er mange som bruker mobil eller pc, tek bilde og skriv e-postar. For å lagre alt dette trengst  eit datasenter, og det bruker mykje straum. Visste du at det meste som ligg i skya ikkje blir brukt til noko? Det berre ligg der og tek plass.

Alle kan gjere noko med dette straumforbruket. Vi kan rydde opp på mobilen og pc-en, og slette alt vi ikkje treng. Men kva er eigentleg denne skya der alt ligg lagra?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Seks blide gutter med gul vest tar selfie i grått vær på en fotballbane.
Seks blide gutter med gul vest tar selfie i grått vær på en fotballbane.

Kva er
eigentleg skya?

 

Grå sky med et gult lyn under seg.

Har du lese Donald Duck? Han har ofte ei sky hengande over seg. Ho viser kva humør han er i. Skya vi skriv om her, er noko heilt anna. Likevel kan vi tenkje oss at skya heng over oss heile tida. På den måten har vi alltid tilgang til internett.

Mange tenkjer nok at skya berre svevar rundt oss. Men skya er eit felles namn på alle fysiske datasenter som finst. Der blir lagra bilde, e-postar, meldingar og videoar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er eit datasenter?

Kvar gong vi gjer noko digitalt, blir det lagra i eit datasenter. Alle bilde, videoar og meldingar ligg der. Kvar er DER? Vi tenkjer vel berre på at det blir lagra, og tenkjer ikkje heilt KVAR, eigentleg? For å halde datasentera i gang trengst det veldig mykje straum.

I Noreg finst det mange datasenter. Dei kan drifte éin skule, eller ein heil by. Hackarar kan stele informasjon som ligg der. Derfor må datasentera ha topp tryggingsutstyr.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Datasenter med mange store maskiner på rad og rekke.
Datasenter med mange store maskiner på rad og rekke.

Alltid tilgjengeleg

I dag treng du ikkje vere redd for å miste noko du har lagra. Det finst alltid i skya. Du treng ikkje eingong å ha med eigen berbar pc. Du kan berre logge deg på kvar som helst. For nokre år sidan fanst ikkje skya. Då måtte vi lagre direkte på maskina. Kva kunne vere skummelt med det?

Større fridom

Under pandemien i 2020 kunne vi ikkje alltid vere fysisk på skulen. Då vart undervisninga flytta over til digitale løysingar som Teams og Zoom. Utan skya kunne vi ikkje gjort dette. Med tilgang til nettet kan vi jobbe kvar som helst frå.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Glad jente sitter lent inntil et tre og jobber på en laptop.
Glad jente sitter lent inntil et tre og jobber på en laptop.

Skya er miljøversting

Mange tenkjer ikkje på at skya gjer nokon skade. Men databruk kan gjere stor skade på miljøet. Kva skjer eigentleg når du klikkar på eit tastatur eller ein mobil?

Nedlasting av ein film på 4GB bruker mykje straum. Like mykje som ein varmeomn som står på fullt i to timar. Alt vi lastar ned, krev store mengder straum.

Alle datamaskiner blir varme. Då må dei avkjølast med små viftar innebygd i maskina. Eit datasenter må òg avkjølast. Til det blir det kravd store mengder straum.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

114 liter i sekundet

Google ønskjer å byggje eit av dei største datasentera i verda i den norske byen Skien. For å kjøle ned senteret vil dei bruke vatn frå Norsjø i Telemark. Dette vatnet blir oppvarma og går tilbake til innsjøen – 114 liter i sekundet. Dette vatnet kunne heller vorte brukt til å varme opp 350 000 leilegheiter!

Innsjø med veldig blått vann, grantrær og blå himmel.
Innsjø med veldig blått vann, grantrær og blå himmel.

Noreg er perfekt for datasenter

Mange utanlandske firma ønskjer å byggje datasenter i Noreg. Det er fleire grunnar til det.

Grøn straum og stabilt politisk styre

I Noreg lager vi mykje straum med fornybare kjelder som vasskraft og vind. Derfor kallar vi det grøn straum.  Dei som vil byggje datasenter,  er opptekne av miljøet. I tillegg er Noreg eit av verdas tryggaste land å jobbe i.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.

Miljøvennlege datasenter

Hadde du klart deg utan Netflix og sosiale medium? Ja, det hadde du, men livet kunne blitt litt meir kjedeleg. Vi kan takke datasentera for slike tilbod.

Datasentera legg òg til rette for nettmøte. Då slepp vi å flyge like mykje som før. Det er ikkje kva datasenteret gjer som er problemet, men korleis det set djupe miljøavtrykk.

Datasentera bør bruka fornybar energi frå sol, vatn og vind. Det varme vatnet frå kjølesystema bør brukast til oppvarming av hus. Har du andre idear til korleis eit datasenter kan bli meir miljøvennleg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En grønn plante vokser opp fra et nettverkskort fra en datamaskin.
En grønn plante vokser opp fra et nettverkskort fra en datamaskin.

Må vi slutte med å
ha det gøy på nettet?

Å leve slik vi gjer, kostar noko for naturen. Ikkje minst bruken av sosiale medium og strøyming av film. Vi treng ikkje slutte med å sjå på Netflix eller avinstallere Instagram. Mykje handlar om å avgrense bruken og slette alt vi ikkje treng frå skya. Då set vi eit mindre miljøavtrykk. Det burde jo ikkje vere så vanskeleg, eller?

Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.
Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.

Kjelder:

 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Foto: Chris Deahr
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images
  8. Getty Images
  9. Getty Images
  10. Getty Images
  11. Getty Images