Skya er ein miljøversting 

Er du oppteken av å bruke minst mogleg straum? Det er superbra, men visste du at sosiale medium sluker straum? Alt vi lagrar i skya av bilde, reels og videoar, krev masse straum. Kvifor er det sånn, og kan du gjere noko med det?

Hvite skyer og blå himmel
Hvite skyer og blå himmel

Ronaldo treng masse straum

Ei av dei største fotballstjernene i verda, Cristiano Ronaldo, har over 200 millionar følgjarar på Instagram. Men visste du at for kvart bilde han legg ut, blir det brukt like mykje straum som til å varme opp eit gjennomsnittleg bustadhus i eit heilt år? Korleis er dette mogleg?

Christiano Ronaldo i hvit drakt løper på grønn fotballbane.

Lagring av bilde sluker straum

Kvar gong vi knipsar eit bilde, ringjer, tekstar og postar, bruker vi straum og lagringsplass. Ikkje berre på sjølve eininga, men datasenteret som lagrar bilda og informasjonen, bruker enormt mykje straum. Datasenter? Blir ikkje alt berre lagra i skya, då?

Det er ufatteleg mykje som ligg lagra i skya. Det hopar seg opp, og berre nokre få prosent av det vert brukt. Resten berre ligg der og opptek plass – og bruker straum.

Dette straumforbruket kan alle faktisk gjere noko med. Vi treng ikkje å slutte med å leggje ut bilde, reels og oppdateringar på Instagram, men vi kan bli flinkare til å slette ting vi ikkje treng. Men kva er eigentleg denne skya?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Seks blide gutter med gul vest tar selfie i grått vær på en fotballbane.
Seks blide gutter med gul vest tar selfie i grått vær på en fotballbane.

Kva er
eigentleg skya?

 

Grå sky med et gult lyn under seg.

Donald Duck har nokre gonger ei sky hengjande over seg. Som regel er det ei regnverssky med lyn og tore. Det viser kva humør han er i. Datalagringsskya vi skriv om her, er noko heilt anna, men likevel kan vi tenkje oss at skya heng over oss heile tida, slik at vi alltid har tilgang til internett og lagra data.

«Det blir lagra i skya» er ein mykje brukt frase. Det handlar sjølvsagt ikkje om skyene på himmelen, men om eit fysisk datasenter der dei lagrar ufattelege mengder med data som bilde, e-postar, meldingar og videoar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er eit datasenter?

Eit datasenter er ein stad med datautstyr der dei digitale tenestene våre blir produserte, spreidde og lagra. Mange ligg godt beskytta i store fjellhallar. For å halde dette i drift døgnet rundt, trengst det enorme mengder med straum. Det blir sagt at slike datasenter innan år 2030 vil stå for nesten 10 prosent av straumforbruket i verda.

I Noreg finst det mange datasenter. Skular og bedrifter kan ha eigne datasenter, men det finst òg senter som dekkjer heile kommunar og fylke. Slike datasenter kan vera utsette for angrep og sabotasje. Hackarar kan øydeleggje og misbruke informasjon som finst der. Derfor må datasentera ha topp tryggingsutstyr, og nokon som passar på at dette utstyret fungerer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Datasenter med mange store maskiner på rad og rekke.
Datasenter med mange store maskiner på rad og rekke.

Alltid tilgjengeleg

For ikkje altfor mange år sidan vart alle data lagra internt på harddisken til maskina eller på ein ekstern harddisk. Vart maskina eller harddisken øydelagd eller stolen, mista du alt. Det er her skya kjem inn i bildet og reddar dagen. Alt du lagrar i skya, er tilgjengeleg døgnet rundt og overalt. Det forsvinn ikkje sjølv om du gløymer din eigen berbare pc på veg til skulen. Framføringa du skal ha i norsktimen, ligg klar i skya.

Større fridom

Med ein berbar pc kan du jobbe kvar du vil, så lenge det finst internettilgang. Under pandemien i 2020 lærte vi oss å bruke Teams og Zoom. Mange kunne ikkje vere fysisk på skulen, så undervisninga vart flytta over til digitale løysingar. Utan skya kunne vi ikkje gjort dette. Med Google Drive, Dropbox, Microsoft Office 365 eller Jottacloud kunne vi dele filer og dokument, og vi kunne samarbeide på ein ny måte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Glad jente sitter lent inntil et tre og jobber på en laptop.
Glad jente sitter lent inntil et tre og jobber på en laptop.

Skya er miljøversting

Mange tenkjer ikkje på at skya gjer noko skadde på miljø og klima i det heile. Det er då berre datasignal som blir sende hit og dit. Men databruk kan gjere stor skade på miljøet. Kva skjer eigentleg når du klikkar på eit tastatur eller ein mobil?

Viss du lastar ned ein film på 4GB, tilsvarer det å ha på ein panelomn i to timar. Ein gamar bruker like mykje straum per år som ein familie bruker på oppvarming i løpet av ein månad. Og tenk på kor mange gamarar det er i verda! Alt vi lastar ned, krev store mengder straum.

Når du bruker ei datamaskin, blir ho varm. Då blir det kravd at ho blir avkjølt med små vifter innebygd i maskina. Eit datasenter må òg avkjølast, og til det blir det kravd enorme mengder straum.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

114 liter i sekundet

I 2019 begynte planlegginga av å byggje eit av dei største datasentera i verda i Skien. Det amerikanske IT-selskapet Google vil bruke vatn frå Norsjø i Telemark til å kjøle ned maskinparken. Dette varme spillvatnet går tilbake til innsjøen – 114 liter i sekundet. Dette vatnet kunne heller vorte brukt til å varme opp 350 000 leilegheiter!

Innsjø med veldig blått vann, grantrær og blå himmel.
Innsjø med veldig blått vann, grantrær og blå himmel.

Noreg er perfekt for datasenter

Det er mange store IT-selskap som ønskjer å etablere datasenter i Noreg. Det finst fleire årsaker til det, men to av dei er kanskje dei viktigaste – grøn norsk straum og at vi er eit stabilt politisk land.

Grøn straum og stabilt politisk styre

I Noreg får vi mykje av straumen frå fornybare kjelder som vasskraft og vind. Derfor kallar vi det grøn straum, og det er viktig for utanlandske investorar som vil skape berekraftige arbeidsplassar. I tillegg er Noreg eit land med stabilt politisk styre. Det er ikkje fare for store politiske omveltingar. Utanlandske investorar er ikkje redde for å investere mykje pengar i eit av dei tryggaste landa i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.

Miljøvennlege datasenter

Vår moderne verd er heilt avhengig av datasenter. Utan dei, ingen Netflix eller sosiale medium. Datasentera legg til rette for nettmøte og utviklar smartteknologi.

Det er ikkje kva datasentret gjer som er problemet, men korleis det set djupe miljøavtrykk.

Datasentera bør nytte fornybar energi frå sol, vatn og vind. Spillvatnet frå kjølesystema bør brukast til oppvarming av hus, i staden for å gå rett ut i sjøen. Har du andre idear til korleis eit datasenter kan bli meir miljøvennleg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En grønn plante vokser opp fra et nettverkskort fra en datamaskin.
En grønn plante vokser opp fra et nettverkskort fra en datamaskin.

Må vi slutte med å
ha det gøy på nettet?

Naturen rundt oss er sårbar for det moderne levesettet vårt. Alt vi gjer, kostar noko for miljøet. Ikkje minst avhengnaden vår av Internett og straum. Vi treng ikkje slutte med å sjå på Netflix eller avinstallere Instagram. Mykje handlar om å avgrense meir enn å overforbruke. Klarer vi det, samtidig som vi slettar alt vi faktisk ikkje treng frå skya, vil vi setje eit noko mindre miljøavtrykk. Det burde jo ikkje vere så vanskeleg, eller?

Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.
Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.

Kjelder:

 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Foto: Chris Deahr
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images
  8. Getty Images
  9. Getty Images
  10. Getty Images
  11. Getty Images