Læreplantilkobling

Fag

Naturfag

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Jorda og livet på jorda
  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Berekraftige samfunn

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Læreplan Kompetansemål

2. trinn
Naturfag
  • samtale om hvordan vi kan ta miljøbevisste valg og gjennomføre lokale miljøtiltak
2. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og gi døme på korleis menneska påverkar klimaet og miljøet, og dokumentere korleis påverknadene kjem til syne i nærmiljøet
4. trinn
Naturfag
  • utforske et naturområde og drøfte bærekraftig bruk av området
4. trinn
Naturfag
  • utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut
4. trinn
Naturfag
  • utforske og beskrive vannets kretsløp og gjøre rede for hvorfor vann er viktig for livet på jorda
7. trinn
Naturfag
  • foreslå tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nordområdene og gi eksempler på betydningen av tradisjonell kunnskap i naturforvaltning
10. trinn
Naturfag
  • gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

Slik blir vi kvitt plasten i havet

Ein stad mellom Hawaii og California seglar ein enorm, oppblåsbar farkost rundt på havet. Farkosten er ein fangstreiskap, og under den 600 meter lange flåten heng det eit 3 meter djupt skjørt som feiar gjennom vatnet. Skjørtet blir drive rundt i havet av vind og bølgjer, beveger seg raskare enn havstraumane og foldar seg slik at det dannar eit U-forma fangstnett.

Fisken dykkar under for å unngå fangstnettet, men det er ikkje fisk denne fangstreiskapen er på jakt etter. Fangstreiskapen blir kalla System 001, og han fangar søppel i havet. Han kjempar mot kuling og storm og unngår dei øydeleggjande verknadene av havsalt. Han sender signal til satellittane høgt oppe i himmelen og båtane i nærleiken med varsel om ein fangst utan sidestykke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Havet blir fylt med søppel

Stillehavssøppelhaugen er ein malstraum av avfall som er fanga i havstraumane. Det er ikkje akkurat snakk om ei øy av søppel slik det av og til blir skrive om i media, men havområda er krydra med mengder av flytande skrot.

Plasten blir kvervla rundt i bølgjene, duppar opp og ned og sirkulerer med havstraumane. Invaderande dyreartar skaffar seg skyss på den reisande plasten, og finn dermed vegen til område dei aldri burde nå. Sjøfugl, havpattedyr og fisk som trur det er flytande mat, fyller magen med ufordøyeleg søppel. Det som blir igjen, blir tært bort av ei ustoppeleg gynging som gnir mikroskopiske plastbitar og giftige kjemikal ut i havet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis vart det slik?

Det er knapt 100 år sidan den første heilsyntetiske plasten vart funnen opp. Han vart utvikla for å isolere elektriske kablar mot slutten av den andre industrielle revolusjonen, og dette nye materialet var noko heilt unikt som ein aldri hadde sett før. Det var billig å produsere, varmebestandig, svært lett å forme, og kunne dermed bli til alt vi ville at det skulle bli. Oppdaginga sette fart på ei bølgje av kjemiske oppfinningar.

Kvifor blir ikkje plasten broten ned?

Mikrobane går raskt i gang med å arbeide på organisk avfall som papir og grønsaksrestar, men dei klarer ikkje å angripe plast. Dette verkar kanskje rart, sidan vi lagar plast av olje, som igjen kjem frå fossile restar av plantar og dyr, men dette kjem av måten plasten blir laga på.

Naturlege polymerar bruker kjemiske samband kalla peptidbindingar. Desse bindingane er mykje sterkare, noko som er både ei gåve og ei forbanning. Dei fleste enzyma som levande ting bruker til å bryte ned organiske molekyl med, klarer ikkje å bryte ned desse bindingane. Det er det som gjer plasten så slitesterk, men også det som gjer han så vanskeleg å bli kvitt.

Det finst berre nokre få organismar, mellom dei nokre sopp- og bakterieartar, som kan klare å bryte dei ned. Ironien er at viss fleire organismar lærer dette trikset, så kan dei òg bryte ned plastgjenstandar som vi ikkje ønskjer at dei skal bryte ned.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Utfordringa med attvinning

Nokre gjenstandar er vanskelegare å resirkulere enn andre.

Enkel Handterbar Vanskeleg Svært vanskeleg
Lyseblå papirbakgrunn

PET

Polyetylentereftalat

  • Flasker, oppbevaringsglas, klede, teppefiber, nokre sjampo- og munnskyllflasker.
11% av verdas plastavfall (2015)
PET Polyetylentereftalat

HDPE

Høgtettleiks-polyetylen

  • Vaskemiddelflasker, godteriesker, leiker, vaskebøtter, blomsterpotter og søppelkassar.
14% av verdas plastavfall (2015)
HDPE Høytetthets polyetylen

PVC

Polyvinylklorid

  • Kredittkort, vindaugs- og dørkarmar, takrenner og syntetisk lær.
5% av verdas plastavfall (2015)

PVC Polyvinylklorid

LDPE

Lågtettleiks-polyetylen

  • Plastfolie, vesker, bobleplast, mjuke flasker, isolasjon til elektriske leidningar og kablar.
20% av verdas plastavfall (2015)

LDPE Lavtetthets polyetylen

PP

Polypropylen

  • Flaskekorkar, sugerøyr, matboksar, kjøleboksar, teppe, presenningar og bleier.
19% av verdas plastavfall (2015)
PP Polypropylen

PS

Polystyren

  • Termokoppar, kjøtemballasje, kleshengjarar og isolerande emballasje.
6% av verdas plastavfall (2015)
PS Polystyren

Annan plast

  • Nylonstoff, babyflasker, CD-plater, medisinske oppbevaringsboksar, bildelar og vasskjølarbehaldarar.
24% av verdas plastavfall (2015)
Farlige plast – CD-plater

Kva kan du gjere?

  • Sei nei takk til eingongsbestikk

    Vi brukar berre plastbestikket i nokre minutt før vi kastar det, så du kan minske plastfotavtrykket ditt ved å seie nei takk til eingongsbestikk og sugerøyr. Stikk ein vanleg gaffel i matboksen, og kjøp eit vaskbart sugerøyr viss du ikkje klarer deg utan. Viss du ikkje kjem unna, kan du sjå etter nedbrytbart eller etande bestikk.

  • Ha med deg eiga drikkeflaske eller eigen kopp

    Ifølgje Verdsnaturfondet (WWF) kastar ein i England meir enn 7 millionar drikkebeger kvar dag. Skaff deg ein gjenbrukskopp eller ei gjenbruksflaske, og hopp over eingongsprodukta. Mange kaffibarar har rabatt for kundar som har med eigen kopp. Vatn frå springen er gratis og smakar betre enn kjøpevatn i flaske.

  • Handle utan å skape avfall

    I staden for å ta ein ny berepose i plast kvar gong du er i butikken, kan du kjøpe ein gjenbrukbar pose eller alltid ha ein tøypose i veska. Du kan òg kjøpe varer som frukt og grønsaker i lausvekt, gjerne i eigen gjenbrukbar emballasje. Vel bort produkt med unødvendig mykje plastemballasje. Vel i staden standardvarer som kjem i metall-, glas- eller papiremballasje.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sugerør
  • Byt frå flytande til fast såpe

    Vaskemiddel, handsåpe, sjampo og andre reingjeringsprodukt inneheld mykje vatn, og derfor må dei oppbevarast i plast. Tilset du vatnet sjølv heime, kan du spare eit fjell av emballasje. Når det er mogleg, bør du byte til variantar som er pakka i papir eller papp, til dømes såpestykke og vaskepulver.  Viss du absolutt må kjøpe flytande såpe, bør du sjå etter konsentrerte versjonar og spe dei ut sjølv heime.

  • Invester i gjenbruksposar og -boksar

    Kutt ut plastfilm, fryseposar og isopor-emballasje, og invester i staden i eit sett med gjenbruksposar og -boksar til matpakken og matrestane. Harde, attvinnbare plastboksar varer mykje lenger enn eingongssøskena sine, og kan oppbevarast i kjøleskapet eller frysaren og varmast i mikrobølgjeomnen. Viss du helst vil bli fullstendig plastfri, kan du velje glas, metall eller maskinvaskbar silikon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Såpestykke

Kor lang tid tar det å bryte ned søppel?

1 månad: Papirposar blir brotne ned relativt raskt


2 månader: Pappkassar tar litt lenger tid


2 år: Eit appelsinskal bruker overraskande lang tid

12 år: Sigarettstumpar blir verande ei god stund


20 år: Plastposane frå butikken tar seg også god tid


450 år: Plastflasker er verkeleg ein versting


1 million år: Aluminiumsboksar lever ufatteleg lenge

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Søppel

Kjelder:

  • Årets begivenheter innen vitenskap (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images