Slik blir vi kvitt plasten i havet

I Stillehavet finst ein diger flåte. Han er 600 meter lang! Vind, bølgjer og havstraumar fører flåten rundt i havet. Der har han ei heilt spesiell oppgåve.

Under flåten heng eit tre meter djupt nett. Det er ikkje for å fange fisk. Heile flåten er ein fangstreiskap som fangar opp søppel på havet. Flåten er forma som ein svær U, og inni han blir det opp fylt med flytande søppel. Ein satellitt sender flåten beskjed om at søpla kan hentast og fraktast til land.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Havet blir fylt med søppel

Søppelhaugen i Stillehavet består av avfall som er fanga i havstraumane. I røynda er ikkje dette eigentleg ei øy av søppel, slik det av og til blir skrive om i media, men havområda har veldig mykje flytande skrot.

Plasten blir kvervla rundt i bølgjene, duppar opp og ned og følgjer med havstraumane. Ulike dyr følgjer med den reisande plasten, og blir med til område dei ikkje høyrer heime i. Sjøfugl, havpattedyr og fisk som trur det er flytande mat, fyller magen med ufordøyeleg søppel. Det som blir igjen, blir til mikroskopiske plastbitar og giftige kjemikal.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis vart det slik?

Det er nesten 100 år sidan plasten vart funnen opp. Han vart laga for å isolere elektriske leidningar. Han var billig å produsere, tolte varme godt, og var lett å forme. Oppdaginga sette fart på ei bølgje av oppfinningar.

Kvifor blir ikkje plasten broten ned?

Bitte små organismar går raskt i gang med å ete på organisk avfall som papir og grønsaksrestar, men dei klarer ikkje å angripe plast. Det er jo litt rart. Plasten blir laga av olje, og olja kjem frå fossile restar av plantar og dyr. Det er måten plasten blir laga på, som gjer han vanskeleg å bryte ned.

Plast er laga av kjemiske samband kalla peptidbindingar. Desse bindingane er veldig sterke, noko som er både bra og dårleg. Dei små organismane bruker nokre stoff som ikkje fungerer på desse bindingane. Derfor er plasten så slitesterk, men også så vanskeleg å bli kvitt.

Det finst berre nokre få organismar som kan klare å bryte ned plast. Problemet er at viss fleire organismar lærer dette, kan dei òg bryte ned plastgjenstandar som vi ikkje ønskjer at dei skal bryte ned.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Utfordringa med attvinning

Nokre gjenstandar er vanskelegare å resirkulere enn andre.

Enkel Handterbar Vanskeleg Svært vanskeleg
Lyseblå papirbakgrunn
Lyseblå papirbakgrunn

PET

Polyetylentereftalat

  • Flasker, oppbevaringsglas, klede, teppe, nokre sjampoflasker.
11% av verdas plastavfall (2015)
PET Polyetylentereftalat
PET Polyetylentereftalat

HDPE

Høgtettleiks-polyetylen

  • Vaskemiddelflasker, godteriesker, leiker, vaskebøtter, blomsterpotter og søppelkassar.
14% av verdas plastavfall (2015)
HDPE Høytetthets polyetylen
HDPE Høytetthets polyetylen

PVC

Polyvinylklorid

  • Kredittkort, vindaugs- og dørkarmar, takrenner og kunstig lær.
5% av verdas plastavfall (2015)

PVC Polyvinylklorid
PVC Polyvinylklorid

LDPE

Lågtettleiks-polyetylen

  • Plastfolie, vesker, bobleplast, mjuke flasker, isolasjon i elektriske leidningar.
20% av verdas plastavfall (2015)

LDPE Lavtetthets polyetylen
LDPE Lavtetthets polyetylen

PP

Polypropylen

  • Flaskekorkar, sugerøyr, matboksar, kjøleboksar, teppe, presenningar og bleier.
19% av verdas plastavfall (2015)
PP Polypropylen
PP Polypropylen

PS

Polystyren

  • Termokoppar, kjøtemballasje, kleshengjarar og isolerande emballasje.
6% av verdas plastavfall (2015)
PS Polystyren
PS Polystyren

Annan plast

  • Nylonstoff, babyflasker, CD-plater, medisinske oppbevaringsboksar, bildelar og vasskjølarbehaldarar.
24% av verdas plastavfall (2015)
Farlige plast – CD-plater
Farlige plast – CD-plater

Kva kan du gjere?

  • Sei nei takk til eingongsbestikk

    Vi bruker berre plastbestikk i nokre minutt før vi kastar det. Derfor kan du minske plastfotavtrykket ditt ved å droppe eingongsbestikk og sugerøyr. Ha ein vanleg gaffel i matboksen, og kjøp eit vaskbart sugerøyr viss du ikkje klarer deg utan. Viss du må ha eingongsbestikk, kan du sjå etter nedbrytbart eller etande bestikk.

  • Ha med eiga drikkeflaske eller eigen kopp

    Ifølgje Verdsnaturfondet (WWF) kastar ein i England meir enn 7 millionar drikkebeger kvar dag. Skaff deg ein kopp eller ei flaske som kan brukast om igjen, og unngå eingongsprodukta. Mange kaffibarar har rabatt for kundar som har med eigen kopp. Vatn frå springen er gratis og smakar betre enn kjøpevatn i flaske.

  • Handle utan å skape avfall

    I staden for å ta ein ny plastpose kvar gong du er i butikken, kan du ta med ein tøypose heimanfrå. Du kan òg bruke eigen pose når du kjøper frukt og grønsaker. Ikkje vel produkt som er pakka i unødvendig mykje plast. Vel heller varer som er pakka i metall, glas eller papir.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sugerør
Sugerør
  • Byt til fast såpe

    Vaskemiddel, handsåpe og sjampo inneheld mykje vatn, og derfor må dei oppbevarast i plast. Tilset du vatnet sjølv, kan du spare masse emballasje. Når det er mogleg, bør du byte til typar som er pakka i papir eller papp – til dømes såpestykke og vaskepulver. Viss du absolutt må kjøpe flytande såpe, bør du sjå etter konsentrerte versjonar som kan tilsetjast vatn heime.

  • Invester i gjenbruksposar og -boksar

    Kutt ut plastfilm, fryseposar og isopor-emballasje, og kjøp i staden eit sett med gjenbruksposar og -boksar til matpakken og matrestane. Harde, attvinnbare plastboksar varer mykje lenger enn eingongsboksar. Dei kan òg oppbevarast i kjøleskapet eller frysaren og varmast i mikrobølgjeomnen. Viss du vil bli heilt plastfri, kan du velje glas, metall eller silikon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Såpestykke
Såpestykke

Kor lang tid tar det å bryte ned søppel?

1 månad: Papirposar blir brotne ned ganske raskt


2 månader: Pappesker tar litt lenger tid


2 år: Eit appelsinskal bruker overraskande lang tid

12 år: Sigarettstumpar blir verande ei god stund


20 år: Plastposane frå butikken tar seg også god tid


450 år: Plastflasker er verkeleg ein versting


1 million år: Aluminiumsboksar lever ufatteleg lenge

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Søppel
Søppel

Kjelder:

  • Årets begivenheter innen vitenskap (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images