Kyr – våre nyttigaste gardsdyr

Kveg, fe, storfe, naut, ku, okse, kalv. Kjært barn har mange namn, og vi menneske er glade i kua. Menneske har brukt kyr som gardsdyr i nesten 10 000 år. No finst det kyr over heile verda.

Vi bruker både mjølka, beina, horna og skinnet frå kua – til og med møkka! Kjøtet er veldig vanleg som mat: Nesten 24 prosent av alt kjøt vi menneske et, kjem frå kyr.

Kyr som ser inn i kamera

Altfor mange kyr 

Når befolkninga i verda aukar, må òg matproduksjonen auke. Men kan vi halde fram med å ete den same maten? No finst det nesten 1,5 milliardar storfe i verda. Det er fleire enn vi treng.

Fire store selskap eig nesten all kvegindustrien i verda. Di meir kjøt vi et, di meir pengar tener dei. Derfor stoppar ikkje avlen av kyr.

Kvegdrift gir òg inntekt til millionar av bønder. Det er bra for dei akkurat no, men ikkje så veldig bra for jorda vår på lang sikt. Miljøforkjemparar seier ifrå når menneske gjer ting som er skadeleg for miljøet. Dei siste åra har fleire og fleire sagt at kvegdrift er feil. Men kvifor det?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Overflod av storfe
Overflod av storfe

Luft i magen 

Problemet med kyr byrjar i magen. Vomma er den største av dei fire magane til ei ku. Ho kan romme opptil 200 liter og inneheld 25 milliardar bakteriar per gram. Desse bakteriane bryt ned det kua et. Det heiter fermentering. Då oppstår det ein gass som heiter hydrogen inne i vomma.

I vomma bur ein annan gjeng med mikroorganismar, nemleg metanogene bakteriar. Dei tek hydrogen og gjer han om til metangass. Vi menneske har våre eigne metanogene bakteriar i kroppen. Det er dei som gjer at vi menneske får luft i magen. Men kyr har mykje meir luft i magen enn vi har. Éi ku slepp ut opptil 180 000 liter metangass kvart år. Men kvar blir det av all metangassen?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hvordan påvirker kua miljøet
Hvordan påvirker kua miljøet

Korleis påverkar kua miljøet?

Kvegdrift set sitt preg på miljøet, med alt frå naturleg biologi til menneskeskapte hus.

1. Atmosfæren

Når kua prompar eller rapar, ender metangassen opp i atmosfæren. Det er ikkje like mykje metangass der oppe som karbondioksid, men metanen fangar opp meir varme frå sola. Dette bidreg til global oppvarming. Men metangass er ikkje det einaste problemet.

2. Forureina elvar 

Kumøkka blir mellom anna brukt som gjødsel eller bygningsmateriale. Fordi ho inneheld mange næringsstoff og mykje energi, er ho ein verdifull fornybar ressurs. Men kumøkk kan òg øydeleggje nærmiljøet. Når møkk blir brukt som gjødsel, kan regnvatnet drive henne ut i elvar og innsjøar. Stoff i møkka aukar algeveksten i vatnet. Blir det for mykje algevekst, kan vi ikkje drikke vatnet lenger.

3. Energiforbruk 

Kumjølka blir varma opp for å fjerne bakteriar så ho held seg lenger og er trygg å drikke. Denne prosessen krev ein del straum. Varmebehandlinga er òg med på å påverke miljøet fordi dei høge temperaturane krev mykje energi.

4. Bortkasta produksjon 

I Storbritannia blir det kasta meir enn 30 000 tonn med storfekjøt årleg. Matsvinn er ikkje berre sløsing med mat, men også sløsing med ressursane som må til for å produsere kjøtet.

5. Vassavtrykk 

Når vi menneske produserer matvarer, bruker vi mengder med vatn. For å produsere éin kilo storfékjøt bruker vi i snitt nesten 16 000 liter med vatn.

6. Mat til kua 

For å oppdra ei ku som er stor nok for kjøtproduksjon, må ein produsere mat for heile flokken. Ein kilo storfekjøt krev derfor 25 kilo kraftfor.

7. Hogst av skog 

For at kyrne skal kunne beite, trengst det store landområde. Derfor blir det hogge enorme område med skog og regnskog. Det fører til tap av leveområde for ville dyr og reduserer det biologiske mangfaldet.

Forrige avsnitt

1 / 8

Neste avsnitt
Avskoging i Amazonas
Avskoging i Amazonas

Moglege løysingar 

I fleire land, mellom anna USA, blir det forska på å bruke sjøgras i fôret for å få kua til å lage mindre metangass. Viss 1 prosent av kuforet består av ein heilt spesiell type tang, kan ein redusere metanutsleppet med opptil 80 prosent.

Dette er heilt ny forsking. Derfor veit ein lite om korleis det vil fungere over tid. Og vil vi kunne dyrke nok sjøgras under havet, utan at det òg blir skadeleg for miljøet? Det står att å sjå.

Ein veldig effektiv måte å redusere utslepp på ville ha vore om heile befolkninga i verda åt ein del mindre storfekjøt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sjøgress
Sjøgress

Kva med norske kyr?

Ved spesialisert kjøtproduksjon i andre delar av verda blir det sloppe ut nesten fire gongar meir klimagass i forhold til Noreg. Kvegdrift i Noreg er derfor meir miljøvennleg enn elles i verda. Meir enn 70 prosent av det norske storfekjøtet vi et, kjem frå den norske mjølkekua.

Norske kyr på på en fjellvei
Norske kyr på på en fjellvei

Visste du at …?

  • cirka ein fjerdedel av overflata til jorda blir brukt til husdyrdrift?
  • kua slepp ut 95 prosent av metanen sin gjennom munnen?
  • 3,4 prosent av verdas karbonutslepp kjem frå tre som døyr under avskoging til fordel for kvegdrift?
Flyfoto av storfe i Texas, USA
Flyfoto av storfe i Texas, USA

Line fiksar maten

Kjelder:

  • Historie og vitenskap (2020)
    Orage Forlag AS
  • Joseph W. Lengeler (1999): Biology of the Prokaryotes
    Stuttgart:
    Thieme 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Future plc
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NRK