Slik fungerer valet

Mandag 13. september 2021 er det stortingsvalg i Norge. Hvordan fungerer et valg, og hvorfor er det så viktig at vi bruker stemmeretten vår? Kunne ikke de med flest penger, og høyest stemme, bare styre landet? Hvordan vet vi at et demokratisk valg blir riktig gjennomført? Og hva er egentlig sperregrense?

Accessibility icon Slik fungerer valet

Livet består av val 

Du må ta val heile livet. Det kan vere val av skule, jobb, fritidsaktivitetar og kva du skal ha til middag. Nokre val får konsekvensar berre for deg, mens andre val kan vere avgjerande for heile landet. Det er her stortingsval og kommuneval kjem inn i biletet.

Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger
Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger

Kva er eit stortingsval? 

Demokrati 

I Noreg har vi demokrati. Det betyr at det er folket som bestemmer. Alle norske statsborgarar over 18 år har stemmerett og kan stemme ved stortingsvalet.  

Stortingsrepresentantar 

Det er talet på valstemmer som avgjer kva for politiske parti som får plass på Stortinget. Dei som sit på Stortinget, kallar vi stortingsrepresentantar. Dei representerer eit parti og staden dei kjem frå. Stortinget bestemmer for heile Noreg. Det er 169 plassar på Stortinget. 

Val kvart fjerde år 

Vi har stortingsval kvart fjerde år, og i 2021 er valdagen måndag 13. september. 

Kommunestyre- og fylkestingsval

I tillegg til stortingsvalet har vi kommunestyre- og fylkestingsval. Dette er lokale val som avgjer kven som skal bestemme i kvar kommune og kvart fylke. Dette valet går føre seg kvart fjerde år, men ikkje samtidig med stortingsvalet. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bilde av Stortinget om kvelden
Bilde av Stortinget om kvelden

Politisk valkamp før valet 

I tida før eit stortingsval er det valkamp. Då jobbar dei politiske partia over heile landet, og håpar at flest mogleg vil stemme på dei. 

Vanlegvis betyr valkampar store folkerike arrangement og utdeling av partimateriell. I tillegg er det mange politikarar som går heim til heilt vanlege folk på besøk.  

På grunn av covid-19 blir valkampen hausten 2021 meir digital. Kva kan dette få å seie for valresultatet?  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Politiker som står og snakker med en menneske mengde med en livvakt ved siden av seg
Politiker som står og snakker med en menneske mengde med en livvakt ved siden av seg

Kvar kan vi stemme? 

Når valdagen kjem, går dei som kan stemme til vallokala i nærleiken av der dei bur. Alle som har stemmerett, får eit valkort som fortel kvar dei skal stemme. 

I stemmelokalet må du først identifisere deg. Deretter går du til eit lite avlukke med ei gardin framfor.  Dette er fordi valet er hemmeleg. Ingen har krav på å vite kva folk stemmer.  

Når du har bestemt deg, puttar du stemmesetelen i ei valurne. Dette er ein boks som er forsegla. Ingen får sjå oppi boksen før stemmene skal teljast opp. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et stemmelokale med et avlukke med gardin. Vi ser føttene til en voksen og et barn inni avlukket.
Et stemmelokale med et avlukke med gardin. Vi ser føttene til en voksen og et barn inni avlukket.

Kan du førehandsstemme? 

Det er ikkje alltid ein får til å stemme på sjølve valdagen. Derfor er det mogleg å førehandsstemme ein månads tid før. Dette kan for eksempel gjelde nordmenn som bur og jobbar i utlandet. Stemma blir registrert i den kommunen ein bur til vanleg.  

Det er ikkje lov til å stemme om igjen. Viss ein angrar, er det for seint når ein først har stemt. 

Stemmeseddel blir lagt i urne
Stemmeseddel blir lagt i urne
Stortingssalen og partier

Kven kan du stemme på? 

I Noreg er det mange politiske parti du kan stemme på ved eit stortingsval. Har du lyst til å danne ditt eige parti, er det ein del reglar som gjeld. Du må blant anna samle 5000 underskrifter frå personar med stemmerett. 

Parti som har site på Stortinget etter siste val i 2017 er: Høgre (H), Framstegspartiet (FrP), Kristeleg Folkeparti (KrF), Venstre (V), Senterpartiet (Sp), Raudt (R), Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Arbeidarpartiet (Ap) og Sosialistisk Venstreparti (SV).   

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis er valordninga i Noreg? 

Noreg er delt inn i 19 valdistrikt. Like mange som dei gamle fylka. Frå januar 2020 blei landet delt inn i 11 fylke, men vi har framleis 19 valdistrikt. 

Heile Noreg skal vere representert på Stortinget. Kvart valdistrikt har eit visst tal med mandat til Stortinget. Dette vert avgjort med hjelp av folketal og størrelsen på distriktet. Eit mandat er ein som representerer sitt valdistrikt. 

Det er 150 mandat som blir valde frå valdistrikta. Her gjeld dei stemmene som kjem inn i distriktet. Det er dei politiske partia som vel sine mandat før valet. Men kva med dei 19 siste mandata?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Valgdistrikter i Norge
Valgdistrikter i Norge
Illustrasjon av mennesker

Utjamningsmandat 

Dei 19 valdistrikta har eitt utjamningsmandat kvar. Dette er personar eit parti ønskjer å ha med på Stortinget, men som ikkje blir stemte fram i valdistriktet. Det er nemleg stemmer som partia får samla i heile landet som bestemmer kven desse utjamningsmandata blir.

Formålet med utjamningsmandat er at parti med mange stemmer over heile landet får ein fordel. Dei får med seg ein eller fleire bonuskandidatar på Stortinget.

Kan alle parti få utjamningsmandat?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sperregrense 

Eit politisk parti må ha minst 4 prosent av stemmene på landsbasis, for å få eit utjamningsmandat på Stortinget.

Sperrebånd i kryss
Sperrebånd i kryss

Kort oppsummering 

Kjelder:

  • Holmøyvik, Eirik; Gisle, Jon; Sterri, Aksel Braanen: sperregrense i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 22. juni 2021 frå https://snl.no/sperregrense

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Stortinget
    7. Stortinget
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. NRK Skole