Livet består av val 

Du må ta val heile livet. Kva vil du ha på brødskiva? Kva for ein film skal vi sjå? Nokre val har berre med deg å gjere. Andre val kan bety noko for heile landet. Det er det som gjer stortingsval og kommuneval så viktige.

Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger

Kva er eit stortingsval? 

Demokrati 

I Noreg har vi demokrati. Det betyr at det er folket som bestemmer. Alle norske statsborgarar over 18 år har stemmerett og kan stemme ved stortingsvalet. Ei stemme i denne samanhengen er å støtte eit politisk parti under eit val. Kvar person har éi stemme.  

Stortingsrepresentantar 

Det er talet på stemmer som avgjer kva for parti som skal sitje på Stortinget. Dei som sit der, kallar vi stortingsrepresentantar. Dei skal representere partiet sitt, men også staden dei kjem frå. Stortinget er det styrande organet for heile Noreg. Det er 169 plassar på Stortinget.

Val kvart fjerde år 

Vi har stortingsval kvart fjerde år, og i 2021 er valdagen måndag 13. september. 

Kommunestyre- og fylkestingsval

I tillegg til stortingsvalet har vi kommunestyre- og fylkestingsval. Dette er val som avgjer kven som skal bestemme i kommunane og fylka i Noreg. Dette valet går også føre seg kvart fjerde år, men ikkje på same tid som stortingsvalet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bilde av Stortinget om kvelden

Politisk valkamp før valet 

Nokre veker før eit stortingsval er det  valkamp. Då prøver politikarane å forklare kvifor vi bør stemme på dei. Dei møter folk og har ulike aktivitetar over heile landet.

Vanlegvis samlar mange folk seg under valkampen. Det vert delt ut brosjyrar, ballongar og sjokolade. I tillegg er det mange politikarar som kjem heim til heilt vanlege folk på besøk.

På grunn av covid-19 blir valkampen hausten 2021 meir digital. Kjem dette til å verke inn på valresultatet, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Politiker som står og snakker med en menneske mengde med en livvakt ved siden av seg

Kvar kan vi  stemme? 

I alle kommunar er det stemmelokale. Det kan vere ein skule eller ein idrettshall. Alle som har stemmerett, får eit  valkort som fortel kvar dei skal stemme. 

I stemmelokalet må alle først identifisere seg. Gjerne med pass. Deretter går du til eit lite avlukke med ei gardin framfor.  Valet er hemmeleg, og derfor skal ingen kunne sjå kva du stemmer.  

Når du har bestemt deg, puttar du stemmesetelen i ei valurne. Dette er ein boks som er forsegla. Ingen får opne han før stemmene skal teljast opp.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et stemmelokale med et avlukke med gardin. Vi ser føttene til en voksen og et barn inni avlukket.

Kan du stemme på førehand? 

Det er ikkje alltid vi kan stemme på valdagen. Derfor er det mogleg å førehandsstemme før sjølve valdagen. Dette kan for eksempel gjelde nordmenn som bur og jobbar i utlandet. Stemma blir registrert i den kommunen ein bur til vanleg.

Det er ikkje lov å stemme om igjen. Når du har lagt stemmesetelen oppi valurna, er valet gjort.

Stemmeseddel blir lagt i urne
Stortingssalen og partier

Kven kan du stemme på? 

I Noreg er det mange politiske parti du kan stemme på. Det er ikkje sikkert du er einig med nokon av dei. Då kan du danne ditt eige parti. Men det er ein del reglar som gjeld. Du må blant anna samle 5000 underskrifter frå personar med stemmerett.

Parti som har site på Stortinget etter siste val i 2017 er: Høgre (H), Framstegspartiet (FrP), Kristeleg Folkeparti (KrF), Venstre (V), Senterpartiet (Sp), Raudt (R), Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Arbeidarpartiet (Ap) og Sosialistisk Venstreparti (SV).

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis  er valordninga i Noreg? 

Noreg er delt inn i 19 valdistrikt. Like mange som dei gamle fylka. Frå januar 2020 blei landet delt inn elleve fylke, men dei gamle valdistrikta er som før. Kvifor?

Med 19 valdistrikt blir heile landet representert på Stortinget. Politikarane som sit på Stortinget, har det vi kallar mandat. Kvart  valdistrikt har eit visst tal på mandat til Stortinget. Dette vert avgjort ut frå kor mykje folk som bur i valdistriktet, og ut frå kor stort distriktet er.

Det er 150 mandat som blir valde frå valdistrikta. Her gjeld dei stemmene som kjem inn frå distriktet. Men Stortinget har då plass til 169 mandat! Kva med dei 19 siste mandata?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Valgdistrikter i Norge
Illustrasjon av mennesker

Utjamningsmandat 

Nokre mandat blir valde inn på Stortinget fordi partiet gjer det bra i heile landet. Ikkje berre lokalt. Dette kallar vi utjamningsmandat.  Det er eitt utjamningsmandat i kvart av dei 19 valdistrikta.

Dei partia som gjer eit godt nasjonalt val, får dermed ein fordel. Dei får med seg eitt eller fleire bonusmandat på Stortinget. Derfor er det viktig at partia har gode saker som gjeld heile landet, og ikkje berre lokalt.

Kan alle parti få med seg utjamningsmandat på Stortinget? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sperregrense 

Eit politisk parti må ha minst 4 prosent av stemmene på landsbasis, for å få eit utjamningsmandat på Stortinget. 

Sperrebånd i kryss

Kort oppsummering 

Kjelder:

  • Holmøyvik, Eirik; Gisle, Jon; Sterri, Aksel Braanen: sperregrense i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 22. juni 2021 frå https://snl.no/sperregrense

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Stortinget
    7. Stortinget
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. NRK Skole