Slik fungerer valet

Måndag 13. september 2021 er det stortingsval i Noreg. Korleis fungerer eit val, og kvifor er det så viktig at vi bruker stemmeretten vår? Kunne ikkje dei som tener mest og snakkar høgast, berre styre landet? Korleis veit vi at eit demokratisk val blir gjennomført på rette måten? Og kva er eigentleg sperregrense?

Accessibility icon Slik fungerer valet

Livet består av val

Heile livet består av ulike val. Det kan vere val av skule, jobb, ektefelle og kva du skal ha til middag. Vi står overfor små og store val heile tida. Nokre val får konsekvensar berre for deg, eller dei aller nærmaste, mens andre val kan vere avgjerande for heile landet. Det er her stortingsval og kommuneval kjem inn i biletet. 

Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger
Et par sko som står på asfalt med piler i ulike retninger

Kva er eit  stortingsval? 

Demokrati 

I Noreg har vi demokrati. Det betyr at det er folket som bestemmer. Alle norske statsborgarar over 18 år har stemmerett og kan stemme ved stortingsvalet.  

Stortingsrepresentantar 

Det er talet på valstemmer som avgjer kva for politiske parti som skal sitje på Stortinget. Dei som sit på Stortinget, kallar vi stortingsrepresentantar. Dei skal representere eit parti og staden dei kjem frå. Stortinget er det styrande organet  for heile Noreg. Det er 169 plassar på Stortinget. 

Val kvart fjerde år 

Vi har stortingsval kvart fjerde år, og i 2021 er valdagen måndag 13. september. 

Kommunestyre- og fylkestingsval

I tillegg til stortingsvalet har vi kommunestyre- og fylkestingsval. Dette er lokale val som avgjer kven som skal bestemme i kvar  kommune og kvart fylke. Dette valet går også føre seg kvart fjerde år, men ikkje samtidig med stortingsvalet. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bilde av Stortinget om kvelden
Bilde av Stortinget om kvelden

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!