Slik sikrar vi drikkevatnet

Mangel på vatn kan fort føre til kamp om vassressursar. Så korleis kan vi redusere bruken, for å sikre fred i verda og samtidig beskytte planeten?

Accessibility icon Slik sikrar vi drikkevatnet

Vi treng reint vatn 

Ein person kan overleve utan mat i fleire dagar. Utan vatn blir ein dehydrert og døyr ganske raskt. Derfor er vatn den viktigaste ressursen vår. Men det begynner å bli for lite vatn – både på grunn av klimaendringar og ei større global befolkning. 

For høgt forbruk av vatn   

Det meste av vatnet vert brukt til vatning og ikkje til drikkevatn. Landbruk står for 70 prosent av det globale vassforbruket. Alle som bur i Midtausten og Nord-Afrika har berre 1,4 prosent av  ferskvassressursane i verda. I USA brukar ein person omtrent 445 liter per dag. Over halvparten av dette bruker dei til å skylje ned i do, dusje og vaske klede. 

Mangel på vatn kan bekjempast

Sparetiltak for vatn 

I landbruket utviklar forskarane plantar som toler tørke, og dei bruker metodar som fangar opp regnvatn. I heimen din kan enkle middel redusere vassforbruket. Vi kan bruke meir vasseffektive vaskemaskinar og oppvaskmaskinar, og vi kan skifte til sparekranar og sparedusjar. Med dette kan vi spare energi til oppvarming av vatn, og det er fint for miljøet. 

Skoddesamlarar

Sjølv på dei tørraste stadene i verda kan skodde vere ei kjelde til reint vatn. Ved å bruke eit billig nett har forskarar laga «skoddesamlarar» som kan fange mange liter vatn kvar dag. Vinden pressar dei ørsmå skoddepartiklane mot nettet, og så trekkjer tyngdekrafta dropane ned og samlar dei i ein behaldar. Det finst slike skoddesamlarar fleire stader i verda.  

Menneskeskapte isbrear 

Det er lite vatn i ørkenen i Himalaya. I 2014 starta nokre forskarar å lage kunstige isbrear. Teknologien er overraskande enkel. Eit rør vert plassert i ei elv, og vatnet vert deretter spytta  ut som frå ei fontene. I den kalde lufta på Tibetplatået frys dette vatnet mens det fell. Over tid byggjer isen seg opp frå bakken og dannar kjegleforma tårn.  

Visste du at …  

… den globale etterspørselen etter vatn vil stige med 55 prosent fram mot 2050? 

… 75 prosent av vatnet vert brukt til å skape energi på fabrikkar? 

… grunnvatnet forsvinn fort, for vi bruker meir vatn enn det som fell som regn? 

… det går med nesten 5000 liter vatn for å produsere 1 kilo ris og 500 liter for å produsere 1 kilo poteter? 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Mangel på vatn i verda 

Befolkninga på jorda øker, og det gjer at drikkevatnet vi har skal fordelast på stadig fleire menneske og dyr. I nokre område av verda er det til tider altfor mykje vatn, mens andre stader tørkar bort. Menneske og dyr klarar seg ikkje utan reint og godt drikkevatn.

En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.
En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.

Kjelder:

  • Vitenskapens guide til jordens framtid (2018)
    ORAGE FORLAG AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. NRK Skole
    4. Getty Images
    5. BBC News – YouTube
    6. BBC News – YouTube
    7. Getty Images
    8. Getty Images