Læreplantilkobling

Fag

Mat og helse

Core Kjerneelementer

  • Helsefremjande kosthald
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk
  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Mat og helse
  • kjenne att smakar i mat og undre seg over kvifor smak er noko vi opplever ulikt
7. trinn
Mat og helse
  • bruke sansane til å utforske og vurdere matens smak og tekstur og til å utforske anretning av mat
7. trinn
Mat og helse
  • kjenne att og greie ut om grunnsmakar i matvarer og fortelje om og diskutere korleis smak kan påverke matpreferansar og matval
10. trinn
Mat og helse
  • bruke sansane til å vurdere kvaliteten på matvarer, utforske og kombinere smakar i matlaginga og forbetre oppskrifter, menyar og anretning av mat

Smaken er som baken – han er delt

Smaken er som baken, han er delt. Det er sikkert og visst. Det er ikkje alt vi smaker på, og vi held oss oftast til det trygge. Nokon må berre smake på alt. Vi er veldig ulike når det gjeld matvanar. Ingenting er rett og gale, men det kan jo vere lurt å smake på litt av kvart. Det kan jo hende at du har gått glipp av noko som blir din neste favoritt!

Accessibility icon Smaken er som baken – han er delt

Smaken er som baken
– han er delt

Vi er veldig ulike når det gjeld kva vi liker og ikkje liker av mat. Det er nesten ingen som har heilt lik lukt- og smakssans. Derfor føretrekkjer vi ulike ting.

Vi kan venje oss til nye smakar, og kva vi liker best, endrar seg òg med alderen. Uansett bør ein alltid prøve nye smakar. Det kan jo vere noko du faktisk synest er godt!

Smak går ikkje berre føre seg i munnen. Det er berre dei fem grunnsmakane – søtt, surt, salt, bittert og umami – som blir registrerte i munnen. Mykje av smaksopplevinga sit i nasen. Du har kanskje sjølv merka at maten smaker mindre når du er forkjølt? Og spesielt viss ein har hatt covid-19.

Smak er ein av dei fem klassiske sansane saman med lukt, høyrsle, syn og følesansen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smaking

Grunnsmakane

Grunnsmakane var lenge søtt, salt, surt og bittert. Men så kom ein femte smak: umami.

Dei fleste kjenner nok igjen dei fire første, men umami er kanskje litt ukjent. Umami er eit japansk ord som kan omsetjast til velsmakande. Asparges, tomatar, ost, buljong, sopp, mjølk og kjøtt er døme på matvarer som smaker umami.

Finnes det fleire grunnsmakar? Kva slags smak er til dømes lakris eller feitt?

Sopp

Kor på tunga smaker vi?

Tunga vår er eit fantastisk organ som kan skilje mellom alle moglege smakar. Det blir sagt at vi har fem grunnsmakar:

  • Søtt kjenner vi ytst på tungespissen
  • Salt kjenner vi på ein noko større del av tungespissen
  • Surt kjenner vi bakover og på sida av tunga
  • Bittert kjenner vi bakarst på tunga
  • Umami kjenner vi nesten over heile tunga
Grunnsmaker

Smakssansen

Smak kjem frå sansecellene som er på tunga. Desse blir kalla smaksløkar.

Smaksløkane er fordelte utover tunga. Kvar smaksløk inneheld 50–100 smaksceller. Smakscellene er spesialiserte til å reagere på éin av dei fem grunnsmakane: surt, salt, søtt, bittert og umami.

Det kan vere vanskeleg å vite kva ein smaker om ein ikkje får hjelp av nasen. Viss du held deg for nasen, vil det vere veldig vanskeleg å vite om du et eple eller pære.

Gutt smaker på mat

Luktesansen

Vi har omtrent 10 millionar luktesansceller i nasen. Vi klarer å skilje mellom 4000–10 000 ulike dufter. Dessutan er vi i stand til å registrere om det luktar mykje eller lite.

Lukt er ein viktig del av matopplevinga. Du har kanskje kjent at «tennene spring i vatn», og at du blir svolten når du kjenner god matlukt? Luktesansen gjer òg at vi kan kjenne igjen dårleg mat, og han kan gi reaksjonar som kvalme. Luktesansen vernar oss mot å ete bederva mat.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Lukte pizza

Mat som passar saman

Forskarar prøver å finne nye samansetningar av mat. Kva matvarer passar saman? Kva kan gi heilt nye smaksopplevingar?

Mange vaksne et sjokolade til kaffi. Sjokolade og kaffi har nemleg mykje av den same kjemiske oppbygginga. Salt og karamell har vorte ein populær smak. Det same med chili og jordbær. Mange synest òg at syltetøy på brunosten er godt, medan andre ikkje liker det.

Nokre samansetningar vil nok verke heilt utenkjelege å smake på, men forskarane ønskjer å gi oss fleire valmoglegheiter. Kva matvarer kan setjast saman for å gi ein meir berekraftig matproduksjon?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Brunost

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images