Smaken er som baken – han er delt

Det er ikkje alt vi smakar på. Vi held oss ofte til det trygge. Nokon må berre smake på alt, men vi er veldig ulike når det gjeld matvanar. Ingenting er rett eller gale, men det kan jo vere lurt å smake på litt av kvart. Tenk om du har gått glipp av noko du vil elske!

Accessibility icon Smaken er som baken – han er delt

Smaken er som baken
– han er delt

Vi er veldig ulike når det gjeld kva vi liker og misliker av mat. Det handlar både om nokre genetiske forhold, og mykje om kva vi er vane med å ete. Det er nesten ingen som har heilt lik lukt- og smakssans. Derfor føretrekkjer vi  ulike ting.

Vi kan venje oss til nye smakar, og kva vi liker best, endrar seg også med alderen. Uansett bør vi alltid prøve nye smakar. Det kan jo hende det er noko du faktisk synest er godt!

Dei fleste forbind smak med noko som går føre seg i munnen, men det er berre dei fem grunnsmakane – søtt, surt, salt, bittert og umami – som blir registrerte i munnen. Sjølv om synssansen òg har betydning for korleis vi opplever mat, så går mykje av smaksopplevinga føre seg i nasen. Du har kanskje sjølv merka at maten smaker mindre når du er forkjølt?

Smak er ein av dei fem klassiske sansane saman med lukt, høyrsle, syn og følesansen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smaking
Smaking

Grunnsmakane

Grunnsmakane var lenge søtt, salt, surt og bittert. Men så kom ein femte smak: umami.

Dei fleste kan nok kjenne igjen dei fire første, men umami er kanskje litt vanskelegare å forstå. Umami er eit japansk ord som kan omsetjast til velsmakande. Asparges, tomatar, ost, buljong, sopp, mjølk og kjøt er døme på matvarer som smaker umami.

Vi veit enno ikkje om det kanskje er fleire grunnsmakar som vil dukke opp i framtida. Kva slags smak er til dømes lakris eller feitt?

Sopp
Sopp

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!