Læreplantilkobling

Fag

Mat og helse

Core Kjerneelementer

  • Helsefremjande kosthald
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk
  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Mat og helse
  • kjenne att smakar i mat og undre seg over kvifor smak er noko vi opplever ulikt
7. trinn
Mat og helse
  • bruke sansane til å utforske og vurdere matens smak og tekstur og til å utforske anretning av mat
7. trinn
Mat og helse
  • kjenne att og greie ut om grunnsmakar i matvarer og fortelje om og diskutere korleis smak kan påverke matpreferansar og matval
10. trinn
Mat og helse
  • bruke sansane til å vurdere kvaliteten på matvarer, utforske og kombinere smakar i matlaginga og forbetre oppskrifter, menyar og anretning av mat

Smaken er som baken – han er delt

Smaken er som baken, han er delt. Det er sikkert og visst. Det er ikkje alt vi smaker på, og vi held oss til det trygge. Nokon må berre smake på alt. Vi er veldig ulike når det gjeld matvanar. Ingenting er rett og gale, men det kan jo vere lurt å smake på litt av kvart. Det kan jo hende at du har gått glipp av noko som blir din neste favoritt!

Accessibility icon Smaken er som baken – han er delt

Smaken er som baken
– han er delt

Nokon liker det eine, og nokon liker det andre. Vi er veldig ulike når det gjeld smak. Det er nesten ingen som har heilt lik lukt- og smakssans.

Vi kan lære oss til å like nye smakar. Og vi prøver nok fleire ting når vi blir eldre. Du bør prøve nye smakar. Det kan jo hende at du synest noko er godt!

Smaken sit ikkje berre i munnen. Det er berre dei fem “grunnsmakane” –  søtt, surt, salt, bittert og umami – som blir registrerte der. Mykje av smaksopplevinga sit i nasen. Du har kanskje sjølv merka at maten smaker mindre når du er forkjølt?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smaking

Grunnsmakane

Grunnsmakane var lenge søtt, salt, surt og bittert. Men så kom ein femte smak: umami.

Umami er eit japansk ord som betyr velsmakande. Asparges, tomatar, ost, sopp, mjølk og kjøt er døme på matvarer som smaker umami.

Vil det dukke opp fleire grunnsmakar i framtida? Kva slags smak er til dømes lakris eller feitt?

Sopp

Kor på tunga smakar vi?

Tunga vår kan skilje mellom alle mogelege smakar. Vi har fem grunnsmakar:

  • Søtt kjenner vi ytst på tungespissen
  • Salt kjenner vi på ein noko større del av tungespissen
  • Surt kjenner vi bakover og på sida av tunga
  • Bittert kjenner vi bakarst på tunga
  • Umami kjenner vi nesten over heile tunga
Grunnsmaker

Smakssansen

Smak kjem frå sansecellene som er på tunga. Desse blir kalla smaksløkar.

Smaksløkane er fordelte utover tunga. Kvar smaksløk inneheld 50–100 smaksceller. Smakscellene er ekspertar til å reagere på éin av dei fem grunnsmakane: surt, salt, søtt, bittert og umami.

Klarer du å skilje mellom ulike smakar viss du held deg for nasen?

Gutt smaker på mat

Luktesansen

Menneske har 10 millionar luktesansceller i nasen. Vi klarer å skilje mellom 4000– 10 000 ulike dufter. Lukt er ein viktig del av matopplevinga. Du har kanskje merka at «tennene spring i vatn» når du kjenner god matlukt? Luktesansen avslører òg når mat er dårleg. Då kan vi bli kvalme, og då lèt vi vere å ete.

Lukte pizza

Mat som passar saman

Forskarar prøver å setje saman nye smaksopplevingar. Dei prøver å gi oss ny og spennande mat. Er det råvarer som aldri har vore prøvde saman før?

Mange vaksne et sjokolade til kaffi. Salt og karamell er ein populær kombinasjon. Det same med chili og jordbær. Mange synest òg at syltetøy på brunosten er godt, medan andre ikkje liker det.

Kan nye smakar gjere noko med miljøet? Kan nye smakar gjere noko med fattigdommen i verda?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brunost

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images