Sola skaper årstidene

Kvifor får vi årstider?

Accessibility icon Sola skaper årstidene

Kvifor har vi årstider?

Vi har årstider fordi jorda går i bane rundt sola, og aksen til jorda har ei svak helling. Det betyr at jorda står litt skråstilt i forhold til sola. Den delen av jorda som får mest direkte sollys, har vår og sommar. Den andre delen av jorda har haust og vinter. Om sommaren står sola høgare på himmelen, det er lenger lyst, og solstrålane varmar oss meir. Om vinteren er ikkje solstrålane like sterke, og sola står lågare på himmelen. Det er hellinga som sørgjer for desse forskjellane. 

Vårjamdøgn

På den nordlege halvkula får vi den første vårdagen cirka 20. mars. Aksen til jorda heller verken mot eller frå sola.  

Vintersolsnu

Vintersolsnu er cirka 20. desember. Sola står lågt på himmelen, og vinteren startar. 

Haustjamdøgn

På den nordlege halvkula får vi den første haustdagen cirka 22. september. Aksen til jorda heller verken mot eller frå sola. 

Sommarsolsnu 

Sommaren startar cirka 20. juni. Sola står høgt på himmelen. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!