Kva er statistikk?

Statistikk handlar om det å jobbe med usikkerheit knytt til korleis ting rundt oss eigentleg heng saman. Om du ikkje klarer å tolke statistikken rett, kan du bli lurt til å tru noko anna enn kva dataa faktisk viser!

Når du kastar terningar, veit du ikkje på førehand kva resultatet blir. Vi kan likevel berekne kor sannsynleg det er at du får ein gitt sum viss du kastar med to terningar.

Vi bruker statistikk for å anslå ulike ting. Frå kor mykje olje vi trur det er under havet, til kor mange som kjem til å reise på ferie til utlandet neste år.

Ein tabell, eit diagram eller ein graf er nokre måtar å presentere statistiske data på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinne sitter foran en dataskjerm og jobber med et søylediagram.
Kvinne sitter foran en dataskjerm og jobber med et søylediagram.

Generalisering

Statistikk blir ofte brukt når det er noko vi manglar eksakt kunnskap om. Då kan vi samle inn data gjennom ulike undersøkingar.

Resultata kan bli brukte til å seie noko om kor sannsynleg det er at noko kjem til å skje.

I samband med politiske val spør ein gjerne eit utval av befolkninga om kva dei har tenkt å stemme. Svara ein får, blir brukte for å berekne kva ein trur resultatet blir viss alle i Noreg stemmer.

Å bruke svar frå ei gruppe for å kunne seie noko om kva heile befolkninga vil stemme i eit val, kallar vi for ei generalisering.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hendene på en mann teller stoe bunker med stemmesedler.
Hendene på en mann teller stoe bunker med stemmesedler.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!