Kva er stress?

Stress er når du kjenner at det vert for mykje press og mas. Ein kan merka det på kroppen ved at pusten går raskare, hjarta slår raskare, og du får ei uro i kroppen.

Bra stress

Dersom du brenner deg på  fingrane dine, dreg du handa til deg. Dette er også stress. Stress hjelper deg slik at du ikkje vert skada. Då er stress ein bra ting.

Dårleg stress

Kjenner du deg trist, uroleg, pressa over ei lengre tid, så er det ikkje bra for deg. Då er stress noko som ikkje gjer deg godt, men som skadar deg.

Dame med hendende over ansiktet
Dame med hendende over ansiktet

Kort fortalt livsmeistring

Slik verkar stress

For mykje press og mas er ikkje bra for kjenslene dine og kroppen.

Ein kan oppleva at ein…

… ikkje veks som ein skal.

… får hovudpine, får vondt i magen og andre plagar.

… vert fortare sjuk.

… søv dårleg.

… mistar matlysta.

… ikkje klarer å konsentrera seg.

… ikkje orkar å tenkja på korleis andre har det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mor passer på sønn som ligger syk i fanget hennes
Mor passer på sønn som ligger syk i fanget hennes

Korleis la stress få mindre plass

Stress må få mindre plass i kjenslene dine. Men då må du vera med på å bestemma over dei tankane.

Aktivitet

Å vera aktiv som å springa, hoppa, dansa, leika hjelper deg til å bruka opp stress i kroppen din. Når du er aktiv, vert du meir glad.

Snakk om det

Det hjelper å snakke om det som er vanskeleg. Snakk med ein ven. Eller snakk med ein vaksen.

Pass på deg sjølv

Det å passa på seg sjølv er viktig. Gjer aktivitetar som du vert glad av. Vær saman med vener og familie som du vert glad av å vera saman med.

Legg merke til ting

Ein kan læra seg å leggja merke til kjensler som er inne i seg. Finn dei kjenslene som er fine som du vil ha. Legg merke til det som skjer rundt deg akkurat no.

Skriv eller teikn det som gjev deg stress

Å skriva eller å teikna ned dei kjenslene som gjev deg stress er lurt. Då kan ein kjenna dei igjen, neste gong dei kjem. Så rekk ein å tenkja på kvifor dei er der.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Er stress bra?

Forskarar har i mange år prøvd å finna ut om stress kan vera bra for oss. Viss ein kjenner seg litt stressa, kan det hende ein jobbar litt raskare, og det kan vera bra. Men for mykje stress er uansett ikkje bra.

Slik reagerer kroppen

Før måtte vi menneske overleva ute i naturen. Då kunna stress hjelpa oss å flykta frå eit rovdyr. I dag treng vi heldigvis ikkje det. Verda har forandra seg, og no kjem stress av andre grunnar.

Mykje stress i barndomen kan gjera livet vanskelegare når ein vert vaksen. Viss eit barn opplever krig eller vert mobba på skulen, påverkar dette hjernen før han er ferdig utvikla. I vaksen alder kan langvarig stress føra til alvorlege sjukdomar.

Når kroppen merkar stress, gjer han seg klar til sjukdom. Han set i gang immunforsvaret. Det vert kalla stressrespons. Viss ein stressar lenge, vil kroppen halde immunforsvaret i gang unødvendig, og då kan det verta «brukt opp». Viss ein seinare vert sjuk, kan det fort verta alvorleg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Negativt ord

Mange tenkjer at stress berre er negativt. Difor vert ein redd for å byrja å stresse og lei seg om ein vert stressa. Dette påverkar kor alvorleg stress er. Viss ein trur at stress er skadeleg, kjennest det verre.

Forskarar har funne at menneske som er stressa, og i tillegg er redd for stress, har ei større moglegheit for å døy tidlegare enn andre. Viss ein heller tenkjer at stress eigentleg er kroppen som prøver å hjelpa deg med noko, kan ein ifølgje forskarane leva lenger. Til og med lenger enn folk som nesten ikkje stressar i det heile.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Hjelp og omsorg

Viss ein får ein klem eller viss nokon tek på huda vår, dukkar det opp eit hormon i kroppen som heiter oksytocin. Dette hormonet dukkar også opp når ein stressar. Hormonet gjer nemleg at ein ønskjer seg meir omsorg og nærleik, og det kan hjelpa oss med stress.

Stress er ikkje noko behageleg. Men vi veit at det kjem for å hjelpa oss med vanskelege ting i livet. Det er mogleg å få kontroll på det, men då må ein stola på at kroppen held ut litt stress. Og så må ein hugsa å be om hjelp viss ein treng det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Stress og relasjonar 

Kjelder:

  • Utrolig vitenskap, 2018
    ORAGE FORLAG AS 
  • Nrk.no/Skole 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. NRK
    5. Ukjent
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. NRK