Svolten! 

Du står i butikken, magen rumlar, og du må ha noko NO. Du veit at du burde ete noko som held deg gåande i meir enn eit kvarter. Då er skulebrødet avvist, sjølv om du får vatn i munnen berre av synet. Du er proppa full av formaningar om å ete sunt, slik at kroppen skal kunne yte optimalt på skulen og på fritida. Så kva skal du velje?

En liten gutt som skal bestemme seg for et eple, eller en cupcake

Sunn mat? 

Det manglar i alle fall ikkje på råd. Eit nettsøk på «sunn mat» gir nesten 14 millionar treff. Og i butikkane blir du bombardert med produkt som forsikrar at dei er sunne og bra for deg. Men er det så sunt som dei påstår?

Utvalg av friske grønnsaker på en bakgrunn av tre

Ikkje alt sunt er sant 

Undersøkingar viser at mange synest det er vanskeleg å vite kva matvarer som faktisk er sunne. Innpakkinga er som regel forlokkande, og ho står ikkje alltid i stil med innhaldet. Ei matvare kan ha påstandar, eit namn, design og bilde som gjer at vi trur at vi tek eit «rett val».

I dei seinare åra har folk i matindustrien vore litt vel oppfinnsame når dei har kasta seg på sunnheitsbølga. Dei har selt «sunne produkt» som ved nærare undersøking ikkje er særleg sunne likevel. Dette er eit globalt problem som blir kalla «healthwashing» eller sunnvasking. Her får du nokre døme …

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En kvinne sett bakfra som ser på en hylle med masse matvarer i butikken

Frukostblandingar 

Granola og müsli har ofte bilde av store bær på pakken. Det er for å freiste dei av oss som er opptekne av helse. Men sanninga er at produkta ofte berre inneheld 1–2 prosent bær.

Når det gjeld sukker, har mange frukostblandingar godt over 10 gram sukker per 100 gram vare, medan havregryn til samanlikning har eitt gram sukker per 100 gram. Slike frukostblandingar vektlegg ofte at dei er rike på fiber og fullkorn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange skåler med forskjellige frokostblandinger

Jus og smudi 

Fleire jusar og smudiar i butikkane kan villeie deg som forbrukar, først og fremst fordi dei kan gi deg feil inntrykk av kva dei inneheld. Frukt- og bærsortar som blir oppfatta som meir eksklusive og sunnare, blir framheva og blir nemnde i namnet. Dette sjølv om det er mykje mindre av desse frukttypane og bærsortane i drikkane enn det er av anna frukt. Fleire av fruktdrikkane inneheld mest eplejuice.

Frukt og grønnsakssmoothier

Kjeks 

Mange fullkorns-cookies verkar som ein sunn kjeks, men dei har eit høgt kaloriinnhald og eit høgt innhald av sukker. Vêr spesielt merksam på sunnvasking av slike produkt.

Kjeks med tranebær

Snacks 

Ei undersøking av snacks og potetgull som er merkte med «mindre feitt» på framsida, viste at alle typane inneheldt nesten dobbelt så mykje eller meir salt enn ein vanleg chipstype. Fleire av dei inneheldt òg meir sukker. Bruk av linsemjøl gjer at proteininnhaldet aukar, men det hjelper lite når innhaldet av feitt og salt er såpass høgt.

Et stort utvalg med salte snacks i ulike skåler på et bord

Salat 

Det finst ei rekkje ferdigpakka salatar i butikkane. Det viser seg at fleire av desse inneheld fint lite salat og grønsaker, og forholdsvis mykje energi, det vil seie kaloriar.

Mange tenkjer at salat uansett er sunt, men det kan vere lurt å sjå på næringsinnhaldet i ein salat. Det er nemleg store forskjellar på dei. Det er ikkje dermed sagt at desse er usunne, men dei er kanskje ikkje så sunne som dei gir seg ut for å vere.

Blandet salat i en plastboks

Kva betyr «30 prosent mindre sukker*»?  

Dette står gjerne på yoghurtar som ønskjer å verke som eit sunt alternativ. I lita skrift står det: «Samanlikna med gjennomsnittleg sukkerinnhald i fruktyoghurtar med tilsett sukker.» Altså har denne yoghurten 30 prosent mindre enn gjennomsnittet til alle yoghurtar på marknaden, både mjølkesukker, fruktsukker og tilsett sukker. Då er yoghurten sunnare enn dei søtaste yoghurtane, men han kan likevel innehalde dobbelt så mykje sukker som ein naturell-yoghurt.

Skål med youghurt og frukt

Reglane blir tøygde og bøygde  

I Noreg har vi strenge reglar for merking av mat. Informasjonen skal vere rett, tydeleg og enkel for forbrukaren å forstå, og han skal ikkje vere villeiande. Det er altså ikkje lov å framstille ei matvare som sunnare enn kva ho eigentleg er, men desse reglane blir ofte tøygde.

Ung kvinne som ser på innholdet av en vare i butikken

Følg med! 

Det er lurt å lese lista over innhald i varer skikkeleg når du er i butikken. Merkelappar som «heimelaga», «ekte», «naturleg», «fri for» og «utan tilsett sukker» skal ein ikkje alltid ta for god fisk. Det kan vere ein grei start å sjå etter nøkkelholmerket og sjekke brødskalaen på bakevarer. Det er òg smart å sjekke produkt på nettet og samanlikne innhaldet.

Brødskalen

Du har makta! 

Det betyr noko kva val vi gjer når vi bruker pengar. Som forbrukarar har vi makt til å vise kva vi ønskjer. Det skjer kvar gong vi legg noko i handlekorga, både i butikken og på nett. Det er verdt å tenkje over kva du vil bruke den makta til. Maten vi et har mykje å seie for både helse, etikk, miljø og klima.

Dame som holder flere handleposer

Variasjon er sunnast av alt 

Det offisielle kostholdsrådet er:   

  • Eit variert kosthald gir eit godt grunnlag for god helse, og det bidreg til at ein får i seg næringsstoffa ein treng.  

Dette betyr at det beste kosthaldsrådet er å ete forskjellige typar mat. 

Usunn mat til venstre og sunn mat til høyre

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Opplysningskontoret for brød og korn
    12. Getty Images
    13. Getty Images