Sunt = sant?
Å gjera sunne og gode val i matbutikken er ikkje lett. Det er mange produkt som gir seg ut for å vere bra for oss, men ein skal ikkje tru alt ein les.
Svolten!
Du står i butikken, magen rumlar, og du må ha noko NO. Du veit at du burde ete noko som held deg gåande i meir enn eit kvarter. Derfor er skulebrødet avvist, sjølv om du får vatn i munnen berre av synet. Du får stadig høyre at du må ete sunt, slik at kroppen kan yte best mogleg på skulen og på fritida. Så kva skal du velje?
En liten gutt som skal bestemme seg for et eple, eller en cupcake
Sunn mat?
Gode råd har vi i alle fall nok av. Eit søk på nettet på «sunn mat» gir nesten 14 millionar treff. Og i butikkane finst det haugevis med produkt som forsikrar at dei er sunne og bra for deg. Men er denne maten så sunn som dei påstår?
Utvalg av friske grønnsaker på en bakgrunn av tre
En kvinne sett bakfra som ser på en hylle med masse matvarer i butikken
Mange skåler med forskjellige frokostblandinger
Jus og smudi
Fleire jusar og smudiar i butikkane kan villeie deg som forbrukar, først og fremst fordi dei kan gi deg feil inntrykk av kva dei inneheld. Frukt- og bærsortar som blir oppfatta som meir eksklusive og sunnare, blir framheva og blir nemnde i namnet. Dette sjølv om det er mykje mindre av desse frukttypane og bærsortane i drikkane enn det er av anna frukt. Fleire av fruktdrikkane inneheld mest eplejuice.
Frukt og grønnsakssmoothier
Kjeks
Mange typar kjeks med fullkorn verkar sunne, men dei kan òg innehalde mykje sukker og feitt. Vêr spesielt merksam på sunnvasking av slike produkt.
Kjeks med tranebær
Snacks
Ei undersøking av snacks og potetgull som er merkte med «mindre feitt» på framsida, viste at alle saman inneheldt nesten dobbelt så mykje eller meir salt enn ein vanleg chips-type. Fleire av dei inneheldt òg meir sukker. Chips av til dømes linsemjøl gjer at proteininnhaldet blir høgare, men det har lite å seie fordi dei framleis inneheld mykje salt og sukker.
Et stort utvalg med salte snacks i ulike skåler på et bord
Salat
Det finst mange typar ferdigpakka salat i butikkane. Det viser seg at fleire av desse inneheld fint lite salat og grønsaker, og ganske mykje energi eller det vi kallar kaloriar.
Mange tenkjer at salat uansett er sunt, men det kan vere lurt å sjå på næringsinnhaldet i ein salat. Det er nemleg store forskjellar på dei. Det betyr ikkje at alle slike er usunne, men dei er kanskje ikkje så sunne som dei gir seg ut for å vere.
Blandet salat i en plastboks
Kva betyr «30 prosent mindre sukker*»?
Dette står gjerne på yoghurtar som ønskjer å verke som eit sunt alternativ. I lita skrift står det: «Samanlikna med gjennomsnittleg sukkerinnhald i fruktyoghurtar med tilsett sukker.» Altså har den 30 prosent mindre sukker enn ein typisk vanleg yoghurt. Då er yoghurten sunnare enn dei søtaste yoghurtane, men han kan likevel innehalde dobbelt så mykje sukker som ein naturell-yoghurt.
Skål med youghurt og frukt
Reglane blir tøygde og bøygde
I Noreg har vi strenge reglar for merking av mat. Merkinga skal vere rett, tydeleg og enkel for deg å forstå, og ho skal ikkje vere villeiande. Det er altså ikkje lov å framstille ei matvare som sunnare enn ho eigentleg er. Men desse reglane blir ofte tøygde.
Ung kvinne som ser på innholdet av en vare i butikken
Følg med!
Det er lurt å lese lista over innhald i varer skikkeleg når du er i butikken. Merkelappar som «heimelaga», «ekte», «naturleg», «fri for» og «utan tilsett sukker» skal ein ikkje stole på utan å tenkje seg om. Det kan vere ein grei start å sjå etter nøkkelholmerket og sjekke kor grovt brødet eigentleg er. Det er òg smart å sjekke produkt på nettet og samanlikne innhaldet.
Brødskalen
Du har makta!
Det betyr noko kva val vi gjer når vi bruker pengar. Som forbrukarar har vi makt til å vise kva vi vil ha. Det skjer kvar gong vi legg noko i handlekorga, både i butikken og på nett. Det er verdt å tenkje over kva du vil bruke den makta til. Maten vi et har mykje å seie for både helsa vår, for dei som produserer maten og for miljøet.
Dame som holder flere handleposer
Variasjon er sunnast av alt
Det viktigaste rådet når det kjem til kva du et, er:
- Eit variert kosthald gir eit godt grunnlag for god helse, og det bidreg til at ein får i seg næringsstoffa ein treng.
Dette betyr at det beste kosthaldsrådet er å ete forskjellige typar mat.
Usunn mat til venstre og sunn mat til høyre
Kjelder:
- Forbrukerrådet (20. august 2021): Vet vi hva vi kjøper? Forbrukerrådets gjennomgang av matmerking i butikk 2019.
https://fil.forbrukerradet.no/wp-content/uploads/2020/01/vet-vi-hva-vi-kjoper-2019-forbrukerradets-rapport-om-matmerking-rev-endelig.pdf
- Helsedirektoratet (20. august 2021): Kostrådene.
https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kostradene-og-naeringsstoffer/kostrad-for-befolkningen#variert-kosthold
- Helsenorge.no (25. august 2021): Kostråd om sukker.
https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/kostrad/mindre-sukker-til-hverdags/#hva-er-tilsatt-sukker
- Nettavisen (19. august 2021): Ernæringsfysiologen advarer: Her er de skjulte sukkerbombene.
https://www.nettavisen.no/okonomi/ernaringsfysiologen-advarer-her-er-de-skjulte-sukkerbombene/s/12-95-3424103641
- Opplysningskontoret for brød og korn (20. august 2021): Brødskalaen.
https://brodogkorn.no/fakta/brodskalaen/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Opplysningskontoret for brød og korn
-
Getty Images
-
Getty Images
-