Kva er det sunnaste du kan eta?

I dag blir enkelte matvarer framstilte som om dei var superheltar. Desse heltane finst overalt, og tallerkane våre blir stadig fylt opp av ny supermat. Er supermat løysinga på alle helseproblema våre, og kva matvarer fortener å bli kalla «supre»?

Grønnsaker

Kva er supermat?

Det finst ikkje noko fasitsvar på kva supermat er. Ordet supermat blir ofte brukt for å selja litt dyrare mat. Ingen vitskap kan bevisa kva supermat er. Når forfattarar og bloggarar skriv om mat, brukar dei ofte ordet “supermat”. Då trur kanskje lesarane at dette er sunn og viktig mat. Dei matvarene som blir kalla supermat, har nokre fellestrekk. Dei er dyre, eksotiske og har vanlegvis høgt innhald av enkelte næringsstoff.

Gojibær

Gojibær kjem frå Himalaya og inneheld meir vitamin C enn appelsinar. Dei inneheld også meir jern enn spinat. Bæra er kjende for å gi veldig god helse, men folket i landa der maten kjem frå, lever ikkje lenger enn andre.

Dokumentert effekt?

Det blir fortalt om nokre legar som for lenge sidan oppdaga eit folk som levde av gojibær. Menneska kunne bli fleire hundre år gamle. Dette er ikkje vitskapeleg bevist. Gojibær er ikkje noko betre å eta enn annan frukt.

Supermat har alltid vore ein del av kosthaldet. Det er ikkje noko nytt som har kome i tida vår. Ein trudde at slik supermat var magisk. Ein lege i Kina skal ha blitt 256 år ved å eta gojibær. Det stemmer nok ikkje. Likevel selde han slike bær, og blei rik av det.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gojibær i skål

Frie radikal

Gojibær inneheld mykje antioksidantar. Det same gjer blåbær. Antioksidantar hjelper kroppen med å kvitta seg med farlege stoff. Desse stoffa kallar me frie radikal, og dei kan vera årsak til  kreft. Sjølv om reklame for antioksidantar seier at du kan unngå kreft, er det ikkje så enkelt.

Dei frie radikala kan gjera positive ting med cellene våre, men viss det blir for mykje av dei kan cellene bli skada. Då kan cellene bli raskare gamle, og dei kan utvikla kreft.

Det er sunt å eta mat med antioksidantar, men ikkje for mykje. Et gjerne blåbær, nøtter, fullkorn og frø. Det er usannsynleg at antioksidantar vil skada deg, men det er ikkje sikkert du får betre helse av det heller. Vitskapen kan førebels ikkje bevisa nokon av delane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Quinoa, Chilequinoa-i-chile

Vanskelege å studera

Skal me bevisa at supermat fungerer, må ein testa det på menneske, ikkje mus eller rotter. Det er lite forsking som går føre seg på den måten.

Forsking er noko heilt anna enn det verkelege livet. I forskning testar ein gjerne ut ei og ei matvare. I det verkelege livet et me fleire ting samstundes. Då kan jo kroppen reagera forskjellig frå person til person. Forskarar testar også gjerne ut høgare dosar enn me et eller drikk til vanleg. Forsking med mat er difor ganske vanskeleg.

«Supermat» er ikkje svindel. Mange av matvarene er proppfulle av næring, og gjer oss godt. Problemet er berre at ordet «supermat» kan gi oss urealistiske forventningar til det me et.

Me kan heller kalla denne maten for spesielt næringsrik mat. Du får ikkje superkrefter av å eta han, men variert og næringsrik mat er godt for oss. Det er det ikkje nokon tvil om.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Konsekvensar for lokale bønder og miljø

Ein uheldig konsekvens av å produsera «supermat» er at bøndene blir taparane. Når ei matvare blir populær i Europa eller USA, blir ho veldig dyr. Då har ikkje bøndene som dyrkar maten råd til å kjøpa han sjølv. Dei lever då til slutt på importert billigmat som ikkje er spesiell sunn.

Det er ikkje bevist at eksotisk mat er betre enn norsk mat. I staden for å eta for mykje av nokre matvarer, bør du uansett ha eit allsidig kosthold. Kva ville The Avengers vore utan dei forskjellige eigenskapane? Saman er dei eit bra team. Berre hugs at den største delen av kosthaldet ditt bør vera grøn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sunn snacks

Kjelder:

  • Vitenskapens guide til bedre helse (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. NRK og Ukjent
    2. Ukjent
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. Ukjent