Sur som ein sitron

Det finst mange ulike sitrusfrukter. Dei fleste av dei er ganske sure og krev at dei blir behandla på ein måte før bruk. I Noreg et vi store mengder appelsinar til påske, og vi et klementinar til jul. Elles drikk vi ganske mykje jus som er basert på sitrusfrukter. Men kva er eigentleg ein kumquat?

Accessibility icon Sur som ein sitron

Sitrusfruktene

Har du høyrt uttrykt “sur som ein sitron”? Det betyr at ein er veldig sur. Sitron smaker surt og bittert, og han er den suraste av sitrusfruktene.

Sitron høyrer til sitrusfruktene saman med lime,  appelsin, klementin, grapefrukt og kumquat. Sitrusfruktene er bær med høgt innhald av C-vitamin. Dei fleste artane stammar frå Asia.

Det blir dyrka enorme mengder sitrusfrukter i middelhavslanda og California i USA.

Sitrontre
Sitrontre

Sitron

Sitronen er gul og eggforma. Han er så sur at dei færraste et han akkurat som han er.

Frukta kjem opphavleg frå India, som framleis er den største produsenten av sitron.

Vi kan bruke fruktkjøtet, eller berre safta. Skalet kan òg brukast. Då kallar vi det sukat.

Sitronen inneheld mykje C-vitamin, og han har vore brukt i medisinar i tusenår. Sitron er sterkt bakteriedrepande.

Lime

Lime er ei lita grøn sitrusfrukt. Limen er noko søtare enn sitron, men han er likevel bitter i smaken.

Safta av lime er fin å bruke i supper. Lime kan òg brukast i dei fleste typar sausar og dressingar.

Fisk og kjøt som blir marinert i lime, blir meir saftig. Eit døme på det er ceviche. Det vil seie fisk eller skaldyr “kokt” i lime.

Lime

Appelsin

Appelsinen kjem opphavleg frå Kina, og namnet betyr «kinesisk eple». På verdsbasis dyrkar Brasil mest appelsinar, men dei fleste appelsinane vi et i Noreg, kjem frå Spania.

Appelsinen må skrellast før han blir eten. Vi kan ete han som han er, eller vi kan presse ut safta som appelsinjuice. Frukta kan òg brukast i salatar, eller til å lage marmelade – eit slags syltetøy.

I Noreg et vi flest appelsinar i påska. Appelsin er ei viktig kjelde til C-vitamin.

Klementin

Klementin liknar på ein liten appelsin. Han blir stort sett eten som han er, og vi et spesielt mykje klementin rundt juletider.

Han kan pressast til saft og jus. Frukta gjer seg i fruktsalatar og som pynt. Fordi klementinen er søt, er det ikkje nødvendig å tilsetje mykje sukker når han blir brukt i matlaging.

Kva er forskjellen på klementin og mandarin? Klementinen er søtare, og som regel utan steinar. Rundt juletider er det berre sesong for klementin. Då er det berre dette du får kjøpt i butikkane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En appelsinbonde holder et fat med appelsiner foran seg
En appelsinbonde holder et fat med appelsiner foran seg

Grapefrukt

Grapefrukta er den største av sitrusfruktene. Ho veks i klasar på tre, akkurat som druer. Det er her namnet kjem frå. Grape betyr drue på engelsk.

Vi kan ete grapefrukta som ho er, for ho er ein del søtare enn sitron og lime. Ho kan òg brukast i salatar, eller ho kan pressast til saft eller jus.

Grapefrukt inneheld omtrent like mykje C-vitamin som ein klementin.

USA, Kina og Sør-Afrika er dei største produsentane av grapefrukt.

Grapefrukt
Grapefrukt

Kumquat

Kumquat er ei sitrusfrukt som har blitt meir vanleg dei siste tiåra. Ho liknar litt på ein appelsin med oval form. I motsetning til appelsin sit det meste av søtsmaken i skalet. Ho blir derfor eten med skalet på.

Mange brukar kunquat som pynt på dessertar og middagsrettar.

Kumquat
Kumquat

Kjelder:

  • Sunding, Per: Grapefrukt Store norske leksikon på snl.no
    Henta 2021 M09 13 frå
    https://snl.no/grapefrukt

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. FRUKTno – YouTube
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images