Sur som ein sitron
Det finst mange ulike sitrusfrukter. Dei fleste av dei er ganske sure og krev at dei blir behandla på ein måte før bruk. I Noreg et vi store mengder appelsinar til påske, og vi et klementinar til jul. Elles drikk vi ganske mykje jus som er basert på sitrusfrukter. Men kva er eigentleg ein kumquat?
Sitrusfruktene
Har du høyrt uttrykket “sur som ein sitron”? Det betyr at ein er veldig sur, akkurat som sitronen.
Sitron høyrer til sitrusfruktene som er bær med mykje C-vitamin.
Det blir dyrka store mengder sitrusfrukter i Sør-Afrika og California i USA.
Sitrontre
Sitron
Sitronen er gul og eggforma. Han er så sur at dei færraste et han akkurat som han er. Vi kan bruke fruktkjøtet eller berre safta.
Frukta kjem opphavleg frå India, men blir dyrka fleire stader i verda.
Sitronen inneheld mykje C-vitamin, og han har vorte brukt i medisinar i mange tusen år.
Lime
Lime er ei lita grøn sitrusfrukt. Limen er litt søtare enn sitronen, men er likevel bitter i smaken.
Safta av lime er fin å bruke i supper, og særleg fiskesupper.
Fisk og kjøt som blir marinert i lime, blir meir saftig. Eit døme er ceviche. Det betyr fisk eller skaldyr “kokt” i lime.
En appelsinbonde holder et fat med appelsiner foran seg
Grapefrukt
Grapefrukta er den største av sitrusfruktene. Ho veks i klasar på tre, akkurat som druer. Grape betyr drue på engelsk.
Vi kan ete grapefrukt som ho er, for ho er søtare enn sitron. Ho kan òg brukast i salatar, eller ho kan pressast til saft eller jus.
Grapefrukt inneheld omtrent like mykje C-vitamin som ein klementin.
Grapefrukt
Kumquat
Kumquat liknar på ein appelsin med oval form. Det meste av smaken sit i skalet. Kumquat blir derfor eten med skalet på.
I tillegg til å etast rå, kan kumquat brukast som pynt på dessertar og middagsrettar.
Kumquat
Kjelder:
- Sunding, Per: Sitrusfrukter i Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 13 frå
https://snl.no/sitrusfrukter
- Sunding, Per: Sitron i Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 13 frå
https://snl.no/sitron
- Lime: Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 13 frå
https://snl.no/lime
- Jørgensen, Marte Holte: Klementiner i Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 13 frå
https://snl.no/klementiner
- Sunding, Per: Appelsin i Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 13 frå
https://snl.no/appelsin
- Sunding, Per: Grapefrukt i Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 13 frå
https://snl.no/grapefrukt
- Sunding, Per: Kumquat i Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 13 frå
https://snl.no/kumquat
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
FRUKTno – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-