Kva er syrer og basar?
Du veit kanskje at ein sitron smaker surt fordi det er syre i han. Men visste du at det motsette av ei syre er ein base? Sterke syrer kan etse ting i stykke, men kvifor det? Det skal vi lære om no.
Reagerer med huda
Viss ein får ei sterk syre eller base på huda, vil ein få sår. Dette er fordi dei reagerer med huda. Desse reaksjonane er litt ulike, derfor seier vi at syrer er etsande, medan basar er kaustiske.
Kva er pH?
pH fortel deg om det er for mange eller for få einsame proton i noko. Ei sterk syre har pH 0. Ein sterk base har pH 14. Viss noko har pH 7, er det verken surt eller basisk.
Her er pH-verdien til nokre stoff du kanskje har høyrt om:
0 = Batterisyre
3 = Brus
7 = Reint vatn
9 = Såpe
14 = Avløpsrens
Nøytral
Ei syre og ein base treng på ein måte kvarandre. Viss vi blandar dei, er ikkje protona einsame lenger. Då er ikkje blandinga farleg. Ho har vorte det vi kallar nøytral.
Lakmus
Det finst nokre stoff som skiftar farge viss dei kjem borti noko surt eller basisk. Lakmus er eitt av dei. Viss du dryp noko surt på eit lakmuspapir, blir det raudt. Dryp du noko basisk, blir det blått.
Saft frå raudkål
Viss ein koker vanleg raudkål, får ein ei saft som liknar på lakmus. Denne safta kan òg skifte farge. Kva trur du skjer viss du heller litt raudkålsaft i eit glas med sitronsaft? Kva med på eit såpestykke?
Kjelder:
- Fantastisk vitenskap (2018)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Ukjent
-
iStock
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-