Kva er syrer og basar?  

Du veit kanskje at sitron smaker surt fordi han inneheld syre. Kanskje har du òg høyrt om pH, skalaen vi bruker for å seie kor surt eller basisk eit stoff er.

Sterke syrer kan etse ting i stykke, men korleis fungerer eigentleg det? Og kva vil det seia at basar er det motsette av syrer?

Hydrogen

For å forstå syrer og basar, må vi vite litt om hydrogen. Hydrogen er eit viktig atom i naturen. Det består vanlegvis av to partiklar – eit stort proton i midten og eit lite elektron som svirrar rundt. Protonet er markert med eit pluss, fordi det er positivt. Elektronet er negativt, og blir markert med minusteikn. Vi seier at desse partiklane har elektrisk ladning. Atomet vil helst ha like mykje pluss og minus.

Viss hydrogenatomet mister elektronet sitt, er det berre eit proton igjen. Då er det ikkje lenger balanse, og atomet blir berre pluss. Då blir det eit ion vi kallar H+. Eit slikt ion prøver hardt å hengje seg fast i elektrona til andre atom, for å få betre balanse mellom pluss og minus.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Syre

Ei syre er eit stoff der mange hydrogenatom manglar eigne elektron. Der er det mange H+ som prøver å hengje seg fast i andre atom.

Base

Ein base er eit stoff der det er for få H+. Dei prøver å få tak i proton. Viss ein blandar ei syre med ein base, vil dei nøytralisere kvarandre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Reagerer med huda 

Viss ein får ei sterk syre eller base på huda, vil ein få kjemiske brannsår. Dette er fordi dei reagerer med stoff i huda. Desse reaksjonane er litt ulike, derfor seier vi at syrer er etsande, medan basar er kaustiske.

Kva er pH?  

pH er ein målestokk for kor mykje H+ det er i ei løysing. Skalaen går frå 0 til 14, der 0 er det suraste. Viss noko har pH 7, er det nøytralt (verken surt eller basisk).

Her er pH-verdien til nokre stoff du kanskje har høyrt om:

0          Batterisyre

3          Brus

7          Reint vatn

9          Såpe

14        Avløpsrens

Nøytralisering  

Når vi blandar ei syre med ein base, vil dei balansere kvarandre ut. Då seier vi at løysingane blir nøytraliserte. Stort sett sit vi då igjen med vanleg vatn og eit slags salt – ikkje lenger nokon farleg syre eller base!

Kalke jorda  

Ein kan bruke nøytralisering til noko nyttig. Dei fleste plantar veks best i nøytral jord, men av og til kan jorda bli for sur. Då kan ein tilsetje eit basisk stoff som krit eller kalk, for at jorda skal bli betre for plantane.

Magesyre

I magen din har du òg syre som hjelper deg med å fordøye, men også her kan det bli for mykje syre. Heldigvis finst det basiske tablettar som får pH-verdien i magesyra tilbake dit han skal vere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Lakmustesten  

Vi kan teste om eit stoff er surt eller basisk med eit lakmuspapir. Dette er eit spesielt papir som er tilsett nokre heilt spesielle fargestoff. Viss ein dyppar dette papiret i ei sur løysing, blir det raudt, medan det blir blått i ei basisk løysing. Lakmus-stoffet blir derfor kalla ein indikator.

Saft frå raudkål

I vanleg raudkål finst det òg ein indikator som blir kalla flavin. Viss ein koker raudkål, kan ein bruke vatnet til å finne ut om noko er surt eller basisk. Kva trur du skjer viss du heller litt i eit glas med sitronsaft? Kva med på eit såpestykke?

Kjelder:

  • Fantastisk vitenskap 2018
    ORAGE FORLAG AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. iStock
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images