Tankeeksperiment: Kva viss jorda sluttar å rotere?

Jorda roterer rundt sin eigen akse og går i bane rundt sola. Rotasjonen skaper ikkje berre natt, dag og årstider – han er svært viktig for alt liv slik vi kjenner det. Men kva vil skje viss jorda sluttar å rotere?

Accessibility icon Tankeeksperiment: Kva viss jorda sluttar å rotere?
Tankeeksperiment:

Kva viss jorda sluttar å rotere?

Rotasjonen er svært viktig for livet på jorda. La oss derfor gjere eit tankeeksperiment: Kva ville skje viss jorda sluttar å rotere?

Den nye verda vår

Dette er historia om kva som kan skje viss planeten vår slutter å rotere. Éi forandring kan forandre alt.

Person står midt i mellom en frodig og grønn verden og en forurenset uttørket verden.
Person står midt i mellom en frodig og grønn verden og en forurenset uttørket verden.

Planetane roterer

Solsystemet vart til for fleire milliardar år sidan, frå ei roterande sky. Då planetane vart danna, begynte dei å rotere.

Ved ekvator roterer jorda med ein fart på 1600 kilometer i timen.  I røyndommen roterer jorda to sekund saktare kvart ti tusande år. I  tankeeksperimentet vårt vil det berre ta fem år før jorda sluttar å rotere heilt.

Kva vil skje med jorda og med oss?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Satellittane skaper trøbbel

Første dagen vil forandringa i rotasjonen nesten vere umerkeleg. Han er mindre enn éin kilometer i timen.

Vi ser dei første teikna på trøbbel ved at satellittane endrar hastigheita. Satellittar er menneskeskapte objekt som går i bane rundt jorda. Dei hjelper oss med mellom anna navigasjon. Når du brukar ein GPS, er det satellittane som fortel oss kvar vi er.

Flya våre navigerer med hjelp av GPS, og dei er heilt avhengige av at satellittane bevegar seg slik dei skal. Endringane får store konsekvenser for flytrafikken. Pilotane veit ikkje kvar dei er i forhold til dei andre flya som er i lufta.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En satellitt svever over jordkloden.
En satellitt svever over jordkloden.

Dei første vekene

Dei første vekene vil problema auke i heile verda. Kvart døgn blir stadig lengre. Sekund og minutt blir snart timar og dagar. Kva vil skje med ei verd som er van med døgn på 24 timar?

En sort vekkerklokke med viser står på et rustikk bord.
En sort vekkerklokke med viser står på et rustikk bord.

Fire månader seinare

Etter fire månader roterer jorda endå saktare. Kvart døgn er nesten 28 timar langt. Det inneber to timar meir med dagslys, og to timar meir med nattemørker.

Endringane gjer at det blir kaos i naturen. Verdshava og atmosfæren endrar seg. Store landområde hamnar under vatn.

Over det meste av verda klarer menneske gradvis å tilpasse seg endringane. Trass i  storflaumar, jordskjelv og meir oksygenfattig luft.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Oversvømmelse
Oversvømmelse

Eit år har gått

Det har gått litt over eit år, og jorda roterer endå saktare enn før. Planeten held fram med å forandre seg, og verdshava flyttar seg.

Storbritannia og mykje av Europa blir svelgde av eit nytt hav. London er borte, det same gjeld Moskva og Berlin. Historiske byar ligg no på havbotnen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tower Bridge i London blir feid bort av en flodbølge.
Tower Bridge i London blir feid bort av en flodbølge.

To og eit halvt år seinare

Nå roterer jorda berre med ein fart på 320 kilometer i timen. Lufta begynner å bli for tynn til å puste i.

Menneska som har overlevd, må takle endå ein konsekvens. Folk slit med å få nok søvn! Menneske er ikkje skapte til å sove i dagslys, og no varer dagane i 60 timar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinne ligger i senga og sliter med å sove.
Kvinne ligger i senga og sliter med å sove.

Fire år har gått

Fire år har gått, og jorda roterer i litt over 60 kilometer i timen. Sola held seg på himmelen i 13 dagar om gongen, og etter det kjem nettene, som er like lange.

Dei fire årstidene er borte. No blir alt definert av lys, varme, mørker og kulde. Om nettene kan det vere temperaturar ned til minus 55 grader.

Mennesket slit med å tilpasse seg. Dei fleste dyreartar klarer det ikkje. Dyr som går i hi og søv seg gjennom store delar av året, klarer seg betre. Dei er vane med å gå lenge utan mat.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bjørn ligger i dvale og sover.
Bjørn ligger i dvale og sover.

Nesten ingen rotasjon

Etter 4 år har kvar dag blitt 768 timar lang. No er rotasjonen nesten ikkje merkbar. Sola held seg på himmelen i 16 dagar om gongen. Havet er delt i to – det nordlege og det sørlege.

Menneska prøver å dyrke mat for å overleve, men det meste av maten kjem frå havet. Dei artane som klarer seg best, er tunfisk, makrell og torsk.

Fleire og fleire jobbar som fiskarar. I den lange, kalde natta jobbar frivillige i team og fangar fisk frå det iskalde havet. Temperaturen er slik at kroppen berre toler det i nokre få minutt om gongen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fiskebåt i arktisk miljø.
Fiskebåt i arktisk miljø.

Fem år har gått

Etter fem år stoppar jorda heilt opp. Det meste av landområda er rundt ekvator. Elles er det hav som strekkjer seg frå polane til ekvator. I meir enn halvparten av landområda er det umogleg å leve.

Jorda roterer ikkje lenger, men ho går framleis i bane rundt sola. No er det lys halve året, og mørker i det andre halvåret. Det gamle døgnet med dag og natt er heilt borte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jordkloden med en mørk og en lys side.
Jordkloden med en mørk og en lys side.

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images