Kva viss vi var 100 menneske på jorda?

I 2021 levde det i underkant av 8 milliardar menneske på jorda. Det er 1 milliard meir enn for ti år sidan. Det er ei utvikling som ikkje er ønskjeleg dei neste ti åra, for det er vanskeleg nok å fordele ressursane på dei som bur her no.

Tenk deg at heile jordas befolkning berre var 100 menneske! Korleis ville befolkninga ha vore fordelt då?

Stor folkemengde sett ovenfra.
Stor folkemengde sett ovenfra.

Kvinner og menn

Den gode nyheita er at det er omtrent halvparten av kvart kjønn. Her er det tatt utgangspunkt i biologisk kjønn, og ikkje i korleis ein sjølv definerer seg.

Kvar kjem alle frå?

61 personar vil komme frå Asia. 19 av desse kjem frå Kina, og 18 kjem frå India. Kina og India er dei mest folkerike landa i verda – så det er ikkje heilt overraskande. 15 personar kjem frå Afrika, 10 kjem frå Europa, og i underkant av 9 kjem frå Sør-Amerika og Karibia. Frå Nord-Amerika kjem det 5 menneske.

Kva slags språk blir snakka?

12 personar vil snakke mandarin-kinesisk, og vi har 5 for kvart av språka spansk, engelsk og hindi. Det er 3 som snakkar arabisk, og litt over 2 snakkar portugisisk. Russisk blir talt av 2 personar, og det er 2 som snakkar japansk. Tysk er det éin person som snakkar.

Dei resterande innbyggjarane kan velje mellom dei andre 6000 språka i verda. Kor stor prosentdel snakkar norsk, tenkjer du?

Religion

I befolkninga er det 34 med kristen bakgrunn, 27 er muslimar, og drøyt 16 er hinduar. Vi har 7 buddhistar og 2 ateistar. Dei resterande fordeler seg på andre religionar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!