Kva viss vi var 100 menneske på jorda?

I 2021 levde det nesten 8 milliardar menneske på jorda. Det er 1 milliard meir enn for ti år sidan. Ei slik utvikling er ikkje ønskjeleg. Det blir for vanskeleg å dele mat, vatn og andre ressursar.

Korleis ville det ha vore viss befolkninga var 100 menneske?

Stor folkemengde sett ovenfra.
Stor folkemengde sett ovenfra.

Kvinner og menn

Det er omtrent halvparten av kvart kjønn. Vi meiner då biologisk kjønn, og ikkje korleis ein sjølv definerer seg.

Kvar kjem alle frå?

61 personar vil komme frå Asia.
19 av desse kjem frå Kina.
18 kjem frå India.

15 personar kjem frå Afrika.
10 kjem frå Europa.
9 kjem frå Sør-Amerika og Karibia.
5 menneske kjem frå Nord-Amerika.

Kva slags språk blir  snakka?

12 personar vil snakke mandarin-kinesisk.
5 vil snakke kvart av språka spansk, engelsk og hindi (India).
3 snakkar arabisk.
2 snakkar portugisisk.
2 snakkar russisk.
2 snakkar japansk.
1 snakkar tysk.

Resten snakkar nokre av dei andre 6000 språka som finst.

Religion

I befolkninga er det 34 kristne. 27 er muslimar, og drygt 16 er hinduar. Vi har 7 buddhistar og 2 ateistar. Ateistar trur ikkje på nokon gud. Hinduismen og buddhismen oppstod i India. Resten fordeler seg på andre religionar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!