«There ain’t no such thing as a free lunch»

Har du høyrt dette uttrykket før? Kva trur du det betyr? Uttrykket vart brukt for snart hundre år sidan, men det blir ofte brukt i dag òg. Spesielt når det gjeld ting som skjer på nettet. Korleis kan dette ha seg?

Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.
Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.

Søkemotorar er gratis, men …

Vi bruker søkemotorar på nett kvar einaste dag. Er det gratis, eller må vi gi noko tilbake? Dei mest brukte søkemotorane er Google Chrome, Microsoft Edge, Opera, Safari og Firefox.

Ein søkemotor gir deg ikkje berre eitt svar på det du lurer på. Du vil få opp MANGE nettsider. Derfor er det viktig at du forklarer godt kva du leitar etter. Lurer du på kor mange hat trick Christiano Ronaldo har gjort i karrieren? Då bør du ikkje berre søke på namnet hans. Då kjem det opp over 250 millionar treff. Skriv du Christiano Robaldo hattrick,vil du komme ganske nær svaret.

Google søketrendar

Når vi bruker søkemotorar, deler vi mykje privat informasjon. Kva då, trur du? All denne informasjonen blir brukt for å vite kva folk er opptekne av. Du kan sjølv sjå kva det blir mest søkt etter på Google søketrendar.

Høg verdi

Bør vi ikkje vere meir forsiktig med kva vi deler på nett? Er det nokon ting du IKKJE bør dele på nett? Vi veit jo ikkje kva det  blir brukt til.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.

Reklame som passar perfekt til deg!

Alt vi gjer på nettet, kostar noko. Ikkje alltid pengar, men informasjon. Denne informasjonen blir brukt til å gi oss reklame for ting vi liker. Slik reklame kallar vi personalisert reklame

Er du mykje på nettstader om hundar, vil du garantert få mykje reklame om hundefôr og hundestell.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En litt rufsete hundevalp som ligger ved en skål med hundemat.
En litt rufsete hundevalp som ligger ved en skål med hundemat.

Informasjonen om
deg blir lagra og blir brukt

Når du bruker nettet, blir det lagra mykje informasjon om deg. Mellom anna kor gammal du er, kvar du bur, kva du søkjer etter, og kva nettsider du liker.

Appane veit kvar du er

På smarttelefonar er det mange appar som registrerer kvar du er til kvar tid, og denne informasjonen blir òg lagra. Det er ikkje farleg å vere på nettet så lenge du veit kva du gjer. Likevel må du vere klar over alt som blir lagra om deg. Dette er noko av prisen du må betale for å få tilgang til spel, bilde, videoar og andre ting på nett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Elektronisk øye som samler info – Big brother ser deg
Elektronisk øye som samler info – Big brother ser deg

Gratis er ikkje alltid gratis

Gratis høyrest ofte fint ut. Likevel må du passe litt på. Søk på nettet er gratis, men du kan bli lurt til å kjøpe mykje du absolutt ikkje treng. Då blir det fort dyrt.

«There ain’t no such
thing as a free lunch»

Gamarar veit mykje om dette. Det kan bli dyrt å oppgradere spelet eller avataren til det beste på marknaden. Og tenk litt etter: Kor lett er det ikkje berre å bestille noko frå nett? Vi betaler jo ikkje med fysiske pengar.

Då veit du kvifor vi valde overskrifta «There ain’t no such thing as a free lunch» på denne artikkelen. Men kva ville eit slikt uttrykk vorte på norsk? Har du eit forslag?

Ikkje berre på nettet

Det er ikkje berre på nettet ting er «gratis». Har du opplevd at noko skal vere gratis, og så er det ikkje det likevel?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.

Kjelder:

  • Hartvig Abrahamsen, Mats; Gramstad, Thomas: Google i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. mai 2022 frå https://snl.no/Google

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images