«There ain’t no such thing as a free lunch»

Har du høyrt dette uttrykket før? Kva trur du det betyr? Uttrykket vart brukt for snart hundre år sidan, men det blir ofte brukt i dag òg. Spesielt når det gjeld ting som skjer på nettet. Korleis kan dette ha seg?

Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.
Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.

Søkemotorar er gratis, men …

Søkemotorar på nett er nyttige for oss. Vi bruker dei mange gonger kvar einaste dag. Er dei berre ei gratis teneste som hjelper oss i kvardagen? Gir vi òg noko tilbake? Dei mest brukte søkemotorane er Google Chrome, Microsoft Edge, Opera, Safari og Firefox.

Ein søkemotor kan samanliknast med ein bibliotekar. Denne kan du spørje om hjelp til å finne det du leitar etter. Men søkemotoren krev at du forklarer godt kva du leitar etter. Di meir presis du er, dess enklare er det å finne gode søkeresultat.

Google søketrendar

Søkemotorane får mykje informasjon frå oss, og det blir brukt til analysar. Gjennom å analysere kva folk «googlar», kan dei som eig søkemotorane, sjå kva som er trendar over heile verda. Du kan sjølv sjå kva det blir søkt mest etter på Google søketrendar.

Høg verdi

Alle spora vi legg igjen i form av søka våre, har verdi for selskapa som eig søkemotorane. Sjølv om informasjonen har høg verdi, gir vi han vekk – ofte utan å tenkje over det. Bør vi tenkje meir over kva informasjonen blir brukt til?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.

Reklame som passar perfekt til deg!

Søkemotorar på nett er ikkje berre noko som hjelper oss heilt gratis. Vi betaler for dette ved å gi informasjon om kva vi søkjer etter på nett. Denne informasjonen blir brukt til å gi oss reklame som er midt i blinken for oss. Slik reklame kallar vi personalisert reklame.

Eit døme kan vere det du opplever om du er på nettsider som handlar om det å ha hund. Då vil du etter kvart få mykje reklame om hundefôr, hundestell og liknande.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En litt rufsete hundevalp som ligger ved en skål med hundemat.
En litt rufsete hundevalp som ligger ved en skål med hundemat.

Informasjonen om
deg blir lagra blir brukt

Når du registrerer kontoar på nett, blir det lagra mykje informasjon om deg. Her får selskapa vite kor gammal du er, kvar du bur, kva du søkjer etter, kva nettsider du er inne på, og kva slags bilde og videoar du lastar opp.

Appane veit kor du er

På smarttelefonar er det mange appar som registrerer kvar du er til eikvar tid. Denne informasjonen blir òg lagra. Kvar for seg er kanskje ikkje desse opplysningane så farlege, men når ein set dei saman, får ein plutseleg eit tydeleg bilde av kven du er. Dette er noko av prisen du må betale for å få tilgang til informasjon, spel, bilde, videoar og andre ting på nett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Elektronisk øye som samler info – Big brother ser deg
Elektronisk øye som samler info – Big brother ser deg

Gratis er ikkje alltid gratis

Det å søkje på internett er stort sett gratis. Samtidig kan det bli veldig dyrt. Dei som eig søkemotorane, veit akkurat kva du er interessert i, og dei legg inn masse reklame. All informasjon du legg ut på internett, blir brukt for å få deg til å kjøpe produkt eller tenester.

«There ain’t no such
thing as a free lunch»

Dette veit gamarar alt om. Det vil koste masse pengar å oppgradere spelet eller avataren til det beste på marknaden. Og tenk litt etter: Kor lett er det ikkje å bestille noko frå nettet? Det kostar jo ikkje så mykje den eine gongen, kanskje, men kva om du gjer det mange nok gonger.

Så då stemmer framleis det gamle uttrykket frå 1930 som seier: «There ain’t no such thing as a free lunch». Kanskje vi burde lage eit eige uttrykk på norsk? Har du eit godt forslag?

Ikkje berre på nettet

Det engelske uttrykket om gratis lunsj gjeld i mange samanhenger. Ikkje berre på internett. I kva for andre samanhengar tenkjer du at uttrykket kan brukast?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.
En miniatyr handlevogn med varer stående oppå et tastatur til en laptop.

Kjelder:

  • Hartvig Abrahamsen, Mats; Gramstad, Thomas: Google i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. mai 2022 frå https://snl.no/Google

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images