«There ain’t no such thing as a free lunch»

Har du høyrt dette uttrykket før? Kva trur du det betyr? Uttrykket vart brukt for snart hundre år sidan, men det blir ofte brukt i dag òg. Spesielt når det gjeld ting som skjer på nettet. Korleis kan dette ha seg?

Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.
Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.

Søkemotorar er gratis, men …

Søkemotorar på nett er nyttige for oss. Vi bruker dei mange gonger kvar einaste dag. Er dei berre ei gratis teneste som hjelper oss i kvardagen? Gir vi òg noko tilbake? Dei mest brukte søkemotorane er Google Chrome, Microsoft Edge, Opera, Safari og Firefox.

Ein søkemotor kan samanliknast med ein bibliotekar. Denne kan du spørje om hjelp til å finne det du leitar etter. Men søkemotoren krev at du forklarer godt kva du leitar etter. Di meir presis du er, dess enklare er det å finne gode søkeresultat.

Google søketrendar

Søkemotorane får mykje informasjon frå oss, og det blir brukt til analysar. Gjennom å analysere kva folk «googlar», kan dei som eig søkemotorane, sjå kva som er trendar over heile verda. Du kan sjølv sjå kva det blir søkt mest etter på Google søketrendar.

Høg verdi

Alle spora vi legg igjen i form av søka våre, har verdi for selskapa som eig søkemotorane. Sjølv om informasjonen har høg verdi, gir vi han vekk – ofte utan å tenkje over det. Bør vi tenkje meir over kva informasjonen blir brukt til?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!