Tidas tann

Tennene våre er noko av det viktigaste vi har. Utan dei blir det vanskeleg å ete noko anna enn suppe og yoghurt. Det er viktig å reingjere tennene våre kvar dag, helsa med både tannbørste og tanntråd.

Accessibility icon Tidas tann

Tidas tann

Tennene våre skal vi ha heile livet, men dei blir brotne sakte, men sikkert ned. Derav kjem uttrykket «prega av tid og alder». Det betyr at noko blir brote ned over tid.

Derfor er det viktig at vi passar på tennene våre. I tidlegare tider var ikkje folk like flinke med tannhygiene, men dei åt òg mindre sukker.

George Washington

George Washington var USAs første president, og han regjerte frå 1789 til 179t.

På bildet ser du korleis han såg ut, men kvifor ser han så sur ut?

George Washington

Dårlege tenner

George Washington hadde veldig dårlege tenner, og det var han ganske flau over.

Frå han var 24 år, mista han ei tann i året og fekk seinare gebiss. Eit gebiss er eit sett med falske tenner. Det blir sagt at Washington eigde fleire ulike gebiss. Dei var mellom anna laga av elfenbein, hjørnetennene frå ein flodhest, gull og mennesketenner.

Tannlegane på den tida hadde ikkje nok teknologi til å lage heilt perfekte gebiss. Derfor kunne det vere ganske ubehageleg å bruke gebiss. Washington ønskte ikkje å vise gebisset når nokon måla portrett av han.

Det blir sagt at då målaren Gilbert Stuart skulle måle eit portrett av presidenten, tok dei gebisset ut og fylte munnen med bomull. Kva var poenget med det, trur du?

Så grunnen til at han ser sur ut, kan vere at han må konsentrere seg om å halde munnen lukka.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Flodhest
Flodhest

Tenner

Tenner er beinvekst dekt med emalje. Både menneske og dyr har tenner.

Dei første tennene vi får, blir kalla mjølketenner. Dei mistar vi stort sett når vi er mellom seks og tolv år gamle. Då veks dei tennene fram, som vi skal ha heile livet. Til saman er det 20 mjølketenner.

Eit vaksent menneske har 32 tenner. Desse blir delte inn i fortenner, hjørnetenner og jekslar. Fire av desse er visdomstenner, men dei er det ikkje alle som får.

Visdomstennene veks ut innerst i munnen. Ofte får dei for liten plass, slik at dei må trekkjast ut. Eller vi må bruke tannregulering for å skyve litt på tennene.

Dei blir kalla visdomstenner fordi ein for mange hundre år sidan trudde at visdom, eller klokskap, kom med desse tennene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hos tannlegen
Hos tannlegen

Offentleg tannhelseteneste

Den offentlege tannhelsetenesta gir oss gratis tannlegebehandling – unnateke tannregulering – til og med det året du fyller 18 år. Du blir kalla inn til jamleg kontroll.

Når du er 19 og 20 år, blir 75 prosent av kostnadene ved tannlegebesøk dekte. Vel du å gå til privat tannhelseteneste, må du dekke dei fleste utgiftene sjølv.

Tannhygiene

Er du flink til å halde tennene reine? Viss du svarer ja, hindrar du danning av hol og tannkjøttbetennelse. Du får sunnare tenner, ein friskare pust og eit kvitare smil!

Dessverre er det altfor mange som slurvar med den daglege tannhygienen. God tannhygiene er verken vanskeleg eller tidkrevjande. Her kjem fire gode tips frå Tannhelsesenteret:

    1. Puss tennene morgon og kveld. Helst i to minutt kvar gong. Puss alle flatene til tennene.
    2. Bruk tanntråd for å reinse opp mellom tennene.
    3. Puss tunga! Det samlar seg mange bakteriar på henne.
    4. Bruk munnskyllevatn kvar dag!
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Familie pusser tenner
Familie pusser tenner

Tennene blir utsette for syreangrep kvar dag …

 

 

Mat og drikke som gir friske tenner

Finst det eigentleg mat som gir deg friskare tenner? Ja, det gjer det. Mjølkeprodukt som ost, yoghurt og mjølk inneheld kalsium som er bra for tennene. Eggeplommer, sopp og fisk inneheld vitamin D som tennene treng for å halde seg friske og sterke.

Frukt og grønsaker er òg godt for tennene og tannkjøtet, men pass på dei matvarene som inneheld altfor mykje syre. Dei kan i verste fall danne hol i tennene og skade tannkjøtet.

Det aller beste er å drikke vatn. Ikkje minst som tørstedrikke. Jus og brus er ikkje så bra for tennene dine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Tenner hos dyr

Ulike artar har ulikt talet på tenner. Haiar og krypdyr har gjerne eit høgt, men variabelt tal, og tennene blir heile tida skifta. Viss ein hai mistar ei tann, så veks det straks fram ei ny.

Pattedyr har eit fast tal tenner, og byter tenner berre ein gong i livet. Akkurat som menneske.

Dei fleste dyr får ikkje hol i tennene!

«Blod på tann»

Visste du forresten at når nokon «har fått blod på tann», betyr det at dei er veldig ivrige etter å få til noko?

Hund og fugl
Hund og fugl

Kjelder:

  • Brusevold, Ingvild J., Skjørland, Kjeld Kristian, Espelid, IvarTenner Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2. september 2021 frå https://sml.snl.no/tennene

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images