Kvinner kan også slåst

Når det er snakk om krig, er det som regel mennene som får all æra. Ofte høyrer vi om dei modige “gutta på skauen”. Men det er ikkje berre menn som kan slåst.

Gjennom historia har mange kvinner stått klare med sverd eller gevær Kvinner har klatra inn i kampfly, klare til å eliminere fienden. Bidraget frå kvinnene blir ofte gløymt, oversett til fordel for alle mennene dei kjempa saman med.

Her kan du lese om nokre av dei kvinnelege krigsheltane. Nokre namn er godt kjende. Andre er blitt gløymde for lenge sidan. Alle har dei kjempa for landet sitt, heimen sin og seg sjølve. Desse kvinnene, som kjem frå alle verdshjørna og alle samfunnslag, har bidratt til å forme verda slik  vi kjenner henne i dag. Dei har alle ei unik historie å fortelje, men noko har dei felles: kampånda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Boudicca roper til soldater

Fu Hao

Ukjend–ca. 1200 f.Kr.
Shang-dynastiet

Fu Hao var gift med kong Wu Ding. Som kone, mor og dronning levde ho eit liv andre berre kunne drøyme om. Etter ordre frå kongen utførte ho oppgåver som vanlegvis berre var for menn. Ikkje minst som militær leiar.

Fiendtlege styrkar utfordra stadig Shang-dynastiet. Fu Hao nedkjempa dei alle. Ho kunne sjølv velje kva for soldatar som skulle følgje henne. Andre gongar valde ektemannen dei ut for henne. Kvar gong kom ho sigrande heim. Til dømes etter slaget over Ba, som er det første dokumenterte angrepet i kinesisk historie. Fu Hao er gravlagd som ein kongeleg krigar, og det med rette. Blant dei 2000 gjenstandane ho fekk med seg i grava, var det over 100 våpen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Statue av Lady fu hao

Artemisia I av Karia

ca. år 500 f.Kr.
Det persiske riket

Då kong Lygdamis av Karia døydde, etterlet han seg eit barnebarn som arving. Sidan guten var så ung, blei det mora som styrte byen. Dottera til kongen, Artemisia, fekk dermed stor makt. Ho var oppkalla etter Artemis, jaktgudinna.

I gamle skrifter får Artemisia alltid ros for motet sitt. Sansen hennar for rettferd kjem tydeleg fram mot slutten av 500-talet f.Kr. Då invaderte persarane Hellas, og Karia var ein del av det persiske riket. Det var ingen grunn til at dronninga skulle kjempe, men ho gjorde det likevel.

Under slaget ved Artemision stod dronninga ved soldatane si side og viste styrke som  hærførar. Men det hadde sin pris. 10 000 drakmar var belønninga for å fange eller drepe henne. Vi veit ikkje om grekarane greidde å ta henne til fange. Etter at persarane kapitulerte, forsvann ho frå alle historiske skrifter.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kampen om Salamis Italiano

Prinsesse Pingyang

ca. 600–623 e.Kr.
Tang-dynastiet, Kina

Sui-dynastiet blei styrt av keisar Yang. Folk hata han fordi krigar og byggeprosjekt kosta millionar av menneskeliv. Li Yuan var ein av dei beste generalane til keisaren, men han fekk dødsdom fordi han var så populær blant folket. Li Yuan gjorde opprør, og han fekk med seg dottera Pingyang.

Ved å slå seg saman med faren og ektemannen sin vart ho uslåeleg. 70 000 opprørarar vann over soldatane til Yang. I løpet av eitt år hadde dei kontroll på hovudstaden, og keisar Yang vart tvungen til å flykte. Li Yuan inntok trona, og slik oppstod Tang-dynastiet.  Pingyang fekk ikkje nyte suksessen særleg lenge. Berre nokre år seinare vart ho sjuk og døydde. Faren gav henne ei militær gravferd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Li yuan tang

Triệu Thị Trinh

225–248 e.Kr.
Vietnam

Triêu Thi Trinh vart fødd i ein liten vietnamesisk landsby og vart tidleg foreldrelaus. Mangel på rettferd var det verste ho visste. Då ho såg korleis dei kinesiske soldatane behandla dei lokale innbyggjarane, gjekk ho til kamp.

Triêu flykta og samla ein opprørshær på 1000 soldatar. Innan ho fylte 21, hadde dei kjempa meir enn 30 kampar. Til slutt vart ho overvunnen av kinesarane. Broren hadde prøvd å overtale henne til å gi seg i lang tid, men svaret hennar var alltid: «Eg vil ikkje vere som dei kvinnene som bøyer hovudet og godtar å bli konkubinar. Eg vil ri av stormen, temme bølgjene og drepe haiane. Eg vil aldri godta å bli mishandla.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Lady Triệu

Boudicca

1. århundre e.Kr.
Ikenarane

Då den romerske hæren tok seg over Den engelske kanalen for å kjempe seg gjennom Storbritannia, møtte dei ei sterk motstandskvinne. Boudicca var ikkje typen til å godta ein invasjon. 

Boudicca hadde noko å hemne. Døtrene hennar var blitt bortførte og valdtekne av dei romerske soldatane, og andre familiemedlemmar var tekne som slavar.   

I år 60/61 e.Kr. herja  Boudicca og hennar hær med romarane. Dei slakta ned sivile og brende alle bygningar på vegen sin.  Dei øydela gravsteinar og statuar på dei romerske kyrkjegardane. Romarane vart lamslegne over opprøret, men samla ein hær på 10 000 menn for å stoppe pøblane.  

Under slaget ved Watling Street i år 61 e.Kr. gav opprørarane dei romerske soldatane ein real kamp. Sjølv om Boudicca kjempa i frontlinja saman med døtrene sine, blei ho ikkje drepen. Ho valde å ta gift for å unngå å bli teken til fange av fienden. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Boudicea taler

Khawlah bint al-Azwar

600-talet
Rashidun-kalifatet

Under eit slag nær Ajnadayn ved dagens Israel kjempa ein svartkledd riddar seg gjennom den romerske hæren. Alle trudde at  helten var Khalid ibn al-Walid, ein modig og sterk soldat. Men kven var eigentleg den mystiske krigaren?

Det var Khawlah bint al-Azwar. Ei kvinne som var på leiting etter broren som romarane hadde teke til fange. Ho var godt trent i bruk av sverd, og no kom den kunnskapen til nytte.

I ein annan samanstøyt nær Ajnadayn vart Khawlah teken til fange saman med fleire andre kvinner. Saman med dei andre fangane angreip ho vaktene med teltpluggar og teltstenger, og til saman drap kvinnene 30 mann. Etterpå rømde dei og bidrog til at fienden mista ytterlegare 3000 menn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Khawlah bint al-Azwar

Lady Agnes Randolph, grevinne av Moray

ca. 1312–1369
Skottland

I 1338 kom engelskmennene for å invadere Dunbar Castle, Dei hadde ikkje venta seg at dei skulle bli stansa av ei kvinne. Grevinna av Moray var ikkje ei kvinne ein la seg ut med.

Då engelskmennene brukte rambukk for å bryte seg inn i slottet, sørgde ho for at det vart sleppt store steinar i hovudet på dei. Soldatane trua også med å drepe broren hennar som sat i fangenskap. Den trusselen vart ho ikkje redd av. Det ville berre gjere henne til den neste jarlen av Moray. Dermed gav engelskmennene opp og drog heim.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Agnes Randolph, grevinne av Dunbar og mars

Jeanne d’Arc

ca. 1412–1431
Frankrike

Jeanne d’Arc er ein fransk nasjonalhelt. Namnet hennar er synonymt med fransk patriotisme. Takk vere bidraget hennar under hundreårskrigen mellom England og Frankrike på 1300- og 1400-talet.

Jeanne blei fødd inn i ein bondefamilie. Framtida såg ikkje lys ut, men det endra seg då Gud openberra seg for henne.  Jeanne meinte at Gud hadde utpeika henne til å leie Frankrike til siger. Sjølv utan krigserfaring klarte ho å overtale Karl av Valois til å la henne leie ein hær til byen Orléans. Med Jeanne som leiar klarte den franske styrken å sigre over fienden og vinne byen tilbake. Jeanne ville ta tilbake fleire franske byar, men det blei vanskelegare enn ho trudde.

Då ho forsvarte Compiègne i 1430, blei ho kasta av hesten rett utanfor byen. Ho vart teken til fange, for fienden visste kva for ein trussel ho var.  Etter ei rettssak der dei klaga henne for å vere heks og å kle seg i mannsklede, vart ho dømt til døden. 19 år gammal vart ho brend på bålet. Vi har aldri gløymt heltemotet og patriotismen hennar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portrett av Jeanne d’Arc

Mai Bhago

1600–1700-talet
Punjab-regionen

Året var 1705, og sikhar og mogular var låste i ein bitter strid om makta. Moralen var låg blant sikhane, og 40 av dei flykta heimover. 

Mai Bhago venta på dei, og motiverte dei til å dra tilbake til kampane. Alle mennene døydde, men Mai Bhago overlevde. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mai Bhago også kjent som Mata Bhag Kaur, var en sikh-kvinne som ledet sikh-soldater mot Mughals i 1705.

Nakano Takeko

1847–1868
Aizu-regionen, Japan

Samuraikrigarar er ikkje alltid menn. Nokre kvinner valde å bli omsynslause krigarar. Ein av desse krigarane var Nakano Takeko. 

Under slaget ved Aizu leia ho ei gruppe på 30 kvinner. Ho klarte å drepe fem menn før ho sjølv vart drepen. Då var ho 21 år gammal.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Nakano Takeko

Lozen

1800-talet
Chiricahua-apasjane

Lozen var aldri spesielt interessert i husarbeid eller noko anna av det tradisjonelle kvinnearbeidet i stammen. Ho ville bli krigar. Då ho fylte 20, var ho ekspert på å stele hestar, og ho blei ein dyktig ryttar og skyttar.

Saman med broren sin, Victorio, kjempa ho for å ta tilbake landet som var stole frå dei. Victorio omtalte ofte Lozen som si «den høgre handa mi, sterk som ein mann, modigare enn dei fleste, ein dyktig strateg og eit skjold for folket sitt». 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Lozen

Ljudmila Pavlitsjenko

1916–1974
Sovjetunionen

Den farlegaste kvinnelege snikskyttaren i historia var ei skilt tenåringsmor frå ein liten landsby i Ukraina. Ho verva seg til den sovjetiske hæren i 1941, og ho utførte 309 drap, mellom anna drap ho 36 tyske snikskyttarar.

Då ho først melde seg til teneste, vart ho beden om å vere sjukepleiar i staden. Men slikt kvinnehat fann ikkje Pavlitsjenko seg i. Då ho til slutt fekk sjansen til å vise kva ho kunne, vart ho straks godteken.

Den nye heimen hennar var 25. Tsjapajev rifledivisjon. I løpet av dei  første 75 dagane i kamp drap ho 187 tyskarar. Etter kvart vart ho send ut på stadig farlegare oppdrag. Til slutt stod ho ansikt til ansikt med fienden sine snikskyttarar. Eit feilgrep kunne bety døden, men Pavlitsjenko gjekk sigrande ut av 36 slike møte. Tyskarane begynte å snakke til henne over høgtalarar i eit forsøk på å få henne over på si side.

Pavlitsjenko vart den første sovjetiske soldaten som fekk besøke Det kvite huset. Amerikansk presse tulla med utsjånaden hennar, men ho svarte tilbake:  «Eg ber uniforma mi med ære og respekt. Ho har vore dekt med blod i kamp.»

Pavlitsjenko var ein av 2000 kvinnelege sovjetiske snikskyttarar under andre verdsskrigen. Berre 500 overlevde. Ho har definitivt gjort seg fortent til heider og ære.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portett av Lyudmila Pavlichenko

Kjelder:

  • Historie og vitenskap 2 (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Ukjent og Legends Unfolding – 傳奇時代 Youtube
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. Ukjent
    7. Ukjent
    8. Ukjent
    9. Ukjent
    10. Ukjent
    11. Ukjent
    12. Ukjent
    13. Ukjent