Kvinner kan også slåst

Når det er snakk om krig, er det som regel mennene som får all æra. Ofte høyrer vi om dei modige “gutta på skauen”, og kven har ikkje lese om kor omsynslaus Aleksander den store var, då han feia gjennom Aust-Europa, Midtausten og India? Men det er ikkje berre menn som kan slåst.

Gjennom historia har mange kvinner stått ved fronten, klare med sverd eller gevær, akkurat som den irske monarken og sjørøvaren Grace O’Malley. Kvinner har klatra inn i cockpitar, klare til å eliminere fienden – berre sjå på dei russiske «nattheksene» under andre verdskrigen. Kvinnenes bidrag blir ofte gløymt, oversett til fordel for alle mennene dei kjempa saman med.

Her kan du lese om nokre av dei kvinnelege krigsheltane som for lengst burde fått anerkjenning for innsatsen sin. Nokre namn er godt kjende, andre har tida tilsynelatande viska ut, men alle kjempa for landet sitt, heimen sin og seg sjølv. Desse kvinnene, som kjem frå alle verdshjørna og alle samfunnslag, har bidratt til å forme verda slik vi kjenner henne i dag, og alle har ei historie å fortelje. Ingen av historiene er like, men dei har alle ein viktig fellesnemnar: kampånda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Boudicca roper til soldater

Fu Hao

Ukjend–ca. 1200 f.Kr.
Shang-dynastiet

Kone, mor, dronning, sjaman, politikar og militær leiar. Fu Hao var noko for seg sjølv. Ho var gift med kong Wu Ding, ein av dei største herskarane i Shang-dynastiets i Kina i oldtida, og ho levde eit liv ikkje mange kvinner på den tida kunne drøyme om. Etter ordre frå kongen utførte ho ritual og ofringar som vanlegvis berre var for menn, men det var først og fremst med hjelp av våpen ho skapte ettermælet sitt.

Fiendtlege styrkar utfordra stadig Shang-dynastiet, blant anna Tu, Ba, Yi og Qiang. Fu Hao nedkjempa dei alle. Iblant valde ho sjølv kva for soldatar som skulle følgje henne, andre gongar valde ektemannen dei ut for henne – men kvar gong kom ho sigrande heim. Til dømes nedkjempa ho Tu Fang i løpet av eitt slag og gjorde dermed slutt på ein krig som hadde pågått i generasjoner. Sigeren hennar over Ba er kjend som det første dokumenterte angrepet i kinesisk historie. Fu Hao er gravlagt som ein kongeleg krigar, og det med rette. Blant dei 2000 jade-, bronse-, bein- og steingjenstandane ho fekk med seg i grava, var det over 100 våpen, mellom anna kampøkser.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Statue av Lady fu hao

Artemisia I av Karia

ca. år 500 f.Kr.
Det persiske riket

Då kong Lygdamis av Karia døydde, etterlet han seg eit barnebarn som arving, men den unge guten hadde behov for ein regent. Det vart dottera til Lygdamis, som heitte Artemisia. Uansett kva kvinnesynet var i Hellas i oldtida, hadde kongen overlate byen sin i gode hender, trass alt var ho oppkalla etter Artemis, jaktgudinna.

I gamle skrifter får  Artemisia alltid ros for motet sitt og  kløkta si, og rettferdssansen hennar kjem svært tydeleg fram under ein av dei mest berømte bragdene hennar. Då persarane invaderte Hellas mot slutten av 500-talet f.Kr., var Karia ein del av Det persiske riket, og folket til dronninga vart kalla inn for å kjempe. Det var ingen grunn til at Artemisia skulle bli med dei, men ho gjorde det likevel.

Under slaget ved Artemision stod dronninga ved sida til soldatane og viste styrken si som taktikar og hærførar. Men det hadde sin pris. Nøyaktig 10 000 drakmar var belønninga for å fange eller drepe henne. Det er usannsynleg at grekarane nokon gong klarte å ta henne til fange, men etter at Xerxes kapitulerte, forsvann ho frå alle historiske skrifter. Likevel blir ho framleis i dag omtalt som ein modig og fryktlaus krigar og taktikar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kampen om Salamis Italiano

Prinsesse Pingyang

ca. 600–623 e.Kr.
Tang-dynastiet, Kina

Folk hata Sui-dynastiet, med unødvendige krigar og byggeprosjekt der rundt seks millionar menneske jobba seg i hel. Li Yuan var ein av dei beste generalane til keisar Yangs, men han var populær, for populær til at han kunne bli verande. Herskaren beordra at han skulle avrettast, og Li Yuan gjorde opprør med ein gong. Dottera hans, Pingyang, som var gift med leiaren for vaktstyrkane på palasset, hadde tidlegare måtta flykte frå hovudstaden. No slutta ho seg til faren og rekrutterte menn til ein hær som ho kalla  Damehæren.

Med hjelp av kampar og lure kjøp leia ho til slutt 70 000 opprørarar som nedkjempa soldatane til Yang. Ved å slå seg saman med faren og ektemannen sin vart ho uslåeleg. I løpet av berre eitt år hadde dei kontroll på hovudstaden, og keisaren vart tvungen til å flykte, berre for sidan å bli drepen av sine eigne menn. Li Yuan inntok trona som keisar Gaozu, og slik oppstod Tang-dynastiet, mykje takka vere dottera til Yuan. Men Pingyang fekk ikkje nyte suksessen særleg lenge. Berre nokre år seinare, i ein alder av 23 år, vart ho sjuk og døydde. Far hennar gløymde aldri kva ho hadde gjort, og krigarprinsessa fekk ei militær gravferd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Li yuan tang

Triệu Thị Trinh

225–248 e.Kr.
Vietnam

Ho hadde litt av eit rykte, men det syntest ho var heilt greitt. Triêu Thi Trinh vart fødd i ein liten vietnamesisk landsby og vart tidleg foreldrelaus. Mangel på rettferd var det verste ho visste, og då ho såg korleis dei kinesiske styrkane som okkuperte landsbyen hennar, behandla dei lokale innbyggjarane, gjekk ho til kamp.

Triêu flykta til fjells, der ho samla og trente sin eigen opprørshær på rundt 1000 soldatar. Innan ho fylte 21, hadde dei kjempa meir enn 30 kampar. Til slutt vart ho overvunnen av kinesarane, etter at bror hennar hadde prøvd å overtale henne til å gi seg i lang tid. Svaret hennar var alltid: «Eg vil ikkje vere som dei kvinnene som bøyer hovudet og godtar å bli konkubinar. Eg vil ri av stormen, temme bølgjene og drepe haiane. Eg vil aldri godta å bli mishandla.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Lady Triệu

Boudicca

1. århundre e.Kr.
Ikenarane

Då den romerske hæren tok seg over Den engelske kanalen for å kjempe seg gjennom Storbritannia, rekna dei neppe med at ei kvinne skulle stå i vegen for dei. Men Boudicca var ikkje typen til å godta ein invasjon. 

Keltarane – ein av fleire britiske stammar – kjempa ofte mot naboane sine, men slo seg denne gongen saman mot den romerske fienden. I frontlinja stod dronning Boudicca, som nyleg var blitt enke. Ho hadde ei høne å plukke med romarane. Døtrene hennar var blitt bortførte og valdtekne av dei framande soldatane, og andre familiemedlemmar var tekne som slavar. Romarane hadde nok ikkje rekna med at Boudicca skulle gjere alt som sto i hennar makt for å ta hemn.  

I år 60/61 e.Kr. storma Boudicca og hennar allierte Camulodunum (Colchester), Londinium (London) og Verulamium (St. Albans). Dei slakta ned sivile og brende alle bygningane på vegen sin. I ein valdeleg hemnaksjon øydela dei dessutan gravsteinar og statuar på dei romerske kyrkjegardane. Først vart romarane lamslegne over opprøret, men etter kvart tok dei seg saman og samla ein hær på 10 000 menn for å stoppe rebellane.  

Under slaget ved Watling Street i år 61 e.Kr. gav keltarane romarane ein real kamp, men måtte til slutt sjå seg slegne. Sjølv om ho kjempa i frontlinja saman med døtrene sine, vart ikkje Boudicca drepen under slaget. I staden valde ho å ta gift for å unngå å bli teken til fange av fienden. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Boudicea taler

Khawlah bint al-Azwar

600-talet
Rashidun-kalifatet

Under eit slag nær Ajnadayn fekk ein riddar auge på ei gruppe soldatar. Den svartkledde riddaren kjempa seg gjennom den romerske hæren og spreidde romarane med det bloddryppande sverdet sitt. Alle gjekk ut i frå at helten var Khalid ibn al-Walid, ein modig og sterk soldat, men då riddaren igjen dukka opp ved sida av gruppa, vart det snart klart at det ikkje var han.

Så kven var den mystiske krigaren som akkurat hadde hjelpt til med å nedkjempe fienden? Det var Khawlah bint al-Azwar, ei kvinne som var på leiting etter broren som romarane hadde teke til fange. Under oppveksten var ho godt trent i bruk av sverd, og no kom den kunnskapen til nytte. Ho vart seinare invitert til å bli med hæren i kamp.

I ein annan samanstøyt nær Ajnadayn vart Khawlah teken til fange saman med fleire andre kvinner, men ho hadde ingen planar om å gi seg. Saman med dei andre fangane angreip ho vaktene med teltpluggar og teltstenger, og til saman drap kvinnene 30 mann. Etterpå rømde dei tilbake ut på slagmarka, der dei bidrog til at fienden mista ytterlegare 3000 mann, og slik hamna namnet til Khawlah i dei historiske skriftene.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Khawlah bint al-Azwar

Lady Agnes Randolph, grevinne av Moray

ca. 1312–1369
Skottland

Grevinna av Moray var ikkje ei kvinne ein la seg ut med. Då engelskmennene dukka opp ved Dunbar Castle, klare til å invadere det i januar 1338, venta dei truleg ikkje å møte ei adelskvinne som var fast bestemt på å stoppe dei.

Då engelskmennene kasta steinar på veggane, sende lady Agnes Randolph tenestejentene sine ut for å tørke av steinveggane med lommetørkle. Då engelskmennene brukte rambukk, sørgde ho for at det vart sleppt store steinar i huvudet på dei. Då soldatane trua med å drepe broren hennar som sat i fangenskap, påpeika ho at det ville gjere henne til den neste jarlen av Moray. Til slutt gav engelskmennene opp og drog heim.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Agnes Randolph, grevinne av Dunbar og mars

Jeanne d’Arc

ca. 1412–1431
Frankrike

Jeanne d’Arc er ein nasjonalhelt, og namnet hennar er synonymt med fransk patriotisme, takk vere bidraget hennar under hundreårskrigen mellom England og Frankrike på 13- og 1400-talet.

Jeanne blei fødd inn i ein bondefamilie, og det verka usannsynleg at ho skulle bli noko stort, men det endra seg då Gud openberra seg for henne. Jeanne hevda at Gud hadde utpeika henne til å leie Frankrike til siger, og trass i mangelen på krigserfaring klarte ho å overtale Karl av Valois til å la henne leie ein hær til byen Orléans, som på den tida var under angrep av engelskmennene. Med Jeanne som leiar klarte den franske styrken å sigre over fienden og vinne byen tilbake. Engelskmennene flykta over elva Loire, og Jeanne drog for å ta tilbake dei andre franske byane. Men hellet hennar skulle ikkje vare.

Mens ho forsvarte Compiègne i 1430, blei ho kasta av hesten rett utanfor byen. Idet portane vart stengde, såg burgundarane sitt snitt til å ta henne til fange. Dei visste kva for ein trussel den unge bondejenta var, og etter ei rettssak der dei klaga henne for hekseri, kjetteri og å kle seg i mannsklede, vart ho dømt til døden. 19 år gammal vart ho brend på bålet, men den endelege sigeren vart hennar, ettersom historia om henne har blitt fortalt igjen og igjen, som eit døme på styrke, dyktigheit og patriotisme.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portrett av Jeanne d’Arc

Mai Bhago

1600–1700-talet
Punjab-regionen

Året var 1705, og sikhar og mogular var låste i ein bitter strid om makta. Moralen var låg blant sikhane, og 40 av dei deserterte, reiste frå guruen sin og la på veg heimover. Men Mai Bhago venta på dei, og ho fann seg ikkje i noko tull. 

I staden motiverte ho dei og drog tilbake til kampane saman med dei. Alle dei 40 mennene døydde, men Mai Bhago overlevde. Som den einaste overlevande vart ho beden om å jobbe for guru Gobind Singh som livvakta hans.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mai Bhago også kjent som Mata Bhag Kaur, var en sikh-kvinne som ledet sikh-soldater mot Mughals i 1705.

Nakano Takeko

1847–1868
Aizu-regionen, Japan

Trass i kva du kanskje har trudd fram til no, var ikkje alle dei berykta samuraikrigarane menn. Dei fleste japanske kvinnene følgde strenge sosiale reglar, men nokre valde i staden å bli omsynslause krigarar. Ein av desse krigarane var Nakano Takeko. 

Takeko døydde som ein helt under slaget ved Aizu 

Då styrken hennar blei angripen av fiendar med våpen, leia ho ei gruppe på rundt 30 kvinner i eit motangrep og klarte å drepe fem menn før ho sjølv vart drepen. Nakano Takeko var berre 21 år gammal.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Nakano Takeko

Lozen

1800-talet
Chiricahua-apasjane

Lozen var aldri spesielt interessert i husarbeid eller noko anna av det tradisjonelle kvinnearbeidet i stammen. Ho ville bli krigar. Då ho fylte 20, var ho ekspert på å stele hestar, og ho fekk lære å bli ein dyktig ryttar, taktikar og skyttar.  

Saman med broren sin, Victorio, leiar for Chiricahua-apasjane, kjempa ho for å ta tilbake landet som var stole frå apasjane. Victorio omtalte ofte Lozen som den «høgre handa si, sterk som ein mann, modigare enn dei fleste, ein dyktig strateg og eit skjold for folket sitt». 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Lozen

Ljudmila Pavlitsjenko

1916–1974
Sovjetunionen

Den farlegaste kvinnelege snikskyttaren i historia var ei skilt tenåringsmor frå ein liten landsby i Ukraina. I løpet av den blodige karrieren sin utførte ho 309 stadfesta drap, blant anna av 36 tyske snikskyttarar, etter at ho verva seg i den sovjetiske hæren i 1941.

Då ho først melde seg til teneste, lo dei offisielle tenestemennene av henne og bad henne bli sjukepleiar i staden. Men slikt kvinnehat fann ikkje Pavlitsjenko seg i, og då ho til slutt fekk sjansen til å vise kva ho kunne, vart ho straks godtatt.

Den nye heimen hennar var 25. Tsjapajev rifledivisjon, og ho fann seg fort til rette. I løpet av dei  første 75 dagane i kamp drap ho 187 tyskarar. Raskt opparbeidde ho seg eit ry, og ho vart send ut på stadig farlegare oppdrag. Til slutt stod ho ansikt til ansikt med fienden sine  snikskyttarar. Eit feilgrep kunne bety døden, men Pavlitsjenko gjekk sigrande ut av 36 slike møte. Tyskarane begynte å snakke til henne over høgtalarar i eit forsøk på å få henne over på si side.

Pavlitsjenko vart den første sovjetiske soldaten som fekk besøke Det kvite huset, men amerikansk presse hersa med henne og skreiv meir om korleis ho såg ut enn kva ho hadde oppnådd. «Eg ber uniforma mi med ære og respekt», svarte ho. «Ho har vore dekt med blod i kamp.»

Pavlitsjenko tente som ein av 2000 kvinnelege sovjetiske snikskyttarar under andre verdskrigen og var ein av berre 500 overlevande. Ho har definitivt gjort seg fortent til heider og ære.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portett av Lyudmila Pavlichenko

Kjelder:

  • Historie og vitenskap 2 (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Ukjent og Legends Unfolding – 傳奇時代 Youtube
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. Ukjent
    7. Ukjent
    8. Ukjent
    9. Ukjent
    10. Ukjent
    11. Ukjent
    12. Ukjent
    13. Ukjent