Tolv kvinner i krig

Møt 12 kvinner som fann vegen ut på slagmarka og beviste at dei høyrte heime der.

Accessibility icon Tolv kvinner i krig

Kvinner kan også slåst

Gjennom historia har mange kvinner stått klare med sverd eller gevær. Dessverre har kvinnene sine bidrag ofte blitt gløymde.

Her kan du lese om nokre av dei kvinnelege krigsheltane. Alle har dei kjempa for landet sitt, heimen sin og seg sjølve. Nokre namn er godt kjende, mens andre er gløymde.

Desse kvinnene kjem frå alle verdshjørna og alle samfunnslag. Dei har bidratt til å forme den verda vi kjenner i dag, og dei har alle ei historie å fortelje. Ingen av historiene er like, men dei har alle ein viktig fellesnemnar: kampånda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Boudicca roper til soldater

Fu Hao

Ukjent–ca. 1200 f.Kr.
Shang-dynastiet

Fu Hao var gift med kongen av Shang-dynastiet, Wu Ding. Ho levde eit liv andre kvinner berre kunne drøyme om.

Fiendautfordra ofte Shang-dynastietFu Hao var med på å nedkjempe alle. Ho kunne sjølv velje kva for soldatar som skulle følgje henne. Kvar gong kom ho sigrande heim. 

Fu Hao er gravlagd som ein kongeleg krigarI grava fekk ho med seg over 100 våpen!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Statue av Lady fu hao
Statue av Lady fu hao

Artemisia I av Karia

ca. år 500 f.Kr.
Det persiske riket

Då kong Lygdamis døydde, arva barnebarnet hans trona. Guten var så ung at mora Artemisia styrte for han. Ho var oppkalt etter Artemis, jaktgudinna.

Artemisia var ei modig og rettferdig kvinne. Då persarane gjekk til krig mot Hellas, kjempa ho saman med soldatane sine.

Soldatane frå Hellas ville drepe henne. Dei lova ei belønning på 10 000 drakmar til dei som klarte det. Vi veit ikkje om ho vart tatt til fange eller drepen. Etter at persarane gav opp krigen, forsvann ho frå alle historiske tekstar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kampen om Salamis Italiano
Kampen om Salamis Italiano

Prinsesse Pingyang

ca. 600–623 e.Kr.
Tang-dynastiet, Kina

Keisar Yang var upopulær. Folk hata han fordi krigar og byggeprosjekt kosta millionar av menneskeliv. Saman med dottera Pingyang gjorde general Li Yuan opprør.

Meir enn 70 000 opprørarar vann over soldatane til keisar Yang. Han måtte flykte, og Li Yuan blei ny keisar. Slik oppstod Tang-dynastiet. Pingyang døydde nokre år seinare og fekk ei militær gravferd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Li yuan tang
Bilde av Li yuan tang

Triệu Thị Trinh

225–248 e.Kr.
Vietnam

Triêu Thi Trinh vart fødd i ein liten vietnamesisk landsby. Ho vart tidleg foreldrelaus. Då ho såg korleis kinesiske soldatar behandla innbyggjarane i landsbyen, gjekk ho til kamp.

Triêu samla ein hær på 1000 soldatar. Før ho fylte 21 år, hadde dei kjempa i meir enn 30 slag. Ho gav aldri opp, og ho hata at nokre vart mishandla. Til slutt vart ho slått av kinesarane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Lady Triệu
Bilde av Lady Triệu

Boudicca

1. århundre e.Kr.
Ikenarane

Den romerske hæren kom til Storbritannia for å okkupere landet. Der møtte dei ei sterk motstandskvinne, Boudicca.

Døtrene hennar var blitt bortførte og valdtekne av dei romerske soldatane. Andre familiemedlemmar var tekne som slavar. Ho hadde noko å hemne!  

Boudicca og hæren hennar herja med romarane. Dei drap sivile og brende alle bygningar dei såg. Dei øydela gravsteinar og statuar på romerske kyrkjegardar. Romarane samla ein hær på 10 000 menn for å stoppe pøblane.

Slaget ved Watling Street i år 61 e.Kr. vart ein lang og valdeleg kamp. Boudicca kjempa saman med døtrene sine, men ho vart ikkje drepen. Likevel valde ho å ta gift i staden for å bli tatt til fange av fienden.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Boudicea taler
Boudicea taler

Khawlah bint al-Azwar

600-talet
Rashidun-kalifatet

Under eit slag ikkje langt frå dagens Israel kjempa ein svartkledd riddar mot ein romersk hær. Alle trudde at riddaren var Khalid ibn al-Walid, ein sterk og modig mann.

Men det var Khawlah bint al-Azwar. Ei kvinne som leita etter broren sin. Ho hadde fått god våpentrening og var ein sterk soldat.

Seinare vart ho tatt til fange saman med fleire andre kvinner. Fangane angreip vaktene med teltpluggar og teltstenger og drap 30 mann. Etterpå rømde dei og bidrog til at 3000 mann døydde.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Khawlah bint al-Azwar
Khawlah bint al-Azwar

Lady Agnes Randolph, grevinne av Moray

ca. 1312–1369
Skottland

I 1338 kom engelskmennene for å invadere Dunbar Castle i Skottland. Der venta grevinna av Moray på dei, for å forsvare borga.

Då engelskmennene brukte rambukk for å bryte seg inn i slottet, sleppte dei store steinar i huvudet på dei. Soldatane trua også med å drepe broren hennar. Den trusselen vart ho ikkje redd av. Då ville jo ho arve borga. Dermed gav engelskmennene opp og drog heim.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Agnes Randolph, grevinne av Dunbar og mars
Agnes Randolph, grevinne av Dunbar og mars

Jeanne d’Arc

ca. 1412–1431
Frankrike

Jeanne d’Arc er ein fransk nasjonalhelt. Det vart ho under hundreårskrigen mellom England og Frankrike på 1300- og 1400-talet.

Jeanne vart fødd inn i ein bondefamilie. Framtida såg ikkje så lys ut. Det endra seg etter at ho fekk besøk frå Gud. Han sa til henne at ho skulle leie Frankrike til siger. Sjølv om ho ikkje var soldat, klarte ho å sigre over engelskmennene ved byen Orléans. Jeanne ville ta tilbake fleire franske byar, men det vart vanskelegare enn ho trudde.

Ved byen Compiègne vart ho kasta av hesten og tatt til fange. Fienden var redd for at  patriotismen hennar skulle smitte over på dei franske soldatane. Under ei rettssak vart ho klaga for å vere heks. 19 år gammal vart ho brend på bålet. Vi har aldri gløymt heltemotet og patriotismen hennar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portrett av Jeanne d’Arc
Portrett av Jeanne d’Arc

Mai Bhago

1600–1700-talet
Punjab-regionen

I 1705 kriga sikhar og mogular om makta i Punjab i India. Mange av sikhane mislikte krig, og 40 av dei flykta heimover. Mai Bhago venta på dei, og motiverte dei til å dra tilbake. Alle dei 40 mennene døydde, men Mai Bhago overlevde.

Mai Bhago også kjent som Mata Bhag Kaur, var en sikh-kvinne som ledet sikh-soldater mot Mughals i 1705.
Mai Bhago også kjent som Mata Bhag Kaur, var en sikh-kvinne som ledet sikh-soldater mot Mughals i 1705.

Nakano Takeko

1847–1868
Aizu-regionen, Japan

Samuraikrigarane var ikkje alltid menn. Det var også nokre kvinner. Ein av desse krigarane var Nakano Takeko.

Under slaget ved Aizu leia ho ei gruppe på 30 kvinner. Ho klarte å drepe fem menn, før ho sjølv vart drepen. Då var ho berre 21 år gammal.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Nakano Takeko
Statue av Nakano Takeko

Lozen

1800-talet
Chiricahua-apasjane

Lozen var aldri interessert i det typiske kvinnearbeidet i stammen. Ho ville bli krigar. Då ho fylte 20 år, var ho ekspert på å stele hestar. Ho blei også ein flink ryttar og skyttar.

Saman med broren Victorio kjempa ho for å ta tilbake landet som var stole frå dei. Victorio var stolt av søstera si. Ho var den «høgre handa mi, sterk som ein mann, modigare enn dei fleste og eit skjold for folket sitt.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Lozen
Bilde av Lozen

Ljudmila Pavlitsjenko

1916–1974
Sovjetunionen

Ljudmila Pavlitsjenko melde seg til den sovjetiske hæren i 1941. Ho var ei åleinemor frå Ukraina, og fekk tilbod om å vere sjukepleiar. Dette fann ho seg ikkje i. I staden vart ho  den farlegaste kvinnelege snikskyttaren i historia. Ho drap 309 tyske soldatar. 36 av dei var snikskyttarar som gøymde seg i ruinar for å skyte fiendar.

Den nye heimen hennar blei 25. Tsjapajev rifledivisjon. Eit feilgrep kunne bety døden. Tyskarane begynte å snakke til henne over høgtalarar i eit forsøk på å få henne over på si side.

Pavlitsjenko var ein av 2000 kvinnelege snikskyttarar i Sovjetunionen under andre verdskrig. Berre 500 overlevde. Ho har fortent heider og ære.

Ho var den første sovjetiske soldaten som fekk besøke Det kvite huset i USA.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portett av Lyudmila Pavlichenko
Portett av Lyudmila Pavlichenko

Kjelder:

  • Historie og vitenskap 2 (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Ukjent og Legends Unfolding – 傳奇時代 Youtube
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. Ukjent
    7. Ukjent
    8. Ukjent
    9. Ukjent
    10. Ukjent
    11. Ukjent
    12. Ukjent
    13. Ukjent