Kampen mot sjukdom

Historia til menneske er også historia om sjukdommar, og vår kamp mot dei. Smittsamme og dødelege virus og bakteriar har angripe immunforsvaret vårt gang på gang. Forskarar har heile tida jobba med tiltak.

Eit av dei tidlegaste tiltakane var å sette sjuke folk i karantene. Det var for å halde sjuke og friske frå kvarandre. Dette var effektivt mot pest, men ikkje mot den svært smittsamme sjukdommen koppar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Midlertidig sykehus i Hong Kong i 1894
Midlertidig sykehus i Hong Kong i 1894

Koppar

Koppar er ein svært gamal virussjukdom. Han kom sannsynlegvis frå Asia. På 1700-talet herja koppar verre enn nokon gong i Europa. Sjukdommen gjorde at menneske fekk blemmar over heile kroppen. Desse tørka etter kvart inn og etterlot seg stygge arr og flekkar. På 1700-talet døydde 45 millionar av denne sjukdommen. Berre i Europa!

Mann med kopper
Mørk virusbakgrunn
Mørk virusbakgrunn

Ei tidleg form for vaksine

Viss menneske har hatt ein infeksjonssjukdom, blir dei oftast immune mot denne sjukdommen etterpå.  Immuniteten er sterkere enn den vi får av ein vaksine.

Inokulasjon som metode vart brukt i Kina i hundrevis av år. Ein ikkje altfor farleg form for koppar vart rispa inn i huda på ein frisk person. Dei som overlevde vart då immune mot sjukdommen, i ein viss periode.

Metoden vart også innført i Europa på 1700-talet. Lady Mary Wortley Montagu i London gjennomførte inokulasjon på begge barna sine. Barna overlevde, og Montagu starta ein kampanje for å innføre metoden for folk flest.

Her utfører kanadiske soldater inokulasjon under første verdenskrigen.  ⮕

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Inokulasjon i 1914
Inokulasjon i 1914

Den første vaksinen

Briten Edward Jenner arbeida med å lage den første vaksinen. Han la merke til at folk som fekk «kukoppar» fekk ein mildare sjukdom.

I 1796 brukte han smitte av kukoppar til å framkalle antistoff mot den meir alvorlege koppesjuka. Ordet «vaksine» kjem frå latin. På latin heiter ei ku «vacca», og kukoppar «vaccinia». Av dette har vi fått ordet «vaksinering».

Først i 1879 fekk vi neste vaksine. Denne gongen mot kolera. Vaksinar er sånn sett ei ganske moderne oppfinning.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Doktor Edward Jenner setter en vaksine
Doktor Edward Jenner setter en vaksine

Kva er eigentleg ein vaksine?

Formålet med ein vaksine er å oppnå beskyttelse mot sjukdom. Det er ofte lurt å vaksinere seg før ein får ein sjukdom. Ein god vaksine skal vere tilnærma risikofri, og gi få og milde bivirkningar.

Vaksine
Vaksine

Immunforsvaret angrip smittestoff

Immunforsvaret i kroppen består av millionar av kvite blodceller. Desse jaktar etter smittestoff i kroppen. Når desse cellene oppdagar fare, set dei i gang eit todelt angrep.

  1. Først blir det medfødde immunforsvaret aktivert. Dette skal forhindre spreiing av smittestoff.
  2. Deretter set det spesifikke immunforsvaret i gang. Her er det «spesialagentar» som har lært seg å kjempe mot éin bestemt bakterie eller virus.

Det spesifikke immunforsvaret er kraftig, men det brukar litt tid på å komme i gang. Kvar av celletypane kan berre bekjempe éin type infeksjon. Når kroppen oppdagar ein ny inntrengar, må han finne dei riktige cellene, før han kan klargjere dei til kamp. Dette kan ta opptil ei veke, og i mellomtida kan du bli ganske dårleg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Immunforsvaret i arbeid
Immunforsvaret i arbeid

Minneceller

Mange av cellene som blir danna under ein vaksinasjon, forsvinn etter ei stund. Nokre celler, kalt minneceller, kan opphalde seg i blodet i fleire tiår. Dei er konstant på utkik etter smittestoff dei har lært å utrydde.

Dersom du skulle bli smitta av ein sjukdom, vil minnecellene begynne å jobbe i løpet av nokre timar. Dermed kan infeksjonen overvinnast før han rekk å få feste i kroppen, og truleg merkar du ikkje noko til sjukdommen i det heile.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er ein vaksine?

Mørk virusbakgrunn
Mørk virusbakgrunn

Hasteutvikling av vaksinar

Covid-19 vart første gong påvist i Kina i desember 2019. Viruset spreidde seg til resten av verda i løpet av dei første vekene året etter.

Tidleg i 2020 starta eit internasjonalt kappløp for å utvikle ein trygg vaksine. I historisk perspektiv kan det ta 10 år å utvikle ein vaksine. Verdas helseorganisasjon meinte at ein vaksine mot covid-19 kunne bli klar allereie etter 18 månadar.

Mange ekspertar meinte dette var altfor optimistisk. Fleire legemiddelfirma sette seg likevel mål om å ha ein vaksine klar i slutten av 2020.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Utvikling av AstraZeneca-vaksinen
Utvikling av AstraZeneca-vaksinen

Vaksineringa mot covid-19

Over 100 ulike firma har jobba med utviklinga av ein vaksine mot covid-19. Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) har godkjent fire vaksinar, og desse blir brukte over heile verda.

  • Comirnaty (BioNTech og Pfizer)
  • Janssen (Johnson & Johnson)
  • Moderna
  • AstraZeneca

Russland har utvikla sin eigen vaksine, Sputnik V.

Den 27. desember 2020 vart den første vaksinen sett i Noreg. Over heile verda pågår det massevaksinering, og Israel er det landet som har kome lengst i forhold til folketalet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Visepresident i USA, Kamala Harris, får sin covid-19-vaksine
Visepresident i USA, Kamala Harris, får sin covid-19-vaksine

Vaksinemotstand

Vaksinemotstand er å motarbeide bruken av vaksinar. Frykt for bivirkningar er ein viktig årsak. Motstanden kan også handle om liten kunnskap om vaksinen.

I 2019 meinte Verdas helseorganisasjon (WHO) at motstanden mot vaksinering var ein av dei største truslane mot global folkehelse. Vaksinar har redda fleire liv enn noko anna. Globalt reddar vi kvart år omkring 2–3 millionar menneskeliv.

Dei fleste vil oppleve bivirkningar som trøyttleik, hovudverk, kvalme og feber dei første dagane etter vaksinasjon. Nokre svært få opplever eit allergisjokk etter vaksinering. Dette kjem ganske raskt, og derfor bør dei som blir vaksinerte haldast under oppsyn i minst 20 minutt etter vaksinering.

11. mars 2021 valde Danmark å pause all vaksinering med AstraZeneca-vaksinen. Han hadde forårsaka blodpropp og dødsfall hos ein vaksinert person. Noreg pausa vaksineringa same dag, og fleire europeiske land følgde etter. 17 millionar har fått vaksinen, og 37 menneske har fått blodpropp i tida etter.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Vaksinemotstander med plakat
Vaksinemotstander med plakat

Kjelder:

Mørk virusbakgrunn
Mørk virusbakgrunn

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Illinois Department of Public Health / Getty Images
    3. J.A. Millar
    4. Eugène-Ernest Hillemacher (CC BY 4.0)
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NRK Skole
    9. AstraZeneca
    10. Lawrence Jackson
    11. Elvert Barnes (CC BY-SA 2.0)
Mørk virusbakgrunn
Mørk virusbakgrunn