Instinkt som sikrar overleving

Mennesket er eit levande vesen, og nokre av dei viktigaste instinkta våre dreiar seg om å sikra nettopp overleving. Heilt frå dei tidlegaste forfedrane våre har kvar einaste del av oss utvikla seg i ei retning som bidrar til at vi overlever som art. Det kan dreia seg om måten vi tenker på, korleis vi løyser problem, korleis vi lærer av gode og dårlege opplevingar, og kjenslene vi opplever som skremmer oss til å handla når vi står overfor ein trussel, eller åtvarar oss ved å vekka ei kjensle av avsky.

Farar i vår moderne verd 

Mange gonger i løpet av livet fungerer kroppen som vår eiga livvakt. Men instinkta våre kan berre hjelpa oss eit stykke på veg. Samfunnet i dag er svært forskjellig frå det enkle samfunnet forfedrane våre levde i. Samtidig som vi har funne opp gjenstandar og system som skal forenkla kvardagen vår, har vi også skapt nye farar som krev at vi etablerer nye vanar for å overleva. Som art har vi funne måtar å tilpassa oss dette nye, komplekse livet på, og vi må halda fram med å kartlegga korleis vi best overlever i den moderne verda.

Kva vanar er viktigast?

Er det viktigast å ha tak over hovudet? Økonomisk tryggleik? God helse? Eller å få ei betre forståing av naturkreftene rundt oss? Kva vanar bør vi etablera for å sikra eit godt liv i samfunnet i dag?

På dei neste sidene følgjer nokre vanar som har stor innverknad på livskvaliteten i vår moderne verd.

Kjemp eller flykt 

Kroppen vår reagerer raskt når han møter på noko han oppfattar som ein trussel eller ein fare. Dette instinktet blir kalla «kjemp eller flykt»-responsen, og den dramatiske reaksjonen som skjer i kroppen, er det viktigaste instinktet menneske og dyr har utvikla i møte med livstruande fare.

Den raske og automatiske reaksjonen er forårsaka av hjernen, som set i gang produksjon av adrenalin, steroid og smertestillande samband. Pulsen vår aukar slik at vi blir årvakne, og vi pustar raskare for at musklane skal få nok oksygen. Den auka konsentrasjonen av adrenalin i blodet førebur oss på å takla utfordrande og farlege situasjonar. Uansett om vi er nøydde til å kjempa ein fysisk kamp eller flykta frå ein situasjon, sørger denne responsen for at vi overlever.

Gå ut i sollyset 

Når sola kjem fram om sommaren, set mange seg ute for å nyta henne. Og soling er til ein viss grad bra for helsa vår, både fysisk og psykisk. Når vi blir utsette for sollys, blir det frigjort eit hormon i hjernen som blir kalla serotonin. Serotonin har ein positiv innverknad på humør og konsentrasjon, samtidig som det dempar stress. Får vi for lite sollys, kan serotoninnivået i kroppen gå ned, noko som igjen kan føra til depresjon.

Sola gir mange helsefordelar, men for mykje sol kan vera farleg. Viss du smører deg godt med solkrem, reduserer du risikoen for å utvikla hudkreft, samtidig som du kan hausta fordelane sollyset kan gi deg.

Å vera årvaken 

Kva er det første du gjer før du skal kryssa ein trafikkert veg? Sjansen er stor for at du ser deg rundt for å oppdaga eventuelle farar, heilt utan å tenka over det. Allereie som små barn lærer vi at trafikken er farleg, og frå tidleg skulealder lærer vi som sårbare fotgjengarar på travle vegar kor viktig det er både å lytta og sjå oss for, for å unngå fare.

Det livsviktige synet vårt, og evna til å bruka auga godt, har sikra at vi har overlevd i fleire tusen år. Det er sjeldan ein fare oppstår rett framfor oss, men viss vi oppdagar han før han kjem for nær, har vi tid til å bedømma situasjonen og reagera på rett måte.

Vask og hygiene 

Som om det ikkje var kjedeleg nok å måtta legga seg om kvelden, er det i tillegg eit par ting du er nøydd til å gjera først. Viss du ikkje pussar tenner, vaskar ansiktet og tar på deg pysjamas, er det heilt umogleg å sova. Slik har det vore sidan vi var små, og det er ein av dei viktigaste vanane vi lærer for å ta vare på helsa vår. Og det er ikkje berre kroppen som må vaskast. Ved å vaska huset vi bur i grundig, passar vi på at vi held ved like eit sunt og godt heimemiljø. Reinsemd skaper ein god balanse mellom gode og skadelege bakteriar og hindrar infeksjon.

Skrikarungar 

Når vi blir fødde inn i denne verda, er vi på vårt mest sårbare: små, underutvikla, ute av stand til å bevega oss eller kommunisera. Men ein ting babyar er ekspertar på, er å skrika. Ein baby skrik instinktivt når han er uroleg, svolten, har vondt eller kjenner seg trua, og dette instinktet er heilt essensielt for at han skal overleva. Gråt er den einaste moglegheita babyen har til å seia ifrå til foreldra om at noko ikkje stemmer. Skrika er høgfrekvente, høge og enerverande, og derfor vanskelege å oversjå, og slik tvingar babyen foreldra til å sørga for at han har det bra, og til å løysa problem som kan trua helsa og tryggleiken til babyen.

Godtegris 

Søtsug og fråtsing i søtsaker kan føra til helseproblem for somme av oss, men det er viktig å lytta til smakslaukane våre for å unngå å eta helseskadeleg mat. Den naturlege trongen vår til å eta søt og salt mat hjelper oss til å styra klar av bitre og øydelagde matvarer.

Smakslaukane gir oss ei kjensle av avsky når dei kjem i kontakt med visse smakar, og på den måten sørger dei for at maten vi et, er trygg. Dersom giftig eller øydelagd mat ikkje vekte slike sterke reaksjonar i oss, ville vi eta mat som kunne gjera oss sjuke, eller til og med drepa oss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Søvn og kvile 

For å fungera optimalt og ha nok energi til å vera produktive og årvakne, er det viktig at vi søv nok. Nok søvn gir dessutan betre livskvalitet. Er vi trøytte på grunn av søvnmangel, er det større sjanse for at vi gjer feil. Vi blir ukonsentrerte og kan lettare hamna i ulykker.

Forskarane har også funne ut at nok søvn påverkar oss positivt på ei rekke måtar. Blant anna har folk som søv betre, ofte betre mental helse og mindre risiko for hjertesjukdom. Søvn styrker også immunforsvaret og gjer kroppen i stand til å kjempa mot sjukdomsframkallande organismar.

Lukta av riktig partnar 

Vanane dine kan påverka gena til dei framtidige barna dine. Du tenker kanskje at du blir tiltrekt av ein person på grunn av utsjånaden eller personlegdommen? Men trur du riktig duft kan stå på lista over kva du ser etter i ein partnar?

Forsking viser at vi som art har utvikla evna til å velja partnar ut frå spesifikke gen som er viktige for immunforsvaret vårt. Og ikkje berre det, ofte bruker vi luktesansen til å lukta oss fram til ein partnar som har gen som er heilt forskjellige frå våre eigne. Det betyr nemleg at eventuelle barn vil få ein genmikstur som gjer immunforsvaret deira meir robust.

I ein studie frå 1994 brukte menn den same T-skjorta to kveldar på rad. Dei fleste kvinnene som var med i undersøkinga, føretrekte dufta av T-skjorta til dei mennene som var genetisk mest forskjellige.

Kjelder:

  • Den store boken om vaner og uvaner (2020)
    Orage Forlag AS