Vår vakre verd – Oseania

Verda vår har mange spennande stader som naturen har forma. Vi menneske har også skapt vakre stader. I denne artikkelen ser vi på nokre stader i Oseania. Dette er ni av dei mest spesielle stadene i Australia og New Zealand.

Bora Bora med palmetrær, blå himmel og blått hav.
Bora Bora med palmetrær, blå himmel og blått hav.

1. Great Barrier Reef | Australia

Ein korall er eit bitte lite dyr som lever i havet. Der desse dyra samlar seg i store flokkar, kjem det eit korallrev. Great Barrier Reef har 3000 slike korallrev. Det er ei fantastisk oppleving å dykke blant korallreva.

Great Barrier Reef er som eit enormt akvarium. Her er det over 2000 fiskeartar som gøymer seg i dei fargerike korallane. Er du heldig, kan du sjå hoppande delfinar mellom bølgjene.

For å sjå korallrevet aller best, må du sjå det frå lufta. Men du opplever mykje om du er i båt også.

Korallrevet er enormt, og vatnet har ein behagelig temperatur heile året. Dykking og snorkling er derfor ei fantastisk oppleving. Her kan du til og med utforske eit skip som sokk i 1911. Dette er rekna for å vere  verdas beste vrak å dykke i.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mann dykker i korallrev med røde fisker rundt seg.
Mann dykker i korallrev med røde fisker rundt seg.

2. Franz Josef-breen | New Zealand

På New Zealand ligg tre isbrear. Den største heiter Franz Josef-breen og er 12 kilometer lang. Isbreen vart oppkalt etter keiser Franz Josef I av Austerrike i 1865.

Maoriane, som er den opphavelege befolkninga på New Zealand, kallar isbreen «Ka Roimata o Hine Hukatere». Dette namnet kjem frå ei forteljing om eit par som forelska seg. Den eine var snøprinsesse, og den andre var ein helt vanleg mann. En dag gjekk dei til gudane for å gjere snøprinsessa om til eit menneske. På vegen vart mannen skubba ned frå eit fjell, og han døydde. Hine Hukatere vart så lei seg og gret så mykje at tårene hennar vart til ein isbre.

Den store isbreen bevegar seg nesten 50 centimeter om dagen. Under breen finst det holer og tunnelar som endrar seg frå dag til dag. To brevandringar er derfor aldri like.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Franz Josef isbreen på New Zealand.
Franz Josef isbreen på New Zealand.

3. Samoa | Stillehavet

Samoa er ei lita øy i Stillehavet. Her er det krystallklart vatn, kvite strender, frodige skogar og flotte fossefall. Ein vulkan har laga spennande holer og djupe hol. I eit av hola badar både turistar og fastbuande.

 

📷  Tradisjonelt strandhus på Samoa.

Samoa består eigentleg av to øyar. På ei av øyane er det ein vulkan som framleis er aktiv. Vulkanen søv det meste av tida, men kan når som helst vakne til liv.

På den andre øya bur dei fleste menneska. Her ligg også hovedstaden Apia. Byen er den beste staden for å oppleve ein Fiafia-kveld: fargerike kostyme og tradisjonell song og dans, saman med ein god middag.

Det kjem mange turistar til Samoa. Her finst det derfor fleire hotell, og øyane har tilgang til internett. Likevel prøver lokalbefolkninga å leve så avslappa som mogleg. Mange ønskjer å unngå stress så godt det kan la seg gjere.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Strand på Samoa med tradisjonelt strandhus.
Strand på Samoa med tradisjonelt strandhus.

4. Lake Hillier | Australia

Lake Hillier er ein knall rosa innsjø. Forskarar er ikkje heilt sikre på kvifor han er rosa. Innsjøen ligg rett ved det blå Stillehavet. Sett ovanfrå blir dette eit fantastisk syn.

Innsjøen vart oppdaga av ein britisk ekspedisjon i 1802. Med i gruppa var William Hillier. Han døydde undervegs og vart heidra ved at innsjøen fekk namnet hans.
Lake Hillier er ikkje den einaste rosa innsjøen i verda. Likevel er han heilt unik. Vatnet skiftar ikkje farge viss du fyller det opp i eit glas.

Innsjøen er ekstremt salt. Derfor vart det utvunne salt her i fleire år. Det viste seg etter kvart at saltet var giftig. Likevel er det mogleg å bade her, men det er ikkje så lurt. Ønskjer du eit morosamt bilde til Instagram, kan du hoppe uti, ta bilde og komme deg på land igjen. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lake Hillier i Australia med sitt rosa vann, ligger rett ved siden av Stillehavet som er knall blått.
Lake Hillier i Australia med sitt rosa vann, ligger rett ved siden av Stillehavet som er knall blått.

5. Rotorua | New Zealand

Rotorua er ein by med mange varme kjelder. Varm gass frå det indre av jorda varmar opp vatn som samlar seg i små og store innsjøar. Vatnet kan bli opp mot 35 grader! Byen er også kjend for ein sprutande geysir. Ein geysir er kokande vatn som sprutar rett opp frå bakken. Dette skjer minst 20 gongar i døgnet!

Rotorua har også ei av verdas beste løyper for terrengsykling.

På ein stad som heiter Hells Gate kan du søkke ned i varm avslappande gjørme. I tillegg kan du sjå eit av verdas største varme fossefall. Det meste på Rotorua er dermed varmt!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

6. Sydney | Australia

Mange synest Sydney er ein av dei vakraste byane i verda. Det er nok på grunn av operahuset og brua Sydney Harbour Bridge. Brua er kjend for eit fantastisk fyrverkeri på nyttårsaftan. Operahuset er det mest berømte bygget i Australia.

St. Marys katedral er også eit spennande stad å besøkje. Her er det vakre glasmåleri og eit fantastisk kyrkjekor. Til  jul er det tusenvis av lys i kyrkja.

Det er mykje å oppleve i Sydney. Her finn du Royal Botanic Garden med fuglar, sommerfuglar og fisk. Kunstgalleriet i New South Wales er også verdt eit besøk. Sydney har over 100 strender. Den mest kjende er kanskje Bondi Beach.

I Sydney kan du også sjå mange spennande dyr. Her er det koalabjørnar, kenguruar, krokodillar og vombatar. Vombat er eit lite pungdyr som liknar på ein liten bjørn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

7. Uluru | Australia

Uluru er eit høgt fjell som står midt i ein ørken, utan så mykje anna rundt seg. Fjellet er 600 millionar år gammalt og er 348 meter høgt. Når sola skin, ser det ut som om fjellet gløder i oransje og raudt. Aboriginarane reknar dette som ein heilag stad. Aboriginarane var dei første menneska som busette seg i Australia.

Veldig mange har gått opp på Uluru for å sjå på soloppgangen. I 2019 vart det forbode å klatre til toppen. Mange vel likevel å gå rundt foten av fjellet. Det er ein tur på 9 kilometer. Her kan du sjå holemåleri som er 5000 år gamle.

Sjølv om Uluru står midt i ein ørken, er det mange dyr der. Det vanlegaste å sjå er firfisler og slangar. Er du heldig, kan du sjå kenguruar eller sjeldne fargerike fuglar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Det røde fjellet Mount Connor i Australia
Det røde fjellet Mount Connor i Australia

8. Waitomo-grottene | New-Zealand

Waitomo Caves på New Zealand er ein populær stad å besøkje. Her kan turistar oppleve eit fantastisk blått lys. Lyset kjem frå ein bitte liten orm. Han bruker lyset for å fange andre insekt i eit klissete nett av silketrådar.

Grottene i seg sjølve er også spennande å utforske. Underjordiske elvar har grave seg gjennom den mjuke kalksteinen i millionar av år. Det er desse elvane som har gitt grottene namn. Waitomo betyr «elv som flyt ned i holet under bakken».

Frå taket i grottene dryp det vatn som inneheld kalkstein. Gjennom mange tusen år har vatnet skapt skulpturar som heng ned frå taket eller strekkjer seg opp frå golvet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

9. Tahiti | Fransk Polynesia

Langt ute i Stillehavet ligg Fransk Polynesia. Her finn vi øyane Tahiti og Mo`orea.

Fransk Polynesia ligg ganske aude til. Det tar nesten 24 timar å reise dit viss du reiser frå Europa.

Viss du reiser frå Tahiti, er Mo’orea den lettaste øya å nå med båt. Her kan du bu i bungalowar som står ut i vatnet. Lenger inn på øya er det grøne fjell som ruvar over landskapet.

Dyrelivet på Tahiti er også heilt unikt. Både på land og blant korallane i havet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bungalower i blått hav og et høyt frodig fjell på Tahiti.
Bungalower i blått hav og et høyt frodig fjell på Tahiti.

Alltid ein ny stad å reise til

For ei verd vi lever i! Det er så mange spennande og fantastiske stader å oppdage. Neste gong du skal ut og reise, kan du gjerne leggje vegen til ein stad du aldri har vore før. Då har du alltid eit nytt reisemål i sikte.

Et barn flyr på en koffert med soloppgang i bakgrunnen.
Et barn flyr på en koffert med soloppgang i bakgrunnen.

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettigheter:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images