Vår vakre verd – Oseania

Verda vår har tallause, unike, mystiske og vakre stader. Naturen har  gjennom millioner av år forma landskapet rundt oss, og vi menneske har busett oss og krydra landskapet med storslått arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre døme frå Oseania. Dette er ni av dei mest spesielle stadene på kontinentet.

Bora Bora med palmetrær, blå himmel og blått hav.
Bora Bora med palmetrær, blå himmel og blått hav.

1. Great Barrier Reef | Australia

Great Barrier Reef er verdas største korallrev. Ein korall er eit bitte lite dyr som lever i havet. Der desse dyra samlar seg i store flokkar, vert det danna eit korallrev. Korallane ser ut som fargerike blomstrar. Great Barrier Reef har 3000 slike korallrev og kan sjåast frå verdsrommet. Men det flottaste er å studere dei over 2000 fiskeartane frå ein båt med glasbotn, eller med dykkardrakt og snorkel.

Great Barrier Reef er som eit enormt akvarium. Her er det levande koraller og anemonar, og klovnefisk og haiar gøymer seg i dei fargerike korallane. Pelikanar flyg over hovudet ditt, og er du heldig, kan du oppleve hoppande delfinar eller ein kval mellom bølgjene.

Det beste er å sjå korallrevet frå lufta. Gjerne med helikopter eller småfly. Men Great Barrier Reef består også av hundrevis av øyar som du kan besøkje med hjelp av båt. Er du tøff nok, kan du lande på ei av øyane med fallskjerm!

Dykking og snorkling i vatnet rundt Great Barrier Reef er ei fantastisk oppleving, uansett om du er erfaren eller har lyst til å prøve for første gong. Revet er enormt, og det er mange stader å undersøkje der nede. Vatnet har ein behageleg temperatur heile året. Er du ekstra eventyrlysten, kan du utforske SS Yongala, eit passasjerskip som sokk i 1911. Dette er rekna for å vere verdas beste vrak å dykke i.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mann dykker i korallrev med røde fisker rundt seg.
Mann dykker i korallrev med røde fisker rundt seg.

2. Franz Josef-breen | New Zealand

Franz Josef-breen er ein av tre isbrear på New Zealand. Han er 12 kilometer lang og ligg berre nokre hundre meter frå kysten. Det unike her er at du kan gå på breen på føremiddagen, og så kan du kose deg på stranda på ettermiddagen. Du stussar kanskje over namnet, men det kjem frå ein tyskar som utforska isbreen i 1865. Han kalla breen opp etter den austerrikske  keisaren  Franz Josef I.

Ei anna forklaring på namnet er ei tradisjonell maorisk segn. Ifølge segna forelska snøprinsessa Hine Hukatere seg i ein menneskeleg og dødeleg mann som heitte Wawe. Dei to drog opp til Aorangi – der stammegudane bur – for å be dei om å gjere henne varmblodig som eit vanleg menneske.  Men den hemnlystne verguden Tawhirimatea dytta Wawe ned frå fjellet og rett i døden. Tårene til Hine Hukatere danna då isbreen, som på maorispråket heiter «Ka Roimata o Hine Hukatere», eller dei frosne tårene til  Hine Hukatere.

Franz Josef-breen bevegar seg inntil 50 centimeter om dagen, men det har skjedd at han har flytta seg så mykje som fire meter. Isbreen etterlet seg eit nettverk av holer, bresprekkar og tunnelar som endrar seg frå dag til dag. To brevandringar er derfor aldri like, så viss du har lyst på ei heilt unik oppleving, har Franz Josef-breen alt: Eit landskap som endrar seg kontinuerleg, tett regnskog og havet berre nokre hundre meter unna.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Franz Josef isbreen på New Zealand.
Franz Josef isbreen på New Zealand.

3. Samoa | Stillehavet

Samoa er ei lita øy i Stillehavet. Øya sin hovudattraksjon er den fantastiske naturen: krystallklart vatn, kvite strender, frodige skogar og lystige fossefall. Eit høgdepunkt er To Sua Ocean Trench, eit fascinerande vulkansk fenomen med to enorme hol som står i samband med ei hole. Eitt av hola er i dag eit djupt basseng der både turistar og fastbuande badar.

 

📷  Tradisjonelt strandhus på Samoa.

Befolkninga på Samoa er fordelt mellom to vulkanske øyar. Den største, Savai’i, er framleis aktiv. Delar av overflata er dekt av avkjølt lava fra eit seks år langt utbrot, som begynte i 1905 og sakte gravla heile landsbyar under den langsame, men ustoppelege bølgja av flytande stein. Gapande krater, eldgamle toppar og vulkansk sand gjer det umogleg å gløyme at du  står på ein sovande vulkan.

Den andre øya, Upolu, er heim for tre fjerdedelar av befolkninga, og her ligg hovudstaden Apia, ei sjarmerande tropisk hamn og den beste staden å bli kjend med den samoiske livsstilen. På det samoiske kultursenteret kan du sjå autentisk handarbeid, matlaging og tradisjonell tatovering på modige turistar, utført av ein dyktig tatovør. Apia er den beste staden dersom du har lyst til å oppleve ein Fiafia-kveld: fargerike kostyme og tradisjonell song og dans, kombinert med ein betre middag.

På Samoa er det enn så lenge ein roleg atmosfære og ein avslappa livsstil. Det finst hotell her, og øyane har fått tilgang til internett. Likevel prøver dei å leve så avslappa og roleg som mogleg, utan å bli heilt avhengig av vår moderne livsstil.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Strand på Samoa med tradisjonelt strandhus.
Strand på Samoa med tradisjonelt strandhus.

4. Lake Hillier | Australia

Innsjøen ligg på Middle Island, rett utanfor vestkysten av Australia, og han er sterkt rosa heile året. Foreløpig er ikkje forskarane sikre på kvifor. Nokre trur det kjem av  ein bakterie som finst i vatnet, mens andre trur årsaka er mikroalgen Dunaliella salina. Innsjøen er eit imponerende og utruleg syn – særleg fordi han ligg berre nokre meter frå Stillehavet, som er like blått som det alltid har vore. Kontrasten mellom dei to er derfor både forbløffande og fascinerande sett ovanfrå.

Lake Hillier er ikkje den einaste rosa innsjøen i verda, men det som gjer han unik, er at vatnet ikkje endrar farge viss det blir fylt på ei flaske eller i eit glas. Lake Hillier vart oppdaga av den britiske eventyraren Matthew Flinders i 1802 og vart oppkalla etter William Hillier, som var med i Flinder sitt reisefølgje, men som dessverre døydde. Lake Hillier, som ikkje er større enn ca. 600  gongar 250 meter, vart brukt til utvinning av salt i om lag seks år, men utvinninga stoppa då det vart  oppdaga at saltet var så giftig at menneske ikkje burde ete det.

Mange lurer på om ein kan bade i det tyggegummirosa vatnet for å få eit morosamt bilde på Instagram. Det kan ein, men det grunne vatnet og det høge saltinnhaldet gjer at ein kanskje bør tenkje seg om to gongar. Vatnet har blitt testa, og det er ikkje farleg å svømme der – ingen dyr vil prøve å gnage på deg, og du får ikkje rosa hud. Men saltnivået er omtrent det same som i Daudehavet i Midtausten, som også er trygt å bade i, men kanskje ikkje særleg behageleg. Vi tilrår derfor å hoppe uti, ta bildet og kome seg på land igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lake Hillier i Australia med sitt rosa vann, ligger rett ved siden av Stillehavet som er knall blått.
Lake Hillier i Australia med sitt rosa vann, ligger rett ved siden av Stillehavet som er knall blått.

5. Rotorua | New Zealand

Denne byen på den nordlegaste øya i New Zealand  har verdas mest avslappande varme kjelder og gjørmebad, og ei av verdas beste løyper for offroadsykling. Byen er også kjend for ein sprutande geysir. Ein geysir er kokande vatn som sprutar rett opp frå bakken. Dette skjer minst 20 gongar i døgnet! Som om ikkje det var nok, kan du dessutan oppleve fleire hundre år gammal maorisk kultur her.

Rotorua ligg midt i eit vulkansk område, og det er faktisk ein stor fordel. Varm gass frå det indre av jorda vert klemt opp frå fjellet og varmar opp dei naturlege bassenga i området. Her er det vatn med ein temperatur på 35 grader.

Vil du prøve gjørmebad, kan du dra til Hells Gate. Eit slikt bad kan gjere godt for huda di. I tillegg kan du sjå  eit av verdas største varme fossefall. Det meste på Rotorua er dermed varmt!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

6. Sydney | Australia

Sydney er av mange rekna for å vere ein av dei vakraste og mest spektakulære byane i verda. Ikkje minst på grunn av den ikoniske Sydney Harbour Bridge og det kjende operahuset. Brua er kjend for mange på grunn av det storslåtte fyrverkeriet på nyttårsaftan. Operahuset er Australias sitt mest berømte landemerke.

St. Mary-katedralen er også verdt eit besøk. Ikkje minst for å sjå dei vakre glasmåleria og høyre kyrkjekoret syngje på søndagar. Til jul vert kyrkja lyst opp av ei fantastisk lysutstilling.

Det er mykje å oppleve i Sydney. Her finn du Royal Botanic Garden med fuglar, sommarfuglar, reptil og fisk. Kunstgalleriet i New South Wales er også verdt eit besøk. Elskar du sol og sommar, har Sydney over 100 strender. Den mest kjende er kanskje Bondi Beach.

Sydney kan også by på verdas mest imponerande utval av ville dyr. Her finn du knølkvalar, koalabjørnar, kenguruar, krokodillar og vombatar. Vombat er eit lite pungdyr som liknar på ein liten bjørn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

7. Uluru | Australia

Midt i ein flat, tørr ørken står det noko heilt ekstraordinært. Uluru, også kalla Ayers Rock, er ein stor turistattraksjon som ragar 348 meter over bakken.  Han er danna av ca. 600 millionar år gamle sedimentære bergartar og er den einaste forhøgninga i fleire mils omkrets. Når den australske sola skin ned på denne formasjonen, ser det ut som om han gløder i oransje og raudt. Det er lett å forstå kvifor aboriginarane reknar dette som ein heilag stad.

I fleire tiår har hundretusenar kome til toppen av Uluru, blant anna for å få med seg soloppgangen. I 2019 vart det forbode å klatre til toppen. Mange vel likevel å gå rundt foten av fjellet, ein tur på 9,4 kilometer der ein kan sjå fascinerande holemåleri, måla av aboriginarane for meir enn 5000 år sidan.

Staden har også eit yrande dyreliv. Det finst meir enn 170 fugleartar, flere titals reptilartar og meir enn 20 forskjellige pattedyr. Firfisler og slanger er dei ein oftast støyter på, men kenguruar og dingoar er heller ikkje uvanlig. Du er trass alt i den australske øydemarka.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Det røde fjellet Mount Connor i Australia
Det røde fjellet Mount Connor i Australia

8. Waitomo-grottene | New-Zealand

Eit spektakulært lysshow har gjort Waitomo Caves til ein av New Zealands mest populære attraksjonar. Grunnen er ein bitte liten orm som sender ut eit blåleg lys. Lyset hjelper ormen til å tiltrekkje seg byttedyra han fangar i det klissete nettet av silketrådar som han spinn i holetaket.

Det er ikkje berre lysshowet som tiltrekkjer seg turistar, men grottesystemet i seg sjølv er også spennande å utforske, anten til fots eller med båt. Eit nettverk av underjordiske elvar har grave seg gjennom den mjuke kalksteinen i millionar av år, og det er desse som har gitt grottene namnet Waitomo. Det er maoriene sine ord for «elv som flyt ned i holet under bakken».

Inne i grottene har dryppande vatn og kalkstein skapt imponerande, naturlege skulpturar som heng ned frå taket eller strekkjer seg opp frå golvet, og grotteveggane består av glinsande fossil av skjel som ein gong låg på havbotnen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

9. Tahiti | Fransk Polynesia

Langt ut i Stillehavet ligg Fransk Polynesia. Etter ein krig i 1889 tok franskmennene over makta i dette området. Her finn vi seks øygrupper, blant anna Bora Bora, Tahiti og Mo`orea. Øyhopping er derfor veldig populært her.

At fransk Polynesia ligg i eit aude område, er absolutt ein del av sjarmen, men det betyr også at det vil ta litt tid å komme dit. Frå Europa er reisetida på meir enn 24 timar!

Fra Tahiti er Mo’orea den lettaste øya å nå med båt, og turen tar mellom tretti minutt og éin time. Her finn du  dei velkjende bungalowane på vatnet,  som har blitt Tahiti sitt varemerke, men dra gjerne også litt innover på øya for å utforske dei fascinerande grøne fjella som ruvar over landskapet.

Dyrelivet her er også heilt unikt – viss det freistar å sjå ein heil regnboge av fisk og korallar, er det berre å ta på snorkel og dykkarmaske og hive seg uti lagunen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bungalower i blått hav og et høyt frodig fjell på Tahiti.
Bungalower i blått hav og et høyt frodig fjell på Tahiti.

Alltid ein ny stad å reise til

For ei verd vi lever i! Det er så mange spennande og fantastiske stader å oppdage. Neste gong du skal ut og reise, kan du gjerne leggje vegen til ein stad du aldri har vore før. Då har du alltid eit nytt reisemål i sikte.

Et barn flyr på en koffert med soloppgang i bakgrunnen.
Et barn flyr på en koffert med soloppgang i bakgrunnen.

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images