Vikingane
Korleis var religionen til vikingane?
Du har kanskje høyrt om Tor med hammaren og Odin, og kanskje Valhall eller Ragnarok. Korleis var eigentleg religionen til vikingane?
Norrøn treskjæring
Norrøn religion
Vikingane levde i Skandinavia for over 1000 år sidan. Dette var like før kristendommen kom til Noreg. Vikingane trudde på gudar som Tor og Odin. Dei trudde òg på mange andre gudar, gudinner og makter. Ordet norrøn kjem frå gammalnorsk og betyr ‘som kjem frå nord’.
Kart over Skandinavia
Mange amuletter for beskyttelse mot 'det onde øyet' som henger på en gren
Trollkorssymbol
Gammelt maleri av diser, kvinnelige åndevesener, som frigir fanger under en krig.
Det siste slaget mellom gudene i Åsgård og Loke og hans barn under Ragnarok
Snorre- Edda
Vikingane skreiv ikkje ned sin eigen religion. Vi finn mykje informasjon om religionen deira i boka Edda. Denne boka vart skriven av islendingen Snorre Sturlason eit par hundre år etter kristninga av Noreg og etter slutten på vikingtida. Religionen til vikingane vart forboden i Noreg i år 1015. Likevel levde historiene vidare i fleire hundre år blant folket. Snorre beskreiv gudelæra til vikingane som synsbedraget til ein konge. Dette gjorde han for å unngå å bli straffa for å vere ein kjettar – ein som driv med vranglære.
Heimdall vokter broen Bifrost fra Midgard til Åsgård
Odin og Sleipner
Odin var den eldste og mektigaste guden i norrøn mytologi. Han var visdommens og krigarane sin gud. Odin var son av Bor og Bestla. Odin skapte menneskeverda saman med brørne sine Ve og Vile. Ingen levande kunne reise på besøk til dødsriket Hel, men Odin kunne reise inn i dødsriket fordi han hadde hesten Sleipner. Sleipner var den raskaste hesten i verda. Han hadde åtte bein.
Maleriet Valkyrien, av Peter Nicolai. Kvinneskikkelser ridende til hest med skjold og spyd
Frøya søker sin make. Frøya sitter i en vogn trukket av katter. Engler flyr rundt vognen.
Tor med hammeren i strid med jotnene. Gammelt maleri.
Loke finner Gullveigs hjerte. Gammelt maleri.
Mytiske dyr
I norrøn mytologi finn vi fleire mytiske dyr. Midgardsormen er ein enorm og frykteleg orm som ligg rundt ytterkanten i havet. Fenrisulven er eit uhyre i ulveskikkelse. Odin har to ramnar som fortel Odin om alt dei ser. Ramnane heiter Hugin og Munin.
📷 Lokes barn; Hel, Fenrisulven og Midgardsormen. Av Emil Doepler.
Maleri av Lokes barn, Hel, Fenris og Midgardsormen
Moderne åsatru
Trua på æsene blir i dag kalla åsatru. Moderne åsatru er inspirert av norrøn mytologi. Det er ikkje så nøye kva gudar ein trur på. Det som er viktig, er å feire saman. Det blir kalla felles praksis. Livet her og no er viktig. Det er faktisk viktigare enn det som eventuelt skjer etter døden. Korleis ein oppfører seg som menneske, er veldig viktig. Det er viktigare enn religiøse påbod og forbod.
📷 Det islandske åsatrulaget Ásatrúarfélagið utfører eit blot ved solkverv i 2009.
Et åsatrulag som utfører en blotning ved solverv.
Heidendom
I vikingtida vart tru og religiøse handlingar omtalt som «skikk». Då kristendommen kom, fekk den gamle skikken nemninga den heidenske skikken. I dag blir ordet heidning brukt om ein som ikkje tilhøyrer ein av dei største religionane. Det er òg eit ord som betyr fritenkjar.
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
RootOfAllLight (CC BY-SA 4.0)
-
Emil Doepler / Offentlig eiendom
-
Johannes Gehrts / Offentlig eiendom
-
Offentlig eiendom
-
Emil Doepler / Offentlig eiendom
-
Jakob Sigurðsson / Offentlig eiendom
-
Peter Nicolai Arbo /offentlig eiendom
-
Nils Blommér / Nasjonalmuséet i Stockholm / Offentlig eiendom
-
Mårten Eskil Winge / Nasjonalmuséet i Stockholm / Offentlig eiendom
-
Marvel Entertainment – YouTube
-
John Albert Bauer / Offentlig eiendom
-
Emil Doepler / Offentlig eiendom
-
Haukurth (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images
-