Vikingane

Korleis var religionen til vikingane?

Du har kanskje høyrt om Tor med hammaren og Odin, og kanskje Valhall eller Ragnarok. Korleis var eigentleg religionen til vikingane?

Norrøn treskjæring
Norrøn treskjæring

Norrøn religion

Vikingane levde i Skandinavia for over 1000 år sidan. Dette var like før kristendommen kom til Noreg. Vikingane trudde på gudar som Tor og Odin. Dei trudde òg på mange andre gudar, gudinner og makter. Ordet norrøn kjem frå gammalnorsk og betyr ‘som kjem frå nord’.

Kart over Skandinavia
Kart over Skandinavia

Før-kristen folkereligion

Ein folkereligion tilhøyrer eit folk, altså ei etnisk gruppe. Folkereligionar baserer seg på kva for nokre heilage handlingar (ritar) menneska gjennomfører. Ritane er viktigare enn kva dei faktisk trur på. Folkereligionen til vikingane var polyteistisk. Det vil seie at dei hadde meir enn éin gud.

📷   Amulettar for vern mot «det vonde auget», Tyrkia.

Religionar som islam og kristendommen er monoteistiske. Det betyr at dei berre har éin gud. Folkereligionar anerkjenner at andre folkeslag har sine eigne gudar. Derfor seier ein at folkereligionar er tolerante og ikkje misjonerande.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange amuletter for beskyttelse mot 'det onde øyet' som henger på en gren
Mange amuletter for beskyttelse mot 'det onde øyet' som henger på en gren

Overtru

Vikingane var svært overtruiske. Dei brukte amulettar og ofringar for å ha gode forhold til maktene. Vikingane trudde at naturen var full av magiske vesen og ånder. For at ting skulle gå bra, måtte ein ha vennskap med desse åndene.

Trollkors, eit bøygt jernstykke som blir bore som ein amulett for å hindre vondsinna magi.

Vikingane trudde at gudane og åndene sørgde for at det var akkurat nok vind, regn, frost og solskin. Ubalanse i forholdet til maktene kunne bety katastrofe.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Trollkorssymbol
Trollkorssymbol

Makter

Det var dei religiøse handlingane som sette menneska i stand til å få kontakt med maktene. Ein god kontakt var nødvendig for velstanden og framgangen til individet og slekta. Ein tilstand som fred eller krig vart tilskriven maktene.

📷   «Idise» av Emil Doepler. Diser som frigir fangar og  held ein hær under kontroll.

Kvar guddom og kvar makt hadde sin spesielle eigenskap. Ulike situasjonar hadde sine eigne gudar og makter. Krigarar ofra til Odin og makter for siger i krig. Bønder ofra til fruktbarheits- og vêrgudar som Frøya og Tor for å få dei beste forholda for avlingane sine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt maleri av diser, kvinnelige åndevesener, som frigir fanger under en krig.
Gammelt maleri av diser, kvinnelige åndevesener, som frigir fanger under en krig.

Norrøn mytologi

Norrøn mytologi er ulike historier som forklarer gudeverda i religionen til vikingane. Desse historiene svarer på spørsmål som: Korleis oppstod verda? Korleis er universet ordna? Kva skjer når ein døyr? Desse spørsmåla finn vi svar på i alle religionar – òg i folkereligionen til vikingane.

📷   «Ragnarok» av Johannes Gehrts.

Ifølgje norrøn mytologi oppstod verda i møtet mellom eld og is. Verda bestod av tre delar som var forbundne med treet Yggdrasil. Desse tre delane heitte Åsgard, Midgard og Utgard.

Døden vart ikkje sett på som ein endeleg slutt. Dei døde heldt fram med å vere ein del av slekta. Samtidig levde dei ein annan stad der dei var døde. Undergangen i verda vart kalla Ragnarok. Ragnarok var òg starten på ei ny verd.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Det siste slaget mellom gudene i Åsgård og Loke og hans barn under Ragnarok
Det siste slaget mellom gudene i Åsgård og Loke og hans barn under Ragnarok

Snorre- Edda

Vikingane skreiv ikkje ned sin eigen religion. Vi finn mykje informasjon om religionen deira i boka Edda. Denne boka vart skriven av islendingen Snorre Sturlason eit par hundre år etter kristninga av Noreg og etter slutten på vikingtida. Religionen til vikingane vart forboden i Noreg i år 1015. Likevel levde historiene vidare i fleire hundre år blant folket. Snorre beskreiv gudelæra til vikingane som synsbedraget til ein konge. Dette gjorde han for å unngå å bli straffa for å vere ein kjettar – ein som driv med vranglære.

Framsiden av Snorres Edda viser Odin (øverst i midten) med ravnene Hugin og Munin på hver si side. På venstre side viser illustrasjonene hammeren Mjølner, guden Heimdall med Gjallarhornet og hesten Sleipner. På høyre side viser illustrasjonene kua Audhumbla og Fenrisulven. Nederst i midten er Valhall.

Oppgåva til gudane

Vikingane kalla gudane sine for æser og åsynjer. Æsene var dei mannlege gudane. Åsynjer var dei kvinnelege gudinnene. Odin var den mektigaste av alle æsene. Frøya var den mektigaste kvinnelege gudinna. Vanane tilhøyrde ei anna gudeslekt enn æsene. Vanane var forbundne med fruktbarheit, fiske, handel og rikdom.

Gudane var som menneska i at dei levde i familiegrupper. Gudane hadde styrkar og svakheiter. Oppgåva til gudane var å halde oppe orden i verda.

Åsgard og Midgard

Æsene budde i Åsgard. Her hadde gudane og gudinnene sine heimar og festhallar. Menneska budde i Midgard. Det låg i ein sirkel utanfor Åsgard. Ytst i verda låg Utgard. Dette var heimen til jotnane og kaosmaktene. Åsgard og Midgard var forbundne med ei bru kalla Bifrost. Denne brua kunne menneska sjå som regnbogen.

📷   Heimdall som vaktar Bifrost av Emil Doepler.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Heimdall vokter broen Bifrost fra Midgard til Åsgård
Heimdall vokter broen Bifrost fra Midgard til Åsgård

Odin og Sleipner

Odin var den eldste og mektigaste guden i norrøn mytologi. Han var visdommens og krigarane sin gud. Odin var son av Bor og Bestla. Odin skapte menneskeverda saman med brørne sine Ve og Vile. Ingen levande kunne reise på besøk til dødsriket Hel, men Odin kunne reise inn i dødsriket fordi han hadde  hesten Sleipner. Sleipner var den raskaste hesten i verda. Han hadde åtte bein.

Odin rir på Sleipner. Illustrasjon i et islandsk manuskript fra det 18. århundret.

Valhall og Folkvang

Valkyrjer var kvinnelege vesen som hadde makt over krig og død. Dei var forbundne med Odin. Når ein viking fall i slag, førte valkyrjene dei falne til Valhall eller til Folkvang.

📷   «Valkyrien» av Peter Nicolai Arbo.

Odins festhall i Åsgard vart kalla Valhall. Herfrå kunne Odin sjå alt som gjekk føre seg i verda. Halvparten av dei falne vart førte til Odins Valhall. Her serverte valkyrjene mjød til både æsene og dei døde krigarane. Den andre halvparten førte valkyrjene til Folkvang. Dette var Frøya sitt område i Åsgard.

Odin og Frøya delte dei falne mellom seg. Dei tapraste kom til Valhall for å bli ein del av hæren til gudane. Denne hæren skulle kjempe mot undergangen i verda (Ragnarok). Dei meir ærbare og mindre blodtørstige kom til Folkvang. Også kvinner som døydde ein ærbar død, kom til Folkvang.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Maleriet Valkyrien, av Peter Nicolai. Kvinneskikkelser ridende til hest med skjold og spyd
Maleriet Valkyrien, av Peter Nicolai. Kvinneskikkelser ridende til hest med skjold og spyd

Frøya / Frigg

Ein seier i dag at Frøya og Frigg var to sider av same gudinne. Vekedagen fredag er oppkalla etter henne. I vikingtid ville det bringe lykke å gifte seg på ein fredag. Dette var fordi Frøya var gudinne for erotikk og kjærleik. Ho hadde òg seid, blot og død som ansvarsområde.

📷   «Frøya søker sin make» av Nils Blommér.
Seid

Seid er ei form for magi med djup kjennskap til liv og død. I dag kan ein kalle det for sjamanisme. Den gamle samiske religionen var sjamanistisk. Sjamanen var ein åndeleg leiar. Sjamanen var bindeleddet mellom menneska og åndene si verd.

Blót

Blót var dei store festseremoniane til vikingane. Her vart det servert nyslakta dyr, øl og mjød (honningvin). Ved første fullmåne etter vintersolkverv stelte dei i stand jólablót. Vintersolkverv er den mørkaste og lengste natta i året. Under jólablót takka vikingane gudane og kvarandre med gåver. Seremonimeisteren var anten ein mann eller ei kvinne.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Frøya søker sin make. Frøya sitter i en vogn trukket av katter. Engler flyr rundt vognen.
Frøya søker sin make. Frøya sitter i en vogn trukket av katter. Engler flyr rundt vognen.

Tor med hammaren

Tor er guden for naturkrefter. Han er òg guden for tore. Han har eit heftig temperament og er veldig sterk. Hammeren til Tor heiter Mjølner. Denne brukar han for å forsvare æsene. Tor treffer alt han siktar på. Hammeren kjem alltid tilbake til han. Tor er son av Odin og jotunkvinna Jord. Det vart sagt at lyn og tore blir skapt av at Tor køyrer over himmelen med vogna si.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tor med hammeren i strid med jotnene. Gammelt maleri.
Tor med hammeren i strid med jotnene. Gammelt maleri.

Jotunheimen og Loke

Jotnane budde i Jotunheimen. Dei var vesen som var motstandarane til gudane. Men jotnane var òg vise og kloke, og dei hjelpte gudane. Det var jotnane som oppstod først, ifølgje norrøn mytologi.

Loke var kjend som ein luringgud som fann på rampestrekar og spøk. Loke var ein jotun av opphav, men vart Odins blodsbror. Det vil seie at Loke var ein halvgud. Derfor fekk Loke fritt spelerom i Åsgard. Dette førte til intrigar og maktspel i gudeheimen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Loke finner Gullveigs hjerte. Gammelt maleri.
Loke finner Gullveigs hjerte. Gammelt maleri.

Mytiske dyr

I norrøn mytologi finn vi fleire mytiske dyr. Midgardsormen er ein enorm og frykteleg orm som ligg rundt ytterkanten i havet. Fenrisulven er eit uhyre i ulveskikkelse. Odin har to ramnar som fortel Odin om alt dei ser. Ramnane heiter Hugin og Munin.

📷   Lokes barn; Hel, Fenrisulven og Midgardsormen. Av Emil Doepler.
Maleri av Lokes barn, Hel, Fenris og Midgardsormen
Maleri av Lokes barn, Hel, Fenris og Midgardsormen

Moderne åsatru

Trua på æsene blir i dag kalla åsatru. Moderne åsatru er inspirert av norrøn mytologi. Det er ikkje så nøye kva gudar ein trur på. Det som er viktig, er å feire saman. Det blir kalla felles praksis. Livet her og no er viktig. Det er faktisk viktigare enn det som eventuelt skjer etter døden. Korleis ein oppfører seg som menneske, er veldig viktig. Det er viktigare enn religiøse påbod og forbod.

📷   Det islandske åsatrulaget Ásatrúarfélagið utfører eit blot ved solkverv i 2009.
Et åsatrulag som utfører en blotning ved solverv.
Et åsatrulag som utfører en blotning ved solverv.

Heidendom

I vikingtida vart tru og religiøse handlingar omtalt som «skikk». Då kristendommen kom, fekk den gamle skikken nemninga den heidenske skikken. I dag blir  ordet heidning brukt om ein som ikkje tilhøyrer ein av dei største religionane. Det er òg eit ord som betyr fritenkjar.

Kjelder:

  • Store norske leksikon (2005-2007); Nordbø, Børge: Snorres Edda i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Snorres_Edda
  • Magerøy, Hallvard; Næss, Ellen Marie: Odin i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Odin
  • Store norske leksikon (2005-2007); Næss, Ellen Marie: Valhall i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Valhall
  • Store norske leksikon (2005-2007); Næss, Ellen Marie: valkyrjer i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/valkyrjer
  • Næss, Ellen Marie: Frøya i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Frøya
  • Store norske leksikon (2005-2007): Folkvang i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Folkvang
  • Næss, Ellen Marie: Loke i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Loke
  • Store norske leksikon (2005-2007); Næss, Ellen Marie: Sleipner i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Sleipner
  • Store norske leksikon (2005-2007): seid i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/seid
  • Store norske leksikon (2005-2007); Næss, Ellen Marie: norner i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/norner
  • Store norske leksikon (2005-2007): volve i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/volve
  • Nordbø, Børge: Voluspå i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Voluspå
  • Store norske leksikon (2005-2007); Næss, Ellen Marie: Midgardsormen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Midgardsormen
  • Store norske leksikon (2005-2007); Næss, Ellen Marie: Fenrisulven i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Fenrisulven
  • Store norske leksikon (2005-2007); Næss, Ellen Marie: Hugin og Munin i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/Hugin_og_Munin
  • Andersen, Øivind: oldtiden i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/oldtiden
  • Brégaint, David; Imsen, Steinar; Scott, Ida: middelalderen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/middelalderen
  • Hatlehol, Gunnar D.; Omland, Atle; Roede, Lars: hakekors i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/hakekors
  • Borgland, Jens Wilhelm: svastika i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. november 2023 frå https://snl.no/svastika
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. RootOfAllLight (CC BY-SA 4.0)
    5. Emil Doepler / Offentlig eiendom
    6. Johannes Gehrts / Offentlig eiendom
    7. Offentlig eiendom
    8. Emil Doepler / Offentlig eiendom
    9. Jakob Sigurðsson / Offentlig eiendom
    10. Peter Nicolai Arbo /offentlig eiendom
    11. Nils Blommér / Nasjonalmuséet i Stockholm / Offentlig eiendom
    12. Mårten Eskil Winge / Nasjonalmuséet i Stockholm / Offentlig eiendom
    13. Marvel Entertainment – YouTube
    14. John Albert Bauer / Offentlig eiendom
    15. Emil Doepler / Offentlig eiendom
    16. Haukurth (CC BY-SA 3.0)
    17. Getty Images