Vikingane
Tokta og erobringane til vikingane
Vikingane reiste langt ut i verda med vikingskipa sine for over 1000 år sidan. Dei både kriga og busette seg i fleire område, og vi ser spor etter vikingane den dag i dag.
Norrøn treskjæring
Dyktige sjøfolk
Vikingane var svært dyktige sjøfolk. Dei observerte straumar, fisk og sjøfuglar for å avgjere når og korleis dei skulle segle. Vikingane reiste langt ut i verda for å skaffe seg ære, mat, dyrkingsjord og rikdommar. Dei segla langskipa og knarrane sine over heile Europa, og inn i delar av Asia, Amerika og Afrika.
Røff sjø, bølger med hvitt skum
Vikingtokt, treskjæring
Irlands øye, en ubebodd øy utenfor Dublin
Mørke skyer over hovedstaden Tórshavn på Færøyene
Gardarikes utstrekning på midten av 900-tallet.
Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard
Normandie
På 800-talet segla vikingane sørover til vestkysten av det som seinare vart Frankrike. Vikinghovdingen Rollo vart hertug i år 911 i området som seinare fekk namnet Normandie etter inntoget til vikingane. Innverknaden til normannarane er tydeleg den dag i dag. Her kan ein sjå mange stadnamn som stammar frå norrønt språk. Endingane -bec, -dalla, -hogue ser du kanskje kva betyr på norsk? (bekk, dal, haug)
📷 Statue av Rollo av Normandie i Falaise.
Den iberiske halvøya
Etter at vikingane hadde etablert seg på vestkysten av Frankrike, tok dei vegen lenger sør. Vikingane drog til det kristne Nord-Spania og det muslimske Sør-Spania. Dei møtte hard motstand i Spania, men Sevilla var ein vikingby i seks veker i år 844 før dei vart overvunne. Deretter prøvde vikingane seg på Portugal og røva Lisboa. Men også her møtte vikingane hard motstand, og dei vende tilbake til Frankrike.
Gammelt kart over Den iberiske halvøy
Kart som viser området Danelagen i nåtidens England.
Leiv Eirikson oppdager Amerika, maleri av Christian Krohg
Norrøn busetjing på Newfoundland
Det var ekteparet Anne Stine og Helge Ingstad som oppdaga den norrøne busetjinga. Dei fann typiske gjenstandar frå kulturen til vikingane: ei ringnål, eit spinnehjul og ei lampe. Mytane dei lærde hadde høyrt om i hundreår, vart no fakta. I dag seier vi at Leiv Eiriksson oppdaga Nord-Amerika 500 år før Christofer Columbus.
📷 Helge Ingstad og kona Anne Stine Ingstad fotograferte i heimen sin i 1964.
Vil du vite meir?
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Wikimedia (CC BY-SA 3.0)
-
J.M. Stenersen & Co, 1899 / Offentlig eiendom
-
Wikimedia (CC BY-SA 2.5)
-
Offentlig eiendom
-
danmarkshistorien.dk
-
Christian Krohg, Nasjonalgalleriet Oslo / Offentlig eiendom
-
Rigmor Dahl Delphin / Oslo Museum / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-