Vikingane

Tokta og erobringane til vikingane

Vikingane reiste langt ut i verda med vikingskipa sine for over 1000 år sidan. Dei både kriga og busette seg i fleire område, og vi ser spor etter vikingane den dag i dag.

Norrøn treskjæring
Norrøn treskjæring

Dyktige sjøfolk

Vikingane var svært dyktige sjøfolk. Dei observerte straumar, fisk og sjøfuglar. Dette gjorde vikingane for å avgjere når og korleis dei skulle segle. Vikingane reiste langt ut i verda for å skaffe seg ære og rikdom. Dei segla langskipa og knarrane sine over heile Europa. Vikingane reiste også inn i delar av Asia, Amerika og Afrika.

Røff sjø, bølger med hvitt skum
Røff sjø, bølger med hvitt skum

Båtane

Eit langskip var ein stor, open båt med eit skrog av eik. Eit langskip hadde ein grunn kjøl og mange årepar. Det hadde også eit stort firkanta segl. Båten vart for det meste rodd og hadde plass til fleire hundre menn. Ein knarr hadde same typen skrog, men var laga for å ha mykje last om bord. Ein knarr hadde færre årepar enn eit langskip. Knarrren vart mest brukt til å segle.

I fleire hundre år vart mange folkeslag skremde av å sjå vikingskip i horisonten. Munkar skreiv grufulle historier om korleis vikingane angreip  klostra deira.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vikingtokt, treskjæring
Vikingtokt, treskjæring

Irland og England

Mot slutten av 700-talet gjennomførte vikingane fleire raske raid. Desse angrepa var mot kloster og kyrkjer i Irland og England. Til å begynne med drog vikingane tilbake til Skandinavia med byttet sitt. Noko seinare begynte vikingane å overvintre og busetje seg i nye område. Dette var en form for kolonisering kalla ytre landnåm.

Rundt år 840 grunnla vikingar byen Dublin. Byen vart etter kvart hovudsete i eit vikingrike. Dette riket hadde si stordomstid i åra 920-970. Vi kan i dag sjå endinga -by i fleire irske og engelske stadsnamn. Dette viser til gamle vikingbusetjingar: Derby, Whitby, Grimsby.

📷 Sør for Lambay ligg ei mindre øy, kjend som Ireland’s Eye, Irlands auge. Namnet er resultatet av ei feiloversetting av det irske namnet på øya, gjort  av norrøne nordbuarar som kom som vikingar. Det opphavelege namnet på øya var Inis Ereann («Éire’s island»).
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Irlands øye, en ubebodd øy utenfor Dublin
Irlands øye, en ubebodd øy utenfor Dublin

Island og Grønland

Vikingar busette seg på Island og Færøyane mot slutten av 800-talet. Nordmannen Ingolf Arnason kom til Island rundt år 874. Han bygde seg ein stor gard i ei vik. Dette var begynnelsen på Reykjavik. Norrøne fangstmenn hadde då allereie halde til på Island i mange år. I dag kan ein sjå norrøne gateskilt og stadnamn på desse øyane. Veit du kva hovudstaden på Færøyane heiter?

📷 Hovudstaden Tórshamn på Færøyane.

Eirik Raude var den mest berømte vikingen som utforska Grønland. Han overtalte islandske vikingar til å flytte til Grønland. Der kunne busetjarane dyrke bygg og halde sauer og kveg. Dei selde eller bytte elfenbein frå kvalrosstenner og isbjørnskinn. Og dei fekk verktøy og tømmer frå Europa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mørke skyer over hovedstaden Tórshavn på Færøyene
Mørke skyer over hovedstaden Tórshavn på Færøyene

Russland

Vikingar busette seg langs kysten av Finland og dei baltiske statane. Derfrå var ikkje vegen lang til Russland. Gardariket var det første riket som vikingane grunnla på midten av 800-talet. Det låg der Russland og Ukraina ligg i dag.

📷 Gardarike på midten av 900-talet.

Svenske vikingar vart kalla rus eller ruotsi som betyr «roar». Vikingane rodde båtane sine. Det finske ordet for Sverige er Ruotsi.

Det var mykje handel rundt Østersjøen i vikingtida. Det var også mykje handel langs dei store russiske elvane. I Sverige har dei funne 80 000 arabiske myntar frå denne tida.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gardarikes utstrekning på midten av 900-tallet.
Gardarikes utstrekning på midten av 900-tallet.

Paris og Konstantinopel

Paris vart angripe av vikingar i år 845. Vikingane vart betalte over 2,5 tonn sølv i løysepengar for å ikkje brenne ned heile byen. Men vikingane kom tilbake både i 856 og 861. Kongen bestemte at det skulle byggjast bruer over dei store elvane for å stoppe vikingane.

Konstantinopel (no Istanbul) vart angripe av vikingar i år 860. Byen hadde tidlegare blitt kalla Bysants. Han vart kalla Miklagard av vikingane. Det betyr «den store garden». På den tida budde det fleire hundre tusen menneske i Konstantinopel. Byen hadde allereie vore hovudstaden i Aust-Romarriket i 500 år.

📷 “Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard.” Heimskringla.

Vikingane klarte ikkje å overta den inste byen. I år 911 vart det inngått ein vennskapeleg handelsavtale mellom partane. Avtalen førte til mykje handel over Svartehavet.

I kyrkja Hagia Sofia i Istanbul kan ein i dag sjå spor etter vikingane. Der står det innrissa i marmor med runeskrift: «Halvdan var her».

Fleire vikingar vart leigesoldatar i keiseren si hær. Leigesoldatane vart kalla væringar. Harald Hardråde var ein av dei. Han vart seinare norsk konge på 1000-talet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard
Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard

Normandie

På 800-talet segla vikingane sørover til vestkysten av Frankrike. Vikinghovdingen Rollo vart hertug i år 911 i dette området. Det vart kalla Normandie etter vikingane sitt inntog. Spor etter normannarane kan vi finne  den dag i dag. Her kan ein sjå stadnamn som stammar frå norrønt språk. Endingane -bec, -dalle, -hogue ser du kanskje kva betyr på norsk? (bekk, dal, haug).

📷 Statue av Rollo av Normandie i Falaise.
Statue av Rollo av Normandie

Den iberiske halvøya

Vikingane etablerte seg på den franske vestkysten. Etterpå drog dei til det kristne Nord-Spania og det muslimske Sør-Spania. Dei møtte hard motstand i Spania. Men Sevilla var ein vikingby i seks veker i år 844. Så tapte dei kampen. Etterpå forsøkte vikingane seg på Portugal og røva Lisboa. Men også her møtte vikingane hard motstand. Derfor vende dei tilbake til Frankrike.

Gammelt kart over Den iberiske halvøy
Gammelt kart over Den iberiske halvøy

Danelagen og York

Vikingane herska over fleire land. Dei står bak utviklinga av fleire europeiske kongerike. Eit døme er i England:  Riket Danelagen vart oppretta på slutten av 800-talet. Danelagen var eit område kor vikinghæren regjerte over fleire engelske småkongedømme.

Jorvik (no kalla York) vart sentrum i eit vikingrike i Nord-England på 800-talet. I dag ser vi gatenamn med ordet ‘gate’ i staden for ‘street’. Micklegate betyr den store gaten. Hugs Miklagard! Mikil betyr altså stor på norrønt.

Eirik Blodøks var den siste vikingkongen i York på 900-talet. Eirik var også konge i Noreg ein kort periode.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart som viser området Danelagen i nåtidens England.
Kart som viser området Danelagen i nåtidens England.

Vinland og Leiv Eiriksson

Leiv Eiriksson vaks opp i ein familie av oppdagarar. Faren hans var Eirik Raude. Eirik hadde vorte hovding på Grønland. Han måtte reise til Grønland fordi han hadde blitt lyst fredlaus på Island for manndrap. Eirik Raude var opphaveleg frå Jæren i Rogaland. Han kalla ein av gardane sine på Grønland for «Sandnes», og ein fjord fekk namnet «Lysufjord».

📷 “Leiv Eirikson oppdagar Amerika” av Christian Krohg

Leiv høyrde tidleg historier om ein islending som heitte Bjarne Herjolfsson. Bjarne kom ut av kurs på ein seglas mot Grønland. Han fortalde om landet han hadde sett lenger i vest. Leiv ville utforske området når han vart gammel nok. Då kjøpte Leiv  båten til Bjarne. Så drog Leiv vestover mot det som no er kysten av Nord-Amerika.

Leiv oppdaga kysten av Nord-Amerika rundt år 1000. I fleire hundreår vart det fortalt historier om Vinland. Det var namnet som Leiv gav området han fann. Men det var først i 1961 at ein faktisk fann ruinar etter ei vikingbusetjing i Canada. Dei vart oppdaga nord på Newfoundland.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Leiv Eirikson oppdager Amerika, maleri av Christian Krohg
Leiv Eirikson oppdager Amerika, maleri av Christian Krohg

Norrøn busetjing på Newfoundland

Det var ekteparet Anne Stine og Helge Ingstad som oppdaga ruinane. Dei fann typiske gjenstandar frå kulturen til vikingane: ei ringnål, eit spinnehjul og ein lampe. Då vart gamle eventyr plutseleg fakta. I dag seier vi at Leiv Eiriksson oppdaga Nord-Amerika 500 år før Christofer Columbus.

📷  Helge Ingstad og kona Anne Stine Ingstad fotograferte i heimen sin i 1964.

 

Helge Ingstad og kona Anne Stine Ingstad fotografert i sitt hjem i 1964. Paret sitter foran en åpen peis.

Vil du vite meir?

Kjelder:

  • Vikinger: Historien og legendene (2019)
    Orage Forlag AS
  • Vikingene: Historien og sagaene (2022)
    Orage Forlag AS
  • Store norske leksikon (2005-2007): Gardarike i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/Gardarike
  • Viken, Øystein Lydik Idsø; Allkunne: Miklagard i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/Miklagard
  • Store norske leksikon (2005-2007); Goplen, Ådne; Fjalsett, Georg Kristoffer; Tsakos, Alexandros; Seland, Eivind Heldaas: Bysants i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/Bysants
  • Viken, Øystein Lydik Idsø; Allkunne: væringar i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/væringar
  • Lunga, Peter Sigurdson: Rollo i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/Rollo
  • Store norske leksikon (2005-2007); Barr, Susan: Anne Stine Ingstad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/Anne_Stine_Ingstad
  • Rekvig, Ole Petter; Norsk biografisk leksikon; Barr, Susan; Gjelsvik, Tore: Helge Ingstad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/Helge_Ingstad
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Wikimedia (CC BY-SA 3.0)
    7. J.M. Stenersen & Co, 1899 / Offentlig eiendom
    8. Wikimedia (CC BY-SA 2.5)
    9. Offentlig eiendom
    10. danmarkshistorien.dk
    11. Christian Krohg, Nasjonalgalleriet Oslo / Offentlig eiendom
    12. Rigmor Dahl Delphin / Oslo Museum / Offentlig eiendom
    13. Getty Images