Viljestyrke

Har du ein draum som er vanskeleg å nå? Kanskje du har hatt det same nyttårsforsettet i fleire år? Når vi slit med å få til det vi vil, er det viljestyrken som blir utfordra. Men denne kan du faktisk trena opp. Her kan du læra deg korleis.

To personer som trener på et treningssenter

Kva er viljestyrke?

Viljestyrke er energien bak sjølvkontroll. Du set deg eit mål og lagar ein plan. Viljestyrke hjelper deg med å følgja denne planen utan å avbryta. Alt som er kjedeleg, vanskeleg og tar lang tid, krev viljestyrke.

For nokre krev det viljestyrke å stå opp, kle på seg og komma seg på skulen. For andre går det automatisk, og dei treng ikkje tenka over det.

Nokre må bruka masse viljestyrke for å byrja med leksene når dei kjem heim frå skulen. Nokre har brukt opp viljestyrken i løpet av skuledagen og flatar ut på sofaen heile ettermiddagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente og gutt som mediterer i en park
Jente og gutt som mediterer i en park

Nøkkelen til vellykka liv?

Forskarar meiner at dei som har mykje viljestyrke, ofte klarer seg best på skulen. Dei får òg betre betalte jobbar, betre helse og lykkelegare ekteskap når dei blir vaksne.

Det som er viktig å vita, er at sjølvkontroll og viljestyrke ikkje er ei medfødd evne. Det er noko du kan trena på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fokus bilde av en svett kvinne på treningssenter
Fokus bilde av en svett kvinne på treningssenter

Marshmallow-testen

For ca. 60 år sidan leia psykologen Walter Mischel den såkalla marshmallow-testen. Forskarane ville undersøka om barn kunne bruka viljestyrke, og om dei kunne vera uthaldande for å få ei større påskjøning seinare.

Rundt 600 barn mellom fire og seks år blei sette aleine i eit rom. Dei fekk to val. Dei kunne få éin marshmallow med ein gong. Eller dei kunne venta til forskaren kom tilbake. Då skulle dei få to.

Viss dei ikkje orka å venta, kunne dei berre ringa i ei bjølle, men då fekk dei berre den eine marshmallowen.

Barna blei følgde heilt til dei blei vaksne. Forskarane oppdaga at dei som hadde orka å venta på to marshmallows, gjorde det betre på skulen. Dei hadde òg betre helse som vaksne, dei levde i gode ekteskap, og færre blei skilde. Resultata var uavhengige av intelligens og sosial klasse.

Konklusjonen blei derfor: Viss du kan utsetja ei påskjøning som barn, klarer du utfordrande situasjonar betre òg seinare i livet. Marshmallow-testen er svært viktig innan sosialpsykologien og har blitt brukt fleire gonger.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Marshmallows med forskjellige farger
Marshmallows med forskjellige farger

Viljestyrken – den viktigaste muskelen din

Psykologiprofessor Roy Baumeister har studert viljestyrke i tre tiår. Han omtalar viljestyrke som ein muskel du må trena opp. Og akkurat som andre musklar blir han sliten når du har brukt han mykje.

Når du kjem heim etter ein lang dag på skulen, orkar du kanskje ikkje vera den som dekker bordet til middag. Kan henda du svarer irritert. Nokre gonger kan du til og med bli litt slem. Dei fleste kjenner seg att i dette. Viljestyrken har blitt brukt opp på skulen. Det er ikkje noko igjen til familien din. Det går ut over både dei og deg sjølv.

Viss du har brukt opp viljestyrken i løpet av dagen, er det lett å falla for freistingar. Sofakroken kan halda deg igjen, sjølv om du hadde bestemt deg for å dra på trening.

Då bør du vita korleis du kan trena opp viljestyrken. Du kan læra korleis du fordelar den viljestyrken du har. I tillegg kan du læra korleis du får meir av han. Dette viser forskinga til Baumeister.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame som holder ut to hender, den ene hånden med et eple og den andre med en donut
Dame som holder ut to hender, den ene hånden med et eple og den andre med en donut

Ikkje tenk på ein isbjørn

Eit av eksperimenta til Baumeister gjekk ut på å kontrollera tankar og kjensler for å sjå korleis dette påverkar viljestyrken.

Alle har negative tankar og ein «styggen på ryggen» av og til. «Styggen på ryggen» er det vi kallar den fiktive figuren som sit på skuldra og fortel oss alt det vi ikkje får til.

Også dei som klarer alt og orkar alt, har det slik. Men dei gjer det dei skal, likevel.

Kunsten er å ikkje lytta til stemma til «styggen på ryggen». Men ofte når du prøver å dytta bort slike tankar, blir det verre. I tillegg bruker du masse viljestyrke.Prøv sjølv:
Finn fram klokka. Set henne på nedteljing i eitt minutt. Ikkje tenk på ein isbjørn i eitt minutt. Lykke til!

Sannsynlegvis tenkte du meir på isbjørn enn du har gjort nokon gong. Så korleis kan vi styra tankane våre?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Isbjørn i Spitsbergen på Svalbard
Isbjørn i Spitsbergen på Svalbard

Ta kontrollen

Baumeister seier at vi ikkje skal prøva å skuva bort tankar som kjem. Vi skal byta dei ut med noko anna. Kvar gong isbjørnen dukkar opp, skal du sjå for deg at han er brun. Kvar gong du tenker på ein deilig sjokolade, skal du byta han ut med ei god frukt. Og viss du tenker at du ikkje orkar å springa lenger, skal du sjå deg sjølv springa over målstreken.

Du kan planlegga dette på førehand. Du veit sikkert kva negative tankar du plar ha. Førebu deg og styr tankane dit du vil!

I Baumeisters  eksperiment fekk òg deltakarane beskjed om å «ikkje tenka på ein isbjørn». Å styra tankane på den måten krev ein god del sjølvkontroll.

Etter denne oppgåva fekk deltakarane beskjed om å ikkje drikka for mykje øl i ein ølsmaketest. Men dei som hadde brukt viljestyrken i isbjørnoppgåva var slitne. Dei drakk meir øl enn ei anna gruppe som starta på ølsmaketesten utan å ha gjort isbjørnoppgåva først.

I eit anna eksperiment skulle ei gruppe få sjå eit trist naturprogram. Nokre blei bedne om å halda igjen kjenslene sine, mens andre fekk la tårene fløyma. Gruppa som måtte halda igjen, gjorde det dårlegare i ein styrketest rett etterpå. Dei som kunne la kjenslene strøyma, derimot, gjorde det betre.

I ein tredje test deltok ei gruppe kvinner som såg på eit naturprogram. Dei hadde ei godteriskål anten rett ved sida av seg eller på den andre sida av rommet. Ingen fekk ta godteri. Rett etterpå skulle dei legga eit puslespel som var umogleg å løysa. Dei som hadde site nærast godteriet, gav opp tidlegare enn dei som hadde site langt unna.

Dei hadde altså brukt så mykje viljestyrke på å motstå godteriet at dei hadde mindre viljestyrke å bruka på puslespelet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En hånd som holder en fjernkontroll til et TV
En hånd som holder en fjernkontroll til et TV

Sit det berre i hovudet?

Baumeister trur viljestyrken sit i meir enn berre hovudet. Han viser til forsking som seier at viljestyrken bruker opp blodsukkeret, yndlingsmaten til hjernen.

Andre forskarar meiner at viljestyrken vår er avhengig av kva vi trur på. Når folk verkeleg trur at krevjande oppgåver gjer dei sterkare, så gjer dei det endå betre på seinare oppgåver.

Samtidig veit vi at det er vanskeleg å halda på viljestyrken når vi blir stressa. Viss du har masse å gjera eller store bekymringar, så fell du lett tilbake til gamle uvanar. Det er fordi du har lært kroppen din ein måte å takla stress på. Dette sit i blodårene, ikkje berre i hovudet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en kvinne utendørs
Nærbilde av en kvinne utendørs

Ta ein bolle

I vanskelege periodar produserer kroppen masse stresshormon som adrenalin og kortisol. Du får meir krefter, men du kan også få eit kraftig søtsug. Karbohydrat, som det finst mykje av i søtsaker, hjelper nemleg kroppen med å senka kortisolnivået. Derfor hjelper det faktisk «å ta ein bolle», slik ein plar seie til folk som stressar. Alkohol verkar også dempande på kortisolnivået,. Men alkohol er sjølvsagt ein endå dårlegare vane enn bollen eller sjokoladen.

Kvar gong du dempar stressreaksjonane i kroppen med desse midla, lærer du kroppen kva «du må ha» neste gong du er stressa.

Forretningskvinne spiser en kanelsnurr
Forretningskvinne spiser en kanelsnurr

Kunnskap gir makt

Heldigvis kan du læra opp kroppen din på nytt. Det finst fleire sunne metodar du kan dempa stress på. Den hyggelegaste metoden er å auka oksytocin-nivået. Oksytocin blir ofte kalla kjærleikshormonet. Dette får du meir av når du får nærleik og omsorg. Det kan vera ein god prat eller ein varm klem. Det kan til og med hjelpa å kosa med ein hund.

Alt som dempar flykt eller kjemp-responsen i kroppen, kan hjelpa. Du kan òg prøva yoga, ein løpetur eller ein god latter.

Neste gong du stressar eller gruar deg til noko, kan du løysa det på anna vis. Etter kvart vil kroppen automatisk ropa etter ein løpetur og ikkje godteskåla.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et fotball lag med jenter feirer seier
Et fotball lag med jenter feirer seier

Sjølvkjensle eller sjølvkontroll?

Baumeister meiner vi bør fokusera mindre på sjølvkjensla og heller konsentrera oss om sjølvkontroll. Du når ikkje måla dine berre ved å tenka positivt om deg sjølv. Du må òg klara å halda fast ved det du har lova når det er tungt. Då får du til det du vil, og god sjølvkjensle på kjøpet.

Vi har lenge vore opptatt av sjølvkjensle og lært at ein skal tenka positivt om seg sjølv og ha tru på eigne evner.

Tidleg på 1980-talet oppdaga Baumeister at det var andre trekk ved personlegdommen som var like viktige som sjølvkjensla. Han meiner at ei god sjølvkjensle ikkje fører deg ikkje noko stad – du berre sit der og veit at du er verdifull. Kva så?

Baumeister meiner at vi må sjå på god sjølvkjensle som eit resultat av og ei påskjøning for positive handlingar. Som for eksempel når du har gjort noko bra, har vore flink eller god mot andre. I tillegg må du utvikla evna til å utsetja påskjøningar. I alle fall viss det er noko du verkeleg vil. Det er dette som er viljestyrke.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame praktiserer yoga i lotus posisjon utendørs
Dame praktiserer yoga i lotus posisjon utendørs

Når du tappar batteria, får du mindre sjølvkontroll. Dette er ting som tappar batteria:

  • søvnmangel
  • stress
  • bekymringar
  • val og avgjersler
  • lågt blodsukker
  • smerter og sjukdom

Derfor hjelper det nokre gonger å «ta seg ein bolle».

Trist dame ligger oppgitt i sengen
Trist dame ligger oppgitt i sengen

Marshmallow-test med ny vri

Andre forskarar har i ettertid gjort om att eksperimentet til Mischel, men med ein liten vri.

Her fekk barna ei teikneoppgåve før sjølve marshmallow-testen. Dei fekk nokre få brukte fargestifter då dei starta. Men viss dei venta litt, så skulle dei få fine, nye tusjar.

Deretter blei dei delte inn i to grupper. Den eine gruppa fekk nye tusjar etter ei stund, den andre gruppa fekk melding om at det ikkje var fleire tusjar att.

Tilliten til barna blei altså svekt før denne marshmallow-testen. I den første marshmallow-testen klarte barna å venta på påskjøninga i 6 minutt i gjennomsnitt. Men barna som blei skuffa i den andre testen, klarte berre 3 minutt.

Det motsette skjedde med dei som hadde blitt lova nye tusjar og som fekk det. Dei klarte faktisk å venta på den andre marshmallowen i heile 12 minutt før dei gav opp. Dette viser at viljestyrken blir påverka av erfaringane og forventningane dine.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av fargerike fargestifter
Nærbilde av fargerike fargestifter

Kjelder:

  • Kroppen 4 (07.07.2020)
    Orage Forlag AS
  • Dr. Denise Cummins (07.07.2020):
    Good Thinking: Seven powerful Ideas That influence the way We Think
  • Roy F. Baumeister og John Tierney (07.07.2020):
    Viljestyrke, selvkontroll som nøkkel til suksess
  • Walter Mischel (07.07.2020):
    The Marshmallow Test: Mastering Self-Control

Bilet- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images
      4. Getty Images
      5. Getty Images
      6. Getty Images
      7. Getty Images
      8. Getty Images
      9. Getty Images
      10. Getty Images
      11. Getty Images
      12. Getty Images
      13. Getty Images