Viljestyrke

Drøymer du om noko som er vanskeleg å få til? Har du hatt same nyttårsforsett i fleire år? Nokre gonger slit vi med å få til det vi vil. Då må vi trena opp viljestyrken. Her kan du læra deg korleis.

To personer som trener på et treningssenter

Kva er viljestyrke?

Viljestyrke er energien bak sjølvkontroll. Du set deg eit mål og lagar ein plan. Viljestyrken gjer at du følgjer denne planen utan å avbryta. Alt som er kjedeleg, vanskeleg og tar lang tid, krev viljestyrke.

Nokre må bruka viljestyrke for å stå opp, kle på seg og komma seg på skulen. Andre får det til utan å tenka over det.

Nokre må bruka masse viljestyrke for å byrja med leksene etter skulen. Og nokre har brukt opp viljestyrken i løpet av skuledagen og vil berre ligga på sofaen resten av dagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente og gutt som mediterer i en park

Nøkkelen til vellykka liv?

Forskarar meiner at dei som har mykje viljestyrke, ofte klarer seg best på skulen. Dei får også jobbar med betre løn, betre helse og lykkelegare ekteskap når dei blir vaksne.

Det er viktig å vita at sjølvkontroll og viljestyrke ikkje er noko vi er fødde med. Det er noko du kan trena på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fokus bilde av en svett kvinne på treningssenter

Marshmallow-testen

For ca. 60 år sidan leia psykologen Walter Mischel ein såkalla marshmallow-test. Forskarane ville undersøka om barn kunne bruka viljestyrke, og om dei kunne vera uthaldande for å spara glede og påskjøning til seinare.

Rundt 600 barn mellom fire og seks år deltok i testen. Dei blei sette aleine i eit rom der dei fekk to val. Dei kunne få éin marshmallow med ein gong. Eller dei kunne venta til forskaren kom tilbake. Då skulle dei få to. Viss dei ikkje orka å venta lenger, så kunne dei berre ringa i ei bjølle. Men då fekk dei berre den eine marshmallowen.

Barna blei følgde heilt til dei blei vaksne. Dei som hadde orka å venta på to marshmallows, gjorde det betre på skulen. Dei hadde òg betre helse som vaksne. Dei levde i gode ekteskap, og færre blei skilde. Resultata var ikkje påverka av intelligens eller sosial klasse.

Konklusjonen, eller resultatet, blei derfor: Viss du kan utsetja ei påskjøning som barn, klarer du vanskelege situasjonar betre òg seinare i livet. Marshmallow-testen er i dag ikonisk innan sosialpsykologien og har blitt brukt fleire gonger.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Marshmallows med forskjellige farger

Viljestyrken – den viktigaste muskelen din

Psykologiprofessor Roy Baumeister har studert viljestyrke i tre tiår. Han omtalar viljestyrke som ein muskel du må trena opp. Og akkurat som andre musklar blir han sliten når du har brukt han mykje.

Etter ein lang dag på skulen orkar du kanskje ikkje vera den som dekker bordet til middag. Kan det henda du svarer irritert eller blir litt slem? Dei fleste kjenner seg att i dette. Viljestyrken har blitt brukt opp på skulen. Det er ikkje noko igjen til familien din. Det er vondt for både dei og deg sjølv.

Viss du har brukt opp viljestyrken på skulen, er sofaen vanskeleg å stå imot. Kanskje blir du liggande der, sjølv om du eigentleg skulle på trening.

Korleis kan du trena opp viljestyrken? Du kan læra korleis du fordelar den viljestyrken du har. I tillegg kan du læra korleis du får meir av han.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame som holder ut to hender, den ene hånden med et eple og den andre med en donut

Ikkje tenk på ein isbjørn

Eit av eksperimenta til Baumeister gjekk ut på å kontrollera tankar og kjensler. Han ville sjå korleis dette påverkar viljestyrken.

Alle har ein «styggen på ryggen» av og til. «Styggen på ryggen» er det vi kallar den fiktive figuren som sit på skuldra og fortel oss alt det vi ikkje får til.

Også dei som klarer alt og orkar alt, har det slik. Men dei gjer det dei skal likevel.

Kunsten er å ikkje lytta til stemma til «styggen på ryggen». Men ofte når du prøver å dytta bort slike tankar, blir det verre. I tillegg bruker du masse viljestyrke.

Her kan du prøva sjølv:
Finn fram klokka. Set ho på nedteljing i eitt minutt. Prøv å ikkje tenka på ein isbjørn i eitt heilt minutt. Lykke til!

Sannsynlegvis tenkte du meir på isbjørn enn du har gjort nokon gong. Så korleis kan vi styra tankane våre?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Isbjørn i Spitsbergen på Svalbard

Ta kontrollen

Baumeister seier at vi ikkje skal prøva å dytta bort tankar som kjem. Vi skal byta dei ut med noko anna. Viss isbjørnen dukkar opp, skal du sjå for deg at han er brun. Kvar gong du tenker på ein deilig sjokolade, skal du byta han ut med ei god frukt. Og viss du tenker at du ikkje orkar å springa lenger, skal du sjå deg sjølv springa over målstreken.

Du kan planlegga dette på førehand. Du veit sikkert kva negative tankar du plar ha. Førebu deg og styrer tankane dit du vil!

I Baumeisters  eksperiment skulle deltakarane òg la vera å tenka på ein isbjørn. Å styra tankane slik krev ein god del sjølvkontroll.

Etter denne oppgåva fekk deltakarane beskjed om å ikkje drikka for mykje øl i ein ølsmaketest. Ei anna gruppe byrja på testen utan å ha gjort isbjørnoppgåva først. Dei som hadde brukt viljestyrken i isbjørnoppgåva var slitne. Dei drakk meir øl enn den andre gruppa.

I eit anna eksperiment skulle ei gruppe sjå på eit trist naturprogram. Nokre blei bedne om å halda igjen kjenslene, mens andre fekk la tårene fløyma. Gruppa som måtte halda igjen, gjorde det dårleg i ein styrketest rett etterpå. Dei som kunne la kjenslene strøyma, derimot, gjorde det betre.

I ein tredje test fekk ei gruppe kvinner sjå på eit naturprogram. Nokre av dei hadde ei godteriskål ved sida av seg. Dei andre hadde skåla på den andre sida av rommet. Rett etterpå skulle dei legga eit umogleg puslespel. Dei som hadde site nærast godteriet, gav opp tidlegare enn dei som hadde site langt unna.

Dei hadde altså brukt så mykje viljestyrke på å motstå godteriet at dei hadde mindre viljestyrke å bruka på puslespelet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En hånd som holder en fjernkontroll til et TV

Sit det berre i hovudet?

Baumeister trur viljestyrken blir styrt av meir enn berre tankar. Han viser til forsking som seier at viljestyrken bruker opp blodsukkeret, yndlingsmaten til hjernen.

Andre forskarar meiner at viljestyrken er avhengig av kva ein trur på. Viss folk verkeleg trur at vanskelege oppgåver gjer dei sterkare, så får dei òg betre viljestyrke.

Samtidig veit vi at det er vanskeleg å halda  på viljestyrken når vi blir stressa. Viss du har mykje å gjera eller er bekymra, så er det lett å falla for freistingar. Det er fordi du har lært kroppen din korleis han skal takla stress. Dette sit i blodårene, ikkje berre i hovudet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en kvinne utendørs

Ta ein bolle

Når vi er stressa, produserer kroppen hormona adrenalin og kortisol. Du får meir krefter, men du kan også få eit kraftig søtsug. Søtsaker inneheld nemleg karbohydrat. Desse hjelper kroppen med å senka kortisolnivået. Derfor hjelper det faktisk «å ta ein bolle», slik ein plar seia til folk som stressar. Alkohol senkar òg kortisolnivået. Men alkohol er sjølvsagt ein endå dårlegare vane enn bollen eller sjokoladen.

Kvar gong du møter stress med desse midla, lærer du kroppen kva «du må ha» neste gong du er stressa.

Forretningskvinne spiser en kanelsnurr

Kunnskap gir makt

Du kan læra opp kroppen din på nytt. Det finst fleire sunne måtar du kan dempa stress på. Du kan for eksempel auka mengda oksytocin i kroppen. Oksytocin blir ofte kalla kjærleikshormonet. Dette får du meir av gjennom ein god prat eller ein varm klem. Det kan til og med hjelpa å kosa med ein hund.

Alt som dempar flykt eller kjemp-responsen i kroppen, kan hjelpa. Du kan òg prøva yoga, ein løpetur eller ein god latter.

Neste gong du stressar eller gruar deg til noko, kan du løysa det på anna vis. Etter kvart vil kroppen forstå at han treng ein løpetur og ikkje godteskåla.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et fotball lag med jenter feirer seier

Sjølvkjensle eller sjølvkontroll?

Baumeister meiner vi bør fokusera mindre på sjølvkjensla og meir på sjølvkontroll. Du får ikkje til ting berre ved å tenka positivt om deg sjølv. Du må òg orka å halda fast ved det du har lova, når det er tungt. Då får du til det du vil, og god sjølvkjensle på kjøpet.

Vi har lenge vore opptatt av sjølvkjensle og lært at ein skal tenka positivt om seg sjølv og ha tru på eigne evner.

Baumeister meiner at vi må sjå på god sjølvkjensle som eit resultat av og ei påskjøning for positive handlingar. Som for eksempel når du har gjort noko bra eller har vore flink eller god mot andre.

I tillegg må du utvikla evna til å utsetja påskjøningar. I alle fall viss det er noko du verkeleg vil. Det er dette som er viljestyrke.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame praktiserer yoga i lotus posisjon utendørs

Når du er sliten, får du mindre sjølvkontroll. Dette påverkar sjølvkontrollen din:

  • søvnmangel
  • stress
  • bekymringar
  • val og avgjersler
  • lågt blodsukker
  • smerter og sjukdom

Derfor hjelper det nokre gonger å «ta seg ein bolle».

Trist dame ligger oppgitt i sengen

Marshmallow-test med ny vri

Andre forskarar har seinare kopiert eksperimentet til Mischel, men med ei lita endring.

Barna fekk ei teikneoppgåve før sjølve marshmallow-testen. Dei fekk nokre få, brukte fargestifter då dei starta. Men viss dei venta litt, så skulle dei få fine, nye tusjar.

Så blei dei delte inn i to grupper. Den eine gruppa fekk nye tusjar etter ei stund. Den andre gruppa fekk melding om at det ikkje var fleire tusjar att!

Barna i den andre gruppa kunne altså ikkje stola på at dei fekk påskjøninga. Tilliten deira var svekt før marshmallow-testen.

I den første marshmallow-testen klarte barna å venta på påskjøninga i 6 minutt i gjennomsnitt. Men barna som blei skuffa over tusjane, klarte berre 3 minutt.

Det motsette skjedde med dei som faktisk fekk nye tusjar. Dei klarte å venta på den andre marshmallowen i heile 12 minutt! Dette viser at viljestyrken blir påverka av erfaringane og forventningane dine.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av fargerike fargestifter

Kjelder:

  • Kroppen 4 (07.07.2020)
    Orage Forlag AS
  • Dr. Denise Cummins (07.07.2020):
    Good Thinking: Seven powerful Ideas That influence the way We Think
  • Roy F. Baumeister og John Tierney (07.07.2020):
    Viljestyrke, selvkontroll som nøkkel til suksess
  • Walter Mischel (07.07.2020):
    The Marshmallow Test: Mastering Self-Control

Bilet- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images
      4. Getty Images
      5. Getty Images
      6. Getty Images
      7. Getty Images
      8. Getty Images
      9. Getty Images
      10. Getty Images
      11. Getty Images
      12. Getty Images
      13. Getty Images