Vulkanar

Vulkanar og supervulkanar! Lær meir om spektakulære utbrot og veldige naturkrefter.

Accessibility icon Vulkanar

Vulkanar

Ein vulkan er når smelta stein og gass kjem til overflata gjennom ei opning i jordskorpa. Vi kallar denne steinmassen magma når han er inne i vulkanen, og lava når han kjem opp til overflata.

Ulike typar

Det finst mange slags vulkanar. Dei har forskjellige eigenskapar og oppfører seg på forskjellige måtar. Oppførselen og utbrota deira er avhengig av plassering og av korleis magmaen er sett saman.
I dag har vi 1300–1500 vulkanar på jorda, i tillegg til ei mengd undersjøiske vulkanar.

Fugleperspektiv av Fuji fjellet med byen foran
Fugleperspektiv av Fuji fjellet med byen foran

Nedteljing til eit utbrot

3. Magmaen stig
Magma blir til når steinmassane djupt inni jorda blir flytande og pressar mot den harde jordskorpa.

2. Trykket byggjer seg opp
Etter kvart som mengda magma aukar, aukar trykket òg. Sakte oppstår det sprekkar i jordskorpa.
Magmakammer kan vekse i titusenvis av år fordi dei er omgitt av mjuk stein.

1. Magmakammeret sprekk
Etter kvart som trykket blir stort nok, vil den gassfylte magmaen, som har vore under eit veldig trykk, bryte opp gjennom bakken som lava.
Ofte så liknar dette ein eksplosjon fordi store mengder gass plutseleg blir sleppte ut når lavaen når overflata.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vulkanutbrudd illustrert
Vulkanutbrudd illustrert

Slik fungerer ein vulkan

Her kan du sjå korleis ein vulkan fungerer, gjennom eit forsøk.

Eyafjallajökull

Våren 2010 hadde ein av dei største vulkanane på Island, Eyafjallajökull, utbrot etter å ha sove i nesten to hundre år. Oskeskyene som oppstod etter utbrotet, skapte enorme flyplassproblem.

Oskefast

Etter utbrotet på Island oppstod uttrykket «oskefast». Ordet blir brukt likt som ordet «vêrfast». Når du er «vêrfast», kan du ikkje flytte deg frå der du er på grunn av dårlege vêrtilhøve. Ordet «oskefast» dukka opp etter denne naturkatastrofen på Island. Katastrofen førte nemleg til at mange ikkje kunne reise dit dei ville, og til at store delar av flya i Europa ikkje kunne lette.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eyjafjallajokull vulkanen 2010
Eyjafjallajokull vulkanen 2010

Føreseie vulkanutbrot? 

Nokre gonger kan ein ane at vulkanutbrot er i gang. Men ein kjenner også til utbrot av damp, oske og stein som har komme utan nokre signal på førehand.

Faresignal

Faresignala før eit utbrot kan vere at gassane som siv ut av jordskorpa, endrar seg og det oppstår fleire små jordskjelv.
Forskarane måler jordskjelv med seismometer. Eit seismometer er eit måleinstrument som registrerer ristingar i jordskorpa.

Seismometer
Seismometer

Kilauea 

Vulkanen Kilauea på Hawaii er ein aktiv vulkan. Faktisk har vulkanen hatt eitt langt utbrot sidan 1983. Eit typisk vulkanutbrot på Hawaii består nemleg av rennande lava, ikkje store oskeskyer.
Likevel har utbrotet øydelagt mykje for menneska og miljøet rundt vulkanen.

Kīlauea pele vulkanen
Kīlauea pele vulkanen

Store øydeleggingar 

Følgjene av eit vulkanutbrot kan vere store. Vi kjenner til at vulkanar har øydelagt heile byar og samfunn.
Når utbrotet skjer, så er det som oftast ikkje den sakte rennande lavaen som øydelegg, men oske, giftige gassar og partiklar som blir pumpa ut av vulkanen.

Krakatau Vulkanens utbrudd, November 2011
Krakatau Vulkanens utbrudd, November 2011

Pompeii

24. august 79 e.Kr. hadde vulkanen Vesuv utbrot. Oske frå vulkanen gravla den romerske byen Pompeii, slik at byen forsvann frå jordoverflata.

“Arkeologar” jobbar framleis med å grave fram byen. Da lærer vi mykje om korleis det såg ut på denne tida.
Det budde 10 000–20  000 menneske i Pompeii då utbrotet kom. Ein reknar med at alle mista livet.
I dag står Pompeii på verdsarvlista til UNESCO. Det er ei liste med stader eller bygningar med høg verdi for oss menneske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pompeii, Italia
Pompeii, Italia

Supervulkanar

Ein supervulkan er ein vulkan som er større og meir øydeleggjande enn ein vanleg vulkan.
Akkurat som alle andre vulkanar oppstår supervulkanar når smelta stein trengjer gjennom jordoverflata. Nokre forskarar meiner at supervulkanane er «supre» fordi dei har enorme holrom som kan romme opptil 15  000 kubikkilometer med magma, og dermed veks seg større og større over tusenvis av år.

Lava
Lava

Putrande supervulkan

Under Yellowstone nasjonalpark i USA putrar ein aktiv supervulkan, Enorme mengder magma, som nokre stader ikkje ligg meir enn åtte kilometer under jordskorpa, gir energi til dei 10  000 krystallfarga varme kjeldene, gurglande gjørmehòla, kvesande dampstrålane og berømte geysirane i parken.

Geysir Yellowstone National Park, Wyoming, USA.
Geysir Yellowstone National Park, Wyoming, USA.

Naturkatastrofe 

Dersom ein supervulkan får eit utbrot i dag, vil det få katastrofale følgjer. Skyer av smelta stein og oske vil flytte seg fortare enn bilane på motorvegen, spreie seg tusenvis av kilometer, og stengje sola ute. Berre nokre få centimeter med oske kan gjere det umogleg å drive jordbruk.

Ifølgje forskarane er det ikkje noko som tyder på at det kjem eit slikt superutbrot med det første, men ein eller annan gong vil jorda mest sannsynleg stå overfor eit slikt utbrot.
Trass i at supervulkanar er mykje undersøkte og forska på, så er dei framleis eit mysterium for oss sidan det er så sjeldan vi ser eit superutbrot. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Åker ødelagt av vulkan aske
Åker ødelagt av vulkan aske

Kjelder: