Vulkanar

Ein vulkan er når smelta stein og gass kjem til overflata gjennom ei opning i jordskorpa. Vi kallar denne steinmassen magma når han er inne i vulkanen, og lava når han kjem til overflata.

Ulike typar 

Det finst mange slags vulkanar, med ulike eigenskapar og åtferd. Åtferda og utbrota deira er avhengig av faktorar som plassering (i høve til rørslene i jordskorpa) og av korleis magmaen er sett saman. Derfor vil forskjellige vulkanar opptre ulikt, både i forhold til når utbrot kjem, og korleis utbrotet artar seg.
I dag har vi 1300–1500 vulkanar på jorda, i tillegg til ei mengd undersjøiske vulkanar.

Fugleperspektiv av Fuji fjellet med byen foran

Nedteljing til eit utbrot

3. Magmaen stig
Magma blir til når steinmassane djupt inni jorda blir flytande og pressar mot den kompakte jordskorpa.

2. Trykket byggjer seg opp
Etter kvart som magmanivået i eit kammer stig, aukar trykket og holrommet utvidar seg. Det tek til å bli danna sprekkar i taket i kammeret.
Magmakammer kan vekse i titusenvis av år fordi dei er omgitt av fleksibel, mjuk stein.

1. Magmakammeret sprekk
Etter kvart som trykket blir stort nok, vil den gassfylte magmaen, som har vore under eit veldig trykk, bryte opp gjennom bakken som lava.
Ofte så liknar dette ein eksplosjon fordi store mengder gass brått blir sett fri når lavaen når overflata og trykket fell.

Down arrow

1 / 3

Down arrow
Vulkanutbrudd illustrert

Eyafjallajökull

Våren 2010 hadde ein av dei største vulkanane på Island, Eyafjallajökull, utbrot etter å ha sove i nesten to hundre år. Oskeskyene som oppstod etter utbrotet, skapte enorme flyplassproblem. Trass i dei enorme konsekvensane, var utbrotet på Island lite samanlikna med dei totalt øydeleggjande kreftene til ein supervulkan.

Oskefast

Etter utbrotet på Island oppstod uttrykket «oskefast». Ordet er bygd på same prinsippet som «vêrfast», og har sitt opphav i denne naturkatastrofen på Island som hindra mange i å reise og sette store delar av Europas flypark på bakken.

Down arrow

1 / 2

Down arrow
Eyjafjallajokull vulkanen 2010

Føreseie vulkanutbrot? 

Nokre gonger kan ein føreseie vulkanutbrot, men det finst òg eksempel på utbrot av damp, oske og stein som har komme utan at det har vore signal i førehand.

Faresignal

Faresignala før eit utbrot kan vere at gassane som siv ut av jordskorpa, endrar seg og det oppstår fleire små jordskjelv.
Forskarane analyserer jordskjelva ved å måle vibrasjonar i jordskorpa med seismometer. Eit seismometer er eit måleinstrument som registrerer bølgjer frå jordskjelv eller andre ristingar.

Seismometer

Kilauea

Vulkanen Kilauea på Hawaii er ein aktiv vulkan. Faktisk har vulkanen hatt eitt langt, kontinuerleg utbrot sidan 1983. Eit typisk vulkanutbrot på Hawaii består nemleg av rennande lava, ikkje enorme oskeskyer.
Likevel har han ført til store materielle øydeleggingar og til tider tvinga fram evakuering av nærliggjande område.

Kīlauea pele vulkanen

Store øydeleggingar

Konsekvensane av eit vulkanutbrot kan vere store. Vi kjenner til at vulkanar har utrydda heile byar og samfunn.
Når utbrotet skjer, så er det som regel ikkje den sakte rennande lavaen som øydelegg, men oske, giftige gassar og pyroklastiske straumar – ei blanding av gassar og partiklar som blir pumpa ut av vulkanen.
Etter eit vulkanutbrot vil det veldig ofte komme eit jordskjelv, flaum, ras og store slamstraumar, som igjen kan skape flodbølgjer.

Krakatau Vulkanens utbrudd, November 2011

Konsekvensar

Alle desse tinga vil ha store konsekvensar både for menneske, bustad, dyr, avlingar og landbruk, og endring av landskap.

Montserrat før

Pompeii

24. august 79 e.Kr. hadde vulkanen Vesuv utbrot. Vulkanen gravla den romerske byen Pompeii i oskenedfall, og byen forsvann frå jordoverflata.

Det var oskenedfall som drukna byen og ikkje lava, så byen blei ikkje øydelagt. Byen kunne derfor gravast fram av arkeologar. Dette er eit arbeid som framleis held fram den dag i dag. Av dette arbeidet kan arkeologane gi oss eineståande innsikt i livet i Romarriket frå denne tida.
Det budde 10–20 000 menneske i Pompeii då utbrotet kom. Ein reknar med at alle mista livet. I dag står Pompeii på verdsarvlista til UNESCO.

Down arrow

1 / 2

Down arrow
Pompeii, Italia

Supervulkanar

Ein supervulkan er ein vulkan som har større og meir katastrofale konsekvensar enn ein ordinær vulkan.
Akkurat som alle andre vulkanar oppstår supervulkanar når smelta eller delvis smelta stein (kalla magma) trengjer gjennom jordoverflata. Nokre forskarar meiner at supervulkanane er «supre» fordi dei har enorme holrom som kan romme opptil 15 000 kubikkilometer med magma, og dermed veks seg større og større over tusenvis av år.

Lava

Putrande supervulkan

Under Yellowstone nasjonalpark i USA putrar ein aktiv supervulkan, Eit megakammer, som nokre stader ikkje ligg meir enn åtte kilometer under jordskorpa, gir energi til dei 10 000 krystallfarga varme kjeldene, gurglande gjørmehòla, kvesande dampstrålane og berømte geysirane i parken, som til dømes Old Faithful.

Geysir Yellowstone National Park, Wyoming, USA.

Konsekvensar av eit superutbrot

Dersom ein supervulkan får eit utbrot i dag, vil det få katastrofale konsekvensar. Skyer av smelta stein og oske vil flytte seg fortare enn bilane på motorvegen, spreie seg tusenvis av kilometer, og stengje sola ute. Berre nokre få centimeter med oske kan gjere det umogleg å drive jordbruk.

Ifølgje forskarane er det ikkje noko som tyder på at det kjem eit slikt superutbrot med det første, men før eller seinare vil jorda mest sannsynleg stå overfor ein slik naturkatastrofe. Trass i at desse vulkanane er undersøkte og forska på, så er dei framleis eit mysterium for oss sidan det er så sjeldan vi ser eit superutbrot.

Down arrow

1 / 2

Down arrow
Åker ødelagt av vulkan aske

Kilder:

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS 
  • Drømmereiser (2016, 2017)
    Orage Forlag AS 
  • Gundersen, Daniel:Fuji-san i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 21. august 2020: https://snl.no/Fuji-san
  • Thuesen, Nils Petter: Montserrat i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 21. august 2020 fra https://snl.no/Montserrat
  • Spjeldnæs, Nils; Bryhni, Inge: vulkan i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 21. august 2020 fra http://snl.no/vulkan
  • Språkrådet
Down arrow

1 / 2

Down arrow